Gateljos og fartsgrenser over Sekse

Fartsgrenser : Vil fyrst retta opp det som før er skrive  om fartsgrenser på Fv 101. Det er to generelle fartsgrenser i Norge, 50 og 80 km/t. IAG har hatt kontakt med Statens vegvesen og køyrelærar i Odda for å klara opp i den forvirring som er gjeldande.

Sekse er ikkje rekna som tettbygde strøk og dermed er den gjeldande og generelle fartsgrensa 80 km/t. Dette sjølv om vegen er ca 3 m breid og 6 av gardsbruka vert delt av  vegen som går mellom våningshus og løa. I vårt tilfelle når 30 km/t opphevast er då fartsgrensa 80.

Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken
Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken

Forbi Hovland er fartsgrensa 60 km/t. Når du køyrer inn på Seksevegen vert fartsgrensa automatisk 80. Eg har visst gått glipp av barnelærdomen. Etter at me hadde kontakt med statens vegvesen tok dei opp dette på møte og sjølv om det ikkje er kome skriftleg seiest det at den nye fartsgrensa vert 50 km/t. HURRA ! (Det burde vore lågare) På Rv 13 gjennom Tyssedal er det 40 km/t og endåtil gang-og sykkelveg.

Gateljos : Legg ved skriv frå Ullensvang Herad om tildeling av arbeidet. Når Ullensvang Herad sende søknad om midlar til fylket fekk dei Hardanger Energi til å rekna på kostnadar med  oppsetting av gateljos. Dei kom til ein sum på 2 millionar. Dette var summen  fylket tok stilling til . Ikkje veit eg kva forutsetningar som då vart brukt, men i vedlagt skriv der arbeidet er tildelt Mesta er kostnaden kome opp i 5 millionar ??? Grunnen til det er ifølge heradet at det er 80 km/t over Sekse og det fordyrar prosjektet i forhold til type anlegg som skal byggjast. Men dette burde vel vore sjekka på forhånd ??

Link frå heradet:  Vegljos Sekse