Fredag 29. desember var ein fin vinterdag. Her kjem nokre glimt mellom Deildo og Sekse. Det er jolefri i veganlegget og maskinene står. Det gjer dei til 1. januar klokka 23.30 om kvelden.
Nausto. Opprinneleg Børvenausto – staden der nausta til børvingane låg, og som vart fjerna for å gje plass til fruktlageret – som i dag er bryggeri. Huset midt i biletet, var i si tid meieri. På Nausto var det og post, telegraf og butikk. Kan henda vert det starta ny butikk her om ikkje lenge.
Lofthusbygda, Kvednarauga/Frøynes sett frå Djupevik. Til høgre ser me vegen som er laga ned til kaien der dei har skipa ut alle overskotsmassane.
«Osten» eller kvitosten (nett no), er snart berre smular.
Som små edderkoppar. Nyttig reiskap i samband med fjellsikring.
Imponerande dimensjonar over maskinane som er i bruk i Deildo-prosjektet.
Litt av maskinparken.
Stille fjord innover mot Odda.
Sola viste seg såvidt over NedstaSekse (Edlings), på veg mot ljosare tider.
Ha eit godt nytt år i vente!!!