Høgd | Stigning | Distanse | Gradering | Poeng Liatraven |
690m | 690m | 2,9km | Krevjande | – |
Første gangen ein tek denne turen er det ein stor fordel å bruka ein GPS eller smart-telefon lasta opp med GPX sporet som ein finn her. Enno betre er det sjølvsagt å ha med kjentfolk.
Turen startar nede ved rv13. Følg bilvegen, så vidare på traktorvegen. Det er ikkje skilta og fleire stiar å velja mellom.
Oppe ved Åsen kjem ein til huset vist nedanfor. Gå rundt og sving rett opp i skogen på baksida.
Etter dette går ein på sti. Det er stundom mykje skog og ikkje alltid lika lett å finna fram, men stien følgjer ryggjen mot Espe.
Turen går i eit uventa dramatisk terreng og gjev flott utsyn mot Espe og nordover i Sørfjorden. Det går ein alternativ veg frå Espe til Fresvikstølen som ikkje har GPX-spor.
På Fresvikstølen har husa falle ned for mange år sidan, men ein ser enno restane av husa.