Inspirerte grannalaget

 

«Viss du deltek får du vera med og bestemma! Folk må ha tru på at dei skal vinna!»

Ragna Flotve
Ragna Flotve

Dette og mykje anna kom Ragna Flotve frå Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland inn på då ho inspirerte årsmøtet i Indre Austsio Grannalag. Ho oppmoda folk til å tenkja kreativt og konstruktivt og ha tru på eigne krefter og ressursar .

Av Johannes H. Sekse

«Levande bygder» var temaet hennar, og grunnlaget for nettopp det, er at flest mogeleg engasjerer seg.

«Antan er me med, eller så er me det ikkje», sa ho. Viss du deltek i lokalsamfunnet rundt deg, får du også vera med og bestemma. Difor hadde ho gjerne sett fleire, og ikkje minst fleire unge i salen denne kvelden.

«Folk må ha tru på at dei skal vinna!» strålte ho vidare.

"Levande bygder" var temaet til Ragna Flotve.
«Levande bygder» var temaet til Ragna Flotve.

Flotve understreka også at det er viktig å ha visjonar. Ein må ha tru på at det ein set i gang med, skal ein få til.

Næring og identitetsbyggjing heng saman. Ragna var var imponert over det som alt er starta opp i krinsen – og nemnde Fjordakorven få Spannsteigen, Eplesaftpoduksjonen på NedstaSekse og ølbrugging på Børve. Ho helsa fleire velkomne etter, med andre produkt og tiltak.

Tena pengar

–  Folk flest er flinke på grunnproduksjon. Dei må verta litt meir forretningstenkjande:

«Kva kan eg elles tena pengar på?» er kanskje det aller viktigaste spørsmålet mange bør stilla seg, meinte ho.

Ein entreprenør er ein som set i gang noko nytt – sosialt, kulturelt eller økonomisk. Fylkesmannen kan vera ei lenkje som kan kopla folk med idear og ynskje, opp mot personar som har fått til noko i andre kommunar.

Levande bygd

El levande bygd syner også att reint visuelt. Det er viktig at jorda er halden i hevd og at landskapet er rydda.

«Ingen hadde stoppa her om det berre vaks villniss», heldt ho fram. Måten me tek imot tilreisande på, er heller ikkje uvesentleg.

–  Når me er i fjellet eller på sjøen, så helsar me. Men gjer me det når me treffer nokon her heime? sa ho, og let spørsmålet hengja, medan ho fokuserte på ungdomen som ein utruleg viktig ressurs som lokalsamfunnsutviklar.

«Grip fat i ungdomen og gjer noko. Ikkje for – men – av og med ungdomen!»

Det kan til og med vanka økonomisk bistand. Fylkesmannen har rett nok avgrensa midlar, ,men fylkeskommunen har meir. Men å spørja og ta kontakt kostar ikkje noko.

Hildegunn Espe takka Ragna for eit inspirerande innlegg med eit lokalt produkt.
Hildegunn Espe takka Ragna for eit inspirerande innlegg med eit lokalt produkt.

Innlegget hennar var elles ein god start på resten av kvelden. Både årsmøtet  som vart avvikla kort og greitt og den påfylgjande kviss’en med pub.

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.