Steinblokker store som hus

Største utfordringa. Oppi her er det slepper, store som hus, og vegvesenet er redd for at heile vegbana rasar ut når ein skal sprengja seg ned 35 meter. Når stengjeperioden er over rundt 1. april, skal vegen atter vera køyrande, sjølv om noverande veg forsvinn.
Største utfordringa. Oppi her er det slepper, store som hus, og vegvesenet er redd for at heile vegbana rasar ut når ein skal sprengja seg ned 35 meter. Når stengjeperioden er over rundt 1. april, skal vegen atter vera køyrande, sjølv om noverande veg forsvinn.

Steinblokker så store som hus – 20-30 meter rett over vegbana –  som på si side har svært dårleg fundament. Det er hovudgrunnen til at riksveg 13 vert stengd i fem nye veker frå 27. februar.

Av Johannes H. Sekse

Truleg er det ein del resignasjon som gjorde at det var ein del færre som møtte for å få informasjon om rassikringsprosjektet Deildo på Sekse tysdag, enn sist. Men temperaturen var langt høgare.

Dagleg leiar i entreprenørfirmaet Contexo, Knut Brusletto, var ein av dei som forklarte bakgrunnen for at ein ikkje kjem forbi ei ny lang stengjing. For å ta ned det 35 meter høge partiet ute mot Geithamrane, må ein dela det opp i tre omganar. Og ein har ikkje garanti for at vegen vert ståande, eller om han ryk med.

For å vera sikre på at ein har køyrande veg etter nedsprengjinga, treng ein fem veker.

Inge Haustveit - HMS-ansvarleg.
Inge Haustveit – HMS-ansvarleg.

Tryggleiken kjem framfor alt anna – både for dei som arbeider der, og trafikkantane, understreka mellom andre Inge Haustveit, som er regionalrådgjevar for HMS og Bergsprenging for heile Vestlandet.

Sølv om fjellgrunnen har litt ulik samansetjing i sør og i nord i det tre km lange anleggsområdet, har det ein ting til felles. Det er uvanleg utfordrande. Bak den berykta Osten, viste det seg at fjellet var endå verre. Til vanleg kjem ein til betre fjell til lenger inn ein kjem.  Her er det omvendt.

Overraska geolog - Harald Hauso
Overraska geolog – Harald Hauso

Kor langt ein må inn før det vert betre fjell, visste knapt «Gudane», sa geolog Harald  Hauso, som kalla Osten for sukkerbitfjell med mykje slepper. Her er sprekker både med fall innover, og som lagar overheng og ut mot fjorden, og slepper som hallar innover med fare for utgliding.

«Me visste det var dårleg, men. Ja! Eg er overraska, sa han på direkte spørsmål

«Når realiteten er slik han er, hadde me ikkje noko anna val enn det som er gjort. Lang tunnel ville nok vorte veldig lang», sa han og avviste det som noko alternativ.

Ordstyrar og  prosjektleiar, Terje Dagsetad fraus ikkje direkte under den oppheta spørjerunden på slutten.
Ordstyrar og prosjektleiar, Terje Dagsetad fraus ikkje direkte under den oppheta spørjerunden på slutten.

Prosjektleiar Terje Dagestad karakteriserte det heile som det mest kompliserte veganlegget på heile Vestlandet.

Litt utom elva Deildo er det eit parti med fjell som er så laust at du kan «garva det ut for hand», sa Hauso. Her har entreprenøren bora inn totalt 15 km med stag på ei strekkje på berre 500 meter!

Både Hauso, Haustveit, Brusletto, byggjeleiar Terje Nesse og sjølvaste seksjonssjef for Voss og Hardanger, Lars Øyre, bad om forståing for at dette tek tid og at dei er nøydde til å ha ei ny totalstengjing.

Lars Øyre vil fylgja opp ein del av kritikken men ikkje imøtekoma krav om erstatning.
Lars Øyre vil fylgja opp ein del av kritikken men ikkje imøtekoma krav om erstatning.

Det skjer frå måndag 27. februar til ut mars månad. Opplegget vil verta som sist – med gratis båtrute og ekstra ferjeavgangar. Men nokon komppensasjon for ekstrautgifter ville ingen gje – bortsett frå at båten er gratis.

Å erstatta øydelagde bilar på grunn av holete veg eller betonglsam, vart heller ikkje imøtekome. Men ein tok kritikk på at vegen har vore til dels svært holete.

-Det skal han ikkje vera, sa både Dagestad og Øyre, som bedyra at dei skulle skjerpa inn krava om det.

Det vart elles oppmoda om at trafikkdirigentane burde vera flinkare til å stua og plassera bilane i køen, slik at det går kortare tid når ein opnar. No har det gått opp i eit kvarter berre å få forbi køen frå den eine sida, vart det hevda.

Det vil ikkje minst vera viktig til sommaren att, då det er mykje større trafikk.

Dag Frode Opeddal og Tor Eivind Osmo var mellom dei hardaste kritikarane, og slett ikkje nøgde med alt som var sagt og gjort.
Dag Frode Opeddal og Tor Eivind Osmo var mellom dei hardaste kritikarane, og slett ikkje nøgde med alt som var sagt og gjort.

Det kom og eit par «haglbyer» om tilhøve med manglande toalett, for dårleg og misvisande informasjon og skilting. Slik det var sist opplevde ein at mellom anna utanlandske trailersjåførar måtte rygga fleire kilometer for å snu.

Det vart etterlyst blinkande ljos og informasjon på engelsk på ein del strategiske stader. Noko er gjort, men det er ikkje alltid så godt når blinkljosa vert stolne, sa Terje Dagestad. Til og med ei lykt som var sveist fast, hadde nokon skrudd innmaten ut av.

Gisle Røynstrand peika på manglande sikring langs kaien på Børve, og at det måtte koma på plass. Han hadde etterlyst det før, utan at det hadde hjelpt. Og han måtte ta litt ekstra i denne gongen og, før det vart bekrefta at det skulle skje.

Når vegen opnar rundt 1. april, etter fem vekers full stengjing, skal denne 35 meter høge fjellknausen vera senka til veghøgd. Børvehovden i bakgrunnen, litt innom andre enden av anleggsområdet.
Når vegen opnar rundt 1. april, etter fem vekers full stengjing, skal denne 35 meter høge fjellknausen vera senka til veghøgd. Børvehovden i bakgrunnen, litt innom andre enden av anleggsområdet.

Grunnen til at ein ikkje stengjer vegen alt no, er at det må gjerast ein del førearbeid før dei kan gå i gang med å sprengja det høge partiet i nord. Det skal mellom anna lagast såkalla pilotvegar for å koma opp med maskiner og utstyr. Og så skal det sikrast ein god del.

Som i fjor vert det og heilt ope i tre veker til sommaren. Og sommaren etter, skal det stå fram ein vel 3 km ny, breiare og ikkje minst sikrare veg.

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.