Godt humør i eldrelaget

Godt humør rndt bordet. Her er plass til fleire.
Godt humør rundt bordet. Her er plass til fleire.

Ein gong i månaden møtest dei. Medlemmene i Børve, Sekse og Espe eldrelag. I ettermiddag er det årsmøte.

Av Johannes H. Sekse

Føremålet til Børve, Sekse og Espe eldrelag er å skipa til trivelege samvær for dei som bur i og/eller er knytt til det som var Sekse skulekrins. På ymse måtar skal dei fremja medlemmene sine sosiale og kulturelle interesser.

På møta har dei alt frå allsong og ord for dagen, til innslag frå inviterte underhaldarar. Den siste tida har dei også hatt eit fast innslag med «Hjørna til Jakob» eller kva dei kallar det. Jakob Midtun er kjend for slagferd og saftige soger.

 

Skrivar Leif Harald Ystanes har eeit nærmast litterært snev i referata sine. Opplesing av møteboka frå sist, er i seg sjølv eit kulturelt innslag.
Skrivar Leif Harald Ystanes har eeit nærmast litterært snev i referata sine. Opplesing av møteboka frå sist, er i seg sjølv eit kulturelt innslag.

Skrivar dei siste åra har vore Leif Harald Ystanes. Opplesing av referata hans er til tider god underhalding og kulturinnslag i seg sjølv.

Me tillet oss å sitera litt frå møteboka etter at Njål Engmark hadde vore og snakka om opphaldet sitt som sjømannsprest i Dubai:

Jakob Midtun er kjend for historiane sine, og har vorte eit fast innslag på møta.
Jakob Midtun er kjend for historiane sine, og har vorte eit fast innslag på møta.

«….han ville absolutt ikkje vore turen forutan.Ein triveleg kar, denne presten aokans!! – No var det tid for «Tytebæret», kaffi og rundstykkje, utlodning.  Alt programmessig. Det som derimot ikkje var heilt programmessig, var historiane til vår kjære Jakob. – I dag serverte han dei finaste av dei fine. Tenkte han på prestabesøkjet, tru? – Men me humra godt, både presten og me andre. – Ja, presten var så interessert i historiane til Jakob at me skal ikkje sjå bort ifrå at han vert beden om å bidra i kyrkjo ein dag.» Så langt møteboka.

Mat, kaffi og åresal høyer også med på møta.

I fylgje lagslovene skal årsmøtet haldast innan utgangen av februar. I år er dei med andre ord svært tidleg ute. Møtet skal nemleg haldast i ettermiddag – klokka 16.00. I Grannatun.

Jon Arne Meland har vore leiar det siste året. Ikkje direkte hangande med hovudet han heller.
Jon Arne Meland har vore leiar det siste året. Ikkje direkte hangande med hovudet han heller.

Det er sikkert berre å møta fram antan ein er medlem eller ikkje. Aldersgrensa er 60 år – altså den nedre. Oppover reulerer det seg sjølv. Medlemspengane er det heller ikkje noko å seia noko på. 100 kroner. Laget arrangerer også ein busstur i året, og gjerne jolebord når netten vert lange.

At eldrelaget har møta sine i ungdomshuset fortel vel det meste.

Me ynskjer lukke til med årsmøtet.

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.