Framlegg til løyper Segelgjerd-Espe

Kartutsnitt Segelgjerd-Espe

Skogsvegen Segelgjerd – Espeelva (52): Startar som tur 51 frå Segelgjerd og oppover skogsvegen. I staden for å ta opp mot Våga fortset ein langs traktorvegen som ein kan følgja heilt til Espe-elva. Frå Velteplassen er terrenget lett og om lag 2,2 km fram til Espe-elva. Tur/retur blir dette 4,4 km som eignar seg godt som joggeløype.

Segelgjerd skogsveg – Hovlandselva (53): Dette ein avstikkar som godt kan kombinerast med jogging langs tur 52. Frå svingen i skogsvegen før Velteplassen tek ein opp og følgjer traktorvegen mot Hovlandselva. Terrenget er relativt lett og turen er om lag 1 km kvar veg. Mot slutten går traktorvegen over til å bli sti før ein kjem fram på kanten over Hovlandselva og får flott utsikt over Hovland og fjorden utover.