Framlegg til løyper Sekse – Øvre Børve

 

Kartutsnitt Sekse-Børve

 

 

Sekse-Børve (83)

Turen mellom Sekse (Trappetun) og svingen i bygdavegen på Børve er er ca. 2,7 km lang. Det er litt opp og ned, men høgdeskilnaden mellom start og sluttpunkt er berre omlag 175m.

Dette er derfor ei realistisk joggeløype for mange. Løypa går hovudsakleg langs traktorvegar, men også langs hestaveg og over beite. Føykbrua fører ein trygt over Storelva.

Horpegrov-Børve (82)

Tur 83 kan med fordel kombinerast med tur 82. Ved Horpegrov tek ein opp bakkane og følgjer stien opp til tuna på Øvre Børve. Her er det bra stigning, så dei fleste må nok gå. Frå tuna på Øvre Børve følgjer ein bygdavegen ned att til svingen ved spor 83.

 

 

Bru over Storelvi
Føykbrua