«Dette er noko me skal få til!»

møte1

«Dette er noko me vil og skal få til! Sa ordførar Solfrid Borge då Ullensvang herad og Indre Austsio Grannalag (IAG) inviterte til møte om reguleringsplan for bustadfelt i Markastå på Sekse tysdag kveld.

Av Johannes H. Sekse

Ordføraren hadde med seg planleggjar Randi Karin Tveit, teknisk sjef Helga Helleland og rådmann Magnus Steigedal. I tillegg hadde ei handfull heradsstyrepolitikarar og funne vegen til Grannatun.

randi

Tveit (biletet) gjekk innleiingsvis gjennom planforslaget, som no er lagt ut til fyrste gongs høyring og offentleg ettersyn.

«No er det mogeleg å påverka, seinare er det verre», sa ho og oppmoda dei rundt femti personane som hadde møtte fram, og alle andre, til å koma med innspel.

Bandlagt areal

 Fristen er sett til 24. mars. Men fylkeskommunen har bede om utsett frist til mai. Noko både salen og til og med ordføraren var sterkt kritiske til, fordi det vil seinka saksgangen kraftig.

«Dei skulle alt ha hatt nok tid» og «Kor mange gonger er ikkje denne jorda snudd før?» sa Borge, med adresse Hordaland fylkeskommune og Riksantikvaren. Sistnemnde er den einaste som kan gje dispensasjon frå kulturminnelova. Og det må gjerast om det skal kunna verta byggjefelt her.

Ein million ekstra

Eit bit av det planlagde arealet er nemleg bandlagt fordi ein skal ha funne restar etter mennsekaktivitet frå bronsesladeren. Alternativt må området gravast om att ein gong til. Det var stor semje i salen om at kostnaden til dette, på rundt ein million kroner, ville vera totalt bortkasta. Pengane burde heller ha vore brukt i sjølve planen, vart det sagt.

–  Eg skal i alle fall ta det opp med både fylkeskommunen og Riksantikvaren, sa Borge.

Viktig å halda trykket

 «No har de venta i svært mange år, så no må trykket haldast vidare for fullt!»

berge

Per Berge frå Berge Sag i Ølensvåg (biletet), har arbeidd med reguleringsplanar i ein mannsalder. Han kan lov- og regelverk og prosessane ut og inn, og korrigerte både dei kommunale planleggjarane, ordføraren og tilhøyrarane. Og mana til å stå på.

Berge meinte at planen for Markastå er fleksibel og tiltalande, slik at folk kan velja ulik byggjestil og anna. SIdan planen er både liten og enkel, bør Markaståfeltet kunna vera byggjeklart i september, meinte han.

I gang med forhandlingar

 Både Berge og andre var overraska over at ikkje heradet alt hadde sett i gang forhandlingar med grunneigarane. Noko både ordføraren og teknisk sjef, Helga Helleland sa dei skulle ta tak i no.

«Og så må de laga ein truverdig og konkret framdriftsplan», oppmoda Berge.

For ein del år sidan vart det levert inn nesten 40 underskrifter frå unge par og einskildpersonar som ynskte å flytta heim og få byggja i krinsen, til rådmann og ordførar.

Vil ha noko konkret

 I 2012 stod ordføraren i det samme lokalet som no, og proklamerte: «No skal de få byggjefeltet dykkar!» Det skjedde det ikkje særleg anna enn at skulen vart lagd ned.

Ein del unge hadde funne vegen til Grannatun, men det kunne ha vore langt fleire. Det kan ha fleire forklaringar. Men mange har nok vorte skuffa over at det har teke så lang tid som det har gjort. Eller som han sa det, leiaren i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen:

«Dei unge vil ha noko meir konkret før dei vil binda seg. Men dei kjem nok.»

Flotte tomter og kort veg

 Det er IAG som har drege prosessen i gang att. Men i motsetnad til mange gonger før, er heradet langt meir villig – og med i prosessen no. Difor ligg alt til rette for ein relativt rask prosess vidare.

Ikkje minst etter at Solfrid Borge runda av med å trekkja fram både kor utruleg flotte tomer det vil verta i Markastå og at ein mellom anna har kort veg til Odda, det nye kommune- og regionssenteret om nokre få år.

Fyrst av alt no, er det viktig at alle som meiner noko om planane, kjem med innspel. Etter fristen 24. mars, er det for seint.

 

 

 

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.