Arbeid i samband med RV13 og FV101 over Sekse.

IAG har hatt samtalar med Statens Vegvesen i lengre tid angåande diverse arbeid me ynskjer utført. Asfaltering av FV 101 i 2016 står på planen til vegvesenet. Me har i samband med det gitt beskjed om at ein fartsdump har mangla merking. Etter asfaltering vil no alle fartsdumpar verta merka på nytt.

Me har og bede om at det vert sett opp vegskilt merka Sekse på RV13 før innkøyring frå nord inn på FV101. Dette er me lova skal koma på plass.

Me har søkt vegvesenet om å få forlenga 60 km sonen frå der båthamne skal liggja og inn til starten av Seksestrekkjo. Dette har og vore eit ynskje frå bebuarane på Skutenes og verkstaden til Tord (Bjørn Svoldal), men me fekk nei i fyrste omgang. Dei vil koma attende til dette etter at båthamn er ferdig.

Me har og snakka med vegvesenet om å omgjera «rundkøyring» nedanfor Grannatun til oppmerka parkeringsareal. Dette vil i så fall koma Grannatun, badeplassen og Grannabryggjo til nytte. Det vil då kreva ein mindre reguleringsendring. IAG vil gjerne ha innspel frå folk om dei synest dette er ein sak me bør arbeida vidare med ?

Busslomme
Plassen nedanfor Grannatun som oppmerka og utvida parkeringsplass ?  Foto Karl Arvid Andersen