Føyk dekkar kostnader med symjing, skytetrening og klatring.
Påmelding:
Føyk dekkar kostnader med symjing, skytetrening og klatring.
Påmelding:
Sommaren er no over og me har lyst å starta opp att dugnadsarbeidet med bryggjo vår. Jon Arne Sekse og Erling Børve har skrudd saman stokkane. Me har no litt meir skruarbeid før me startar med meir avstiving av kaien. Til slutt skal me leggja golvbjelkar og tredekke av impregnert plank på heile bryggja. Det skal verta ein flott samlingsplass for både unge og gamle.
Bryggja vert på ca 100 m2. Det hadde vore flott visst ein eller to snikkararar kunne ha ført vidare arbeidet med hjelp av oss » vanlige » folk. Håpet vårt er å få ferdig dette arbeidet før vinteren. Ta kontakt med Øyvind Andersen eller Bjørn Terje Svoldal når det gjeld dugnad.
Om 2 til 3 veker vonar me og å sjå det fyrste slepet av bølgebrytarar som kjem sjøvegen frå Tysnes. Det vert krona på verket av det som skal verta den flotte båthavna vår. Bølgebrytarane vert ferdig montert av leverandør. Men sjølve utliggjarane skal setjast saman og monterast til bølgebrytarane på dugnad.
Me har no selt 34 plassar og har endå plass til 6 båtar. Fyrste utbyggingstrinn er planlagt til å kunna ta 40 plassar. Totalt har me løyve til inntil 50 plassar, og me kan utvida til det visst interessa er stor nok.
Gateljos og fiber ?
Ullensvang Herad har sendt ut informasjon om gateljos langs Seksevegen til berørte grunneigarar. Det skulle bestå av tremaster og luftspenn. Dette med luftspenn er ein nedtur midt oppi gleda over at skulevegen og turvegen vår etter lang tids kamp skulle få ljos. Mesta Elektro er entreprenøren som skal stå for arbeidet. Dette er ein gammal veg og ikkje så enkel når det gjeld oppføring av ljosmaster. Fylkesvegen eig alt frå ca 2 m og ned til 0,5 meter utanfor vegbanen.
Fredag 24. August var det synfaring angåande gateljos langs Seksevegen. Blant dei som deltok var; Mesta, Statens Vegvesen,Hardanger Energi,Ullensvang Herad og Kinsarvik Breidband.
Ein vurderer no innspel frå grunneigarane og eit modifisert utspel er no på banen. Ein del av strekningen vert no vurdert lagt i grøft. Kinsarvik Breidband og Hardanger Energi kan vera villig til å bidra med det i tillegg til dei 2 millionane som er gitt av Hordaland Fylke.
At det no og kan verta lagt fiber i same traseen er veldig positivt for innbyggjarane langs Seksevegen !
Mesta skal i løpet av komande veke gje inn ny pris for å få ned prisen i forhold til deira opprinnenlege tilbod.
Ullensvang Herad bør og bidra med det som eventuelt manglar av midlar for å få til ei betre løysing.
Leiar IAG
Bli med og ta idrettsmerket måndag 11. juni klokka 20.00.
For alle som er over 16 år.
Nokre har allereie klart kravet på både hopp og kast. No står 60 meter og 3000 meter for tur. Det er mogleg å sykle eller gå som alternativ.
Dei som ikkje har tatt krava på hopp og kast kan få ta dette samtidig.
Bli med! 🙂
Spørsmål? Kontakt Oda Gjerde Tyssebotn, 468 89 713
Me vonar flest mogeleg i krinsen vår, og utenbygds med tilknyting til Indre Austsio, har lyst å støtta arbeidet vårt.
Det som no skjer i vår nye båthamn/bygdepark i Grannabryggjo er eit resultat av det IAG har fått i stand ved ein stor dugnadsinnsats, medlemspengar, grasrotmidlar etc. Reguleringsplanen for båthavna er i sin heilheit utført og betalt av IAG. Det har me all grunn til å vera stolte av. Ein reguleringsplan av dette format, utført med eksterne krefter, ville hatt ei kostnadsramme på mellom 400 000 og 500 000 kroner.
Nettsida vår, som er vorte ein felles kanal for fleire lag og organisasjonar, er og betalt, utvikla og drifta av IAG.
Den nye samlingsplassen som no er under bygging, er eit samarbeidsprosjekt mellom vårt lokale idrettslag Føyk og IAG. Kvar av desse laga har gitt kr 70 000 for å få prosjektet i gang. No sit me att med ein heller slunken kasse og me treng meir pengar for å få dette ambisiøse prosjektet i havn. Men det viktigaste av alt er den dugnadsånda som er vist av folk i bygdene våre. Dette viser sterkt samhold og vilje til å utvikla vår eige framtid. Og dette har me klart uten kommunale midlar !! Ikkje alle som får det til
Visst du vil støtta oss er medlemsprisen i IAG kr 100 pr. familie. All støtte er kjærkome og kan betalast inn på konto nr. 3530.27.67864. Eller vipps til IAG sekse.# 519186. Pengane går i sin heilheit til bygdeutvikling. IAG er og godkjent Grasrotmottakar i Norsk Tipping. Så visst du ikkje har knytt tippekortet ditt til eit anna lag så er me glade for alle bidrag. 5 % av tippeinnsatsen din går til IAG.
På førehand takk
Helsing IAG
Joar Førde skal halda 17. mai-talen på Sekse i år.
Her er programmet:
Og her eit par glimt frå 17. mai for to år sidan:
Alle hjarteleg velkomne!
Gladmelding til alle i Indre Austsio. No kan dei som har kjøpt båtplass i Grannabryggjo starta båtpussen eller gå til innkjøp av båt ! Og dei som ikkje har kjøpt plass kan ringja Terje Mala (sjå bilete) for meir info. Det er fortsatt ledige plassar.
Komplett brygge er no bestilt frå Marinegruppen på Tysnes. Det er ei beregna leveringstid på 2-3 månader. Det vert nok juli/august før alt er klart.Sjølve bølgebrytaren kjem sjøvegen frå Tysnes. Seljaren vil stå for montering og forankring . Bølgebrytaren er støpt i betong 3,30 m brei. Lengden vert 112 m . I tillegg kjem ein arm på 40 m som er vinkla 90 grader mot land. Dette vert eit nytt landemerke. Ei mektig og vindbeskytta havn . Samstundes er det under bygging ein ny bygdepark. Ein må berre beundra alle dei som har funne vegen hit og delteke i ein storstilt dugnad.
ESPE SKYTTARLAG
ØVING/OPPSKYTING 2018:
Onsdag 23. Mai kl. 1800 – 2000
Onsdag 30. Mai kl. 1800 – 2000
Fredag 1. juni kl. 1800 – 2000
Onsdag 13. juni kl. 1800 – 2000
Onsdag 20. juni kl. 1800 – 2000
Onsdag 4. Juli kl. 1800 – 2000
Fredag 6. Juli kl. 1800 – 2000
Hugs jegeravgiftskort og skjema for øvingsskyting.
Ein kan ikkje pårekna fleire skytingar.
Ps Følg med på aktivitskalender på sida vår !!!
Ammunisjon vert å få kjøpt på banen.
Kontant betaling!!
Terje Mala.
link til oppskyting :
Torsdag ettermiddag samlast bortimot førti personar seg til dyst for å gjera fjøro rein for plast. Men dei fann mykje meir enn berreplast, og tok det med i same slengen.
Av Johannes H. Sekse
Det var IAG som tok initiativet til denne aksjonen. Dei kontakta Indre Hordaland Miljøverk (IHM), som registrert IAG på det elektroniske skjemaet for plastinnsamling.
Biletet av ryddedamene Ingunn Meland og Grethe L Børve er teke på Einarhaug. (Foto: Karl Arvid Andersen).
Dei sytte for rikeleg med «Hold Norge rent»- sekkar og hadde fått på plass kontainer.
I løpet av nokre ettermiddagstimar, vart fjøro – og deromking – frå Deildo til Skjeldås – finkjemma for bos. Det vil seia at det også vart fjerna uhumske frå mellom anna veggrøfta.
SFO hadde baka masse bollar og Ingrid Svoldal kom med kake. Alt i alt vart dette ein stor suksess. Ikkje minst når ein i tillegg tek med det sosiale aspektet.
IAG-leiar Karl Arvid Andersen er ikkje i tvil om at dette må verta ein årleg tradisjon. Han takkar alle som stilte opp.
SFO hadde baka fantastisk gode bollar, og lagt ved eit eige helsingskort. Ryddegeneralen er full av lovord.
Klar til dyst. Her vert ossamlarane fordelte på grupper. Foto: Karl Arvid Andersen.
Terje Mala var ein av dei mange som gav sitt for ei rein fjøre.
Det sosiale, godpraten og kaffiiskvetten etterpå, var og viktig. Innsamlingsbasen var ved Grannabryggjo, som utan tvil vil vert ein kjær og populær møtestad for folk i krinsen i framtida.
Kontaineren vart sikra med nett. Men det var slett ikkje plass til alt.