Markastå kan husa over ti familiar

Planen som no er lagd ut til offentleg ettersyn, opnar for at over ti familiar kan busetja seg på Sekse. Her er tenkt plassert både einebustader, rekkjehus og enkelthusvære.

Det vert informasjonsmøte i Grannatun tysdag 28. februar kl. 18.00.

Markatå sett mot nord. Lektaren Mikael 1, har nett tømt eit lass der det skal verta småbåthamn. Informasjonsmøtet om bustadfelt, skal haldast i Grannatun til høgre.
Markastå i framgrunnen, sett mot Stor i nord. Lektaren Mikael 1, har nett tømt eit lass der det skal verta småbåthamn. Informasjonsmøtet om bustadfelt, skal haldast i Grannatun til høgre.

Av Johannes H. Sekse

Ingen likar at dyrka mark vert teken til bustadføremål, men det aktuelle arealet vart regulert til føremålet for fleire år sidan. Etter ulike alternativ var vurderte, stod ein att med Markastå, som det einaste som var mogeleg å få realisert no.

No er det korleis plassera og kor mange hus det er plass til i det som skal verta nytt bustadfelt i Seksekrinsen.

Styret i Indre Austsio Grannlag (IAG) vonar at så mange som mogeleg nyttar seg av høvet til å få meir informasjon og engasjera seg i denne viktige saka for krinsen. Og ikkje minst bør dei som kan tenkja seg å busetja seg i Markastå, koma på banen.

I tillegg til folk frå heradet, vil fleire lokale entreprenørar vil verta tilstades på møtet.

Vil bistå

Eigedomsutviklar i Berge Sag i Ølensvåg, Per Berge, har vore medverkande tidlegare i prosessen, og vil bistå IAG med å leggja fram og orientera om planen. Han har stor fagleg innsikt og kan svara på det meste – kva som let seg gjera, tidsperspektiv, framdrift, kostnader og meir.

Ein har også invitert ein representant frå eigedomsavdelinga i Sparebank 1, men i skrivande stund, har ein ikkje fått avklart korvidt nokon kjem derifrå.

Å få til eit bustadfelt i krinsen, var den aller viktigaste saka IAG skulle arbeida med då laget vart starta. No er ein komne så langt at det rett og slett er alvor, for å seia det slik.

Landsby

Planen ligg alt ute, og kan finnast på heradet si heimeside. Den 28. februar får du svar på det du eventuelt ikkje finn der – og kan henda meir.

Saman med dei to eksisterande bustadfelta – gamle og nye Flisabakken – vil Markastå verta ein liten landsby, der det i dag alt er barnehage, ungdoms-/grendahus, idrettsplass og snart ei småbåthamn med meir.

Dette området har alt godkjend regulerinsplan. Og for tida vert det fylt opp med stein- og jordmassar som bokstaveleg tala skal danna fundament for framtidige aktivitetar.

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.