«Osten» slik han såg ut før den førre langstengjinga. No er det derimot i andre enden det skal sprengjast og sikrast. (Arkivfoto).
Frå 27. februar og fem veker fram, vil Rv13 atter verta heilt steng ved Deildo. Båtrute vert sett inn og ein vonar på fleire ferjeavgangar, som sist. Denne infoen fann me på heradet si heimeside.
Rv.13 forbi Deildo i Hardanger må stengast i fem veker. Nok eit høgt fjellparti skal sprengjast ned i samband med rassikringsarbeidet på strekninga.
-Av omsyn til tryggleiken for vegfarande og anleggsarbeidarane er det naudsynt å stengje rv.13 forbi Deildo i fem veker i mars, veke 9-13, fortel byggjeleiar Terje Nesse. Tysdag 24. januar inviterer Statens vegvesen til informasjonsmøte om vegstenginga. Møtet vert halde i Sekse Barnehage klokka 18.
Same veg var også stengd mot slutten av 2016, då ein sprengde ned fjellpartiet kalla for «Osten». Denne gong er det eit parti like sør om Geithamrane som skal takast ned.
-Skjæringa er om lag 30 meter høg på det høgaste. Vi veit ikkje omfanget av sikringsarbeida som må utførast før trafikken kan passera forbi staden. Sikringsarbeida må utførast frå vegbana, noko som gjer det umogleg å ha trafikk forbi staden, opplyser Nesse.
Som sist vert det sett inn hurtigbåt mellom Lofthus og Børve i den tida vegen er stengd. Rutetabellen vert truleg den same. Statens vegvesen arbeider også med å få sett inn fleire avgangar i ferjesambandet Kinsarvik-Utne i same periode.
Når vegen likevel er stengd vil entreprenøren nytte høvet til å få unna anna arbeid som er vanskeleg å få til medan det er trafikk på vegen.
Kontaktpersoner:
Terje Dagestad
Prosjektleiar
Terje.dagestad@vegvesen.no
46836315
eller
Terje Nesse
Byggjeleiar
terje.nesse@vegvesen.no
90470780