Ny salve i dag tidleg

Salva som gjekk litt før klokka ti i dag tidleg. Fotografert frå Aga. Foto: Johannes H. Sekse
Salva som gjekk litt før klokka ti i dag tidleg. Fotografert frå Aga. Foto: Johannes H. Sekse

I dag tidleg gjekk ein ny salve i «osten». Det vert arbeidd fleire stader langs anlegget. Me får tru at dei nyttar tida med stengd veg godt.

Store sår i landskapet, men vonleg vert det pynta på før anlegget er ferdig. Det er aktivitet fleire stader langs det 3 km lange anleggsområdet.
Store sår i landskapet, men vonleg vert det pynta på før anlegget er ferdig. Det er aktivitet fleire stader langs det 3 km lange anleggsområdet. Foto: Johannes H. Sekse.

I ettermiddag køyrde tre trailerar – dvs ein av dei var ein betongbil – seg «fast» på Lofthussida av anleggsområdet, og måtte rygga. Det gjekk svært tregt.

Etter det me forstår skjer det stadig at det kjem bilar, der sjåførane tydelegvis ikkje har fått med seg at vegen er stengd. Mellom anna var ein av sjåførane utlending. Informasjonen er berre på norsk.

Litt trøblete når tre store bilar kjem hit og forstår at vegen er heilt stengd. Privat foto.
Litt trøblete når tre store bilar kjem hit og forstår at vegen er heilt stengd.
Privat foto.

Det er ikkje noko problem når det gjeld småbilar, men trailersjåførar får meir problem når dei skal rygga fleire hundre meter før dei får snudd. Den eine av trailerane i dag, hadde svært store problem, etter det me får fortalt.

Pardoksalt nok er det ein fordel at vegen er stengd, samstundes som at det er det som er problemet.

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.