Fresvik-Skjeldvik

Kartutsnitt Skjeldvik-FresvikDenne turen går på utsida av Fresviktunnelen, på gamlevegen. Lettast er det truleg å parkera i Fresvik og gå sørover. Vegen er stengt med bom, så han er stort sett utan trafikk.

I periodar med teleløysing eller store nedbørsmengder må ein vera forsiktig då det er fare for steinsprang langs traseen, særleg i partiet mellom Fresvik og Moshammarneset.

Avstanden Fresvik-Skjeldvik langs gamlevegen er 2,5km kvar veg, 5km totalt.

Ved Moshammarneset er det montert ei informasjonstavle med kart og Indre Austsio Grannalag har sett ut ein kvilebenk.

Dette er eit flott mål for småbarnsfamilien. Den gamle asfalterte vegen eignar seg godt til barnevogntrilling, sykling og andre hjulbaserte aktivitetar.

Langs strekkja har ein god utsikt over fjorden og trafikken der. Den fugleinteresserte kan også finna mykje spanande.

 

DSC_5159_1

DSC_5158_1
Lauvfall