Semitrailer snudde på NedreBørve

Imponerande manøvrering, det skal dei ha. Men å lesa skilt er det visst verre med. Begge foto: Edel Kari E. Alpen
Imponerande manøvrering, det skal dei ha. Men å lesa skilt er det visst verre med. Begge foto: Edel Karin E. Alpen

Dagleg må trailerar rygga når dei kjem til stengd riksveg 13 ved Klokkargarden/Geithamren på Lofthus. Ein del av dei som kjem andre vegen, har derimot hamna på NedreBørve.

Av Johannes H. Sekse

No har Riksveg 13 vore stengd mellom Geithamren på Lofthus og vegdelet til ØvreBørve på sørsida, i vel ei veke. Nesten dagleg, og enkelte dagar fleire gonger for dagen, kjem det like fullt både store og små bilar køyrande.

Dei som kjem frå Lofthussida må rygga rundt ein kilometer før dei får snu. Ikkje alle er like gode til det, og ikkje alle er like skikka, skal me tru augne- og nasevitne. Ein utlending som balte lenge, lukta alkohol, vert det sagt.

Så langt, men ikkje lenger. Sauene på NedreBørve tek det heile med knusande ro.
Så langt, men ikkje lenger. Sauene på NedreBørve tek det heile med knusande ro.

På sørsida, kjem det og ein del trafikk, der sjåføren ikkje har fått med seg at vegen er stengd. Rett nok står det, noko misvisande, at han er stengd ved Hovland. Det rette er Børve – ved vegdelet opp til ØvreBørve. Altså 3-4 km lenger ute.

Eit par trailersjåførar har teke sjansen på at den komunale Børvevegen kan tena som omkøyring. På NedreBørve har det derimot vorte stopp. Dei som bur her oppe, kan fortelja om halsbrekkande snuoperasjonar med lange vogntog. Det skal til og med ha gått ut over murkantar og anna.

Ein utanlandsk sjåfør forklarde at han ikkje hadde råd til å ta ferja frå Utne til Kinsarvik.

Mange etterlyser no endå tydelegare skilting både i Odda og Kinsarvik.

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.