Grannaveitla og nytt kjøken

grannatunLaurdag er det både Grannaveitla og innviing av flunkande nytt kjøken i Grannatun. Eit kjempearbeid er på nytt lagt ned.

Av Johannes H. Sekse

Redaktøren startar denne artikkelen med å seia seg lei for at han heller ikkje i år kan møta på Grannaveitlo.

Sidan den i år også skal kombinera festen med innviing av det nye kjøkenet, vil eg med dette bidra med noko. Nemleg nokre historiske glimt gjennom soga til det vel 83 år gamle, staselege huset vårt. Huset som gjer det mogeleg å stella i stand både grannaveitler, brudlaup, konsertar og mykje, mykje meir.

—–

grannx2

Gleda var stor då Marie Opheim t.v. frå Gjensidigestiftelsen overraska med ein storsjekk på 85.000 kroner i samband med kjøkenvøla. Kari Herstad, Jorunn Sekse og Dagfinn Børve representerte styret.

Alt i 1884 vart Samtalelaget – seinare ungdomslaget – skipa. Dei møttest vekselvis i Børve «skolehus» og skulestova på Sekse. Ynskjet om eit eige hus vart sterkare og sterkare, men det skulle gå ein del år før det vart oppfylt.

——

Men den 29. desember i 1934 vart «Grannatun» vigsla. Elias J. Sekse og Anders Skodvin heldt festtalane. Elias kalla det eit gasta hus og bygde talen sin rundt det Børvehovden og borga der stod for. Kva ho tydde for fred og fridom, «til vern um eige liv».

I talen fortel han også då Bjørnstjerne Bjørnson kom til Lofthus i 1903, brende dei brise (bål) på Børvehovden. «På denne måten helsa grenda norges åndelege konge velkomen.»

Halldor Meland spela og bygda stilte med eige songkor under leiing av Olav Leivestad.

Bjørn Svoldal var kjømeister under vigslefesten og Olav Bleie og Leivestad»brørne» spela til dans.

I 1949 var det stordugnad. Skorsteinen inne vart riven ned og ny bygd oppatt ute.

Jorunn Sekse tek mot sjekk på 85.000 kroner frå Marie Opheim/Gjensidigetiftelsen.
Jorunn Sekse tek mot sjekk på 85.000 kroner frå Marie Opheim/Gjensidigestiftelsen.

I 1952, vart det laga eit lite hefte med tittelen «Gode bygdefolk!» som vart sendt til alle husstandane. Det var ei oppsummering av den fyrste, store dugnaden på huset – for å gjera noko med «den ukoselege matsalen». I tillegg «var huset måla, fenge høveleg sceneteppe og gardiner, og verdifulle bilete på veggene, og no sist dekketøy til over 100 personar.»

«Kari Viveli teikna bilete av dei gamle garstuni og gamle kyrkja, som vart opphengde i matsalen.» Me legg til at det også er ho som har laga alle oljemåleria oppe i salen. Dette gjorde ho i perioden 1949 til 1951. Samstundes laga ho mange private fjellmåleri til dei fleste i grenda.

Det mange ikkje veit i dag, er at dei på den tida også byrja å planleggja påbygg mot nord. «Det er ei sakn i grendi at me vantar bygdebad. Fyrearbeid, slik som elektrisk kabel, er strekt gjennom matsalen.  Men arbeidet med dette bør då utstå til seinare høve. Høgdi over vil då gjeva rikeleg plass til garderobe og benkerom

Ein av dei siste tilskipingane var Jolaquiz og pub. Brutto innkome var 24 000 som gav 9- 10 000 til huset Her er vinnarlaget. Frå venstre: Anna Gjerde Tysseboten, Kristin Meland, Åsne Kvalnes, Brita Gjerde, Bjørg Børve Dvergsdal og Egil Dvergsdal.
Ein av dei siste tilskipingane var Jolaquiz og pub. Brutto innkome var 24 000 som gav 9- 10 000 til huset Her er vinnarlaget. Frå venstre: Anna Gjerde Tysseboten, Kristin Meland, Åsne Kvalnes, Brita Gjerde, Bjørg Børve Dvergsdal og Egil Dvergsdal.

Planane kom så langt at Skuledirekøren i Bjørgvin tilrådde sterkt at folkebadet kom. Og han meir enn antyda at heradet burde gå inn med ein god slump pengar for å få dette til. Han avrundar brevet sitt slik: «….ser eg bygginga av badstove som eit sers bra tiltak, som kan koma hele krinsen til gode, … og vil på det beste råda til at heradet hjelper til når det gjeld eit så godt tiltak. 9.10.1952 Nils Hodnesdal

Kvissmakarar og jury både i 2015 og 2016 - Bjørg Opedal Hove t.v. og Kristin Holsen.
Kvissmakarar og jury både i 2015 og 2016 – Bjørg Opedal Hove t.v. og Kristin Holsen.

Kvifor dette ikkje vart gjennomført, er uvisst.  I 1971 vart det derimot sett i gang arbeid med kjøkenet. Årsmøtet godkjende eit budsjett på 70 000 kroner som førebuingsnemnda har lagt fram, og at arbeidet vart utført. Dette vart eit spleiselag, der også heradet var med. For å skaffa pengar til dette og golv i salen oppe, vart det arrangert kombinert marknad med spelstykke, opplesing, musikk og dans i tillegg til utlodding.

 

Ein ny stor dugnad kom på slutten av 1970-talet. Det vart skifta glas i heile gamlebygget, skvettsink og takrenner i rustfritt stål rundt heile bygget, vølt ein lekkasje som har øydelagt to vegger i matsalen, installert klimaanlegg i matsalen, rusta opp scena og trappa frå salen, slipt og pussa golva i matsal og salen oppe. Heile huset vart isolert med innsprøytt stoff.  Bekken nord for huset er vekke og med det ein stor fare.

I tillegg til alt dette, har det vore gjort mange mindre, men viktige dugnadsjobbar på huset. Og huset er ofte i bruk til svært mange og ulike føremål. Det viser kor viktig «Grannatun» er for lokalmiljøet.

Mange har debutert på scena i Grannatun. Her frå 4H-festen i fjor haust.
Mange har debutert på scena i Grannatun. Her frå 4H-festen i fjor haust.

Hausten 2015 vart det siste, store prosjektet sett i gang – «Nytt kjøken i Grannatun». No er ein også i mål med det, og vel så det. Eg går ut ifrå at det vil verta orientert om dette på laurdag. Difor skriv eg ikkje meir no. Men eg oppmodar om at nokon kjem med ein rapport frå festen og at nokon tek ein del bilete, som me kan «trykkja» i nettavisa vår over helga.

Lukke til på laurdag!

PS!

Det eg har skrive her, var henta frå nokon stikkord som eg noterte til ein artikkel i «Hardangerjol». Ved ein glipp, kom det ikkje noko på trykk, men artikkelen vil verta skriven ferdig og trykt ein eller annan stad – ein gong. Dersom nokon av dei som les dette, veit noko om huset eller sit på noko som er skrive – så hadde det vore veldig kjekt å få bruka.

DS!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.