Gode sambygdingar!
Me har lagt bak oss eit år med lite aktivitet, Korona har lagt ein dempar på alt og alle.
Men no har me byrja å livna til att. Bryggja vår i Markastå har vorte ein suksess. Unge og gamle har funne ein ny samlingsplass. No går me eit steg vidare.
Me skal setja opp stupebrett , designa og bygd av Bjørn Terje Svoldal. Føyk har fått midlar til bygging av gapahuk og eldstad til grilling. Me er i gang med prosjektering og innhenting av prisar.
Me har og starta å setja opp nye grinder, blant anna på veg ut til posten Storelvi i Liatravaren. Me har og lyst å fornya navneskilta i liene. Dei gamle byrjar å verta sletne.
Føyk har skaffa midlar og IAG bidreg med montering. Samarbeidet med Føyk er framifrå !!
Me vil og søkja om midlar frå stiftelsar etc. All støtte går til bygdeutvikling.
IAG er ei partipolitisk uavhengig foreining som skal:
* Fremja tiltakslyst i bygdene slik at det er ein triveleg stad å bu.
* Vera eit talerøyr og høyringsinstans i saker som rører ved lokalsamfunnet sine interesser.
* Arbeide for auka busetjing i bygdene. Dette vil me setja meir trykk på no.
* Arbeide for å fremja næringsutvikling i bygdene.
* Koordinere og gje oversikt over aktivitetar i bygdene.
Eindel medlemmer har ramla bort siste året. Vonar att men no kan gjera eit krafttak for å auka medlemsmassen både innanbygds og utanbygds. Alle med tilknyting til Krinsen er velkomne. Dess fleire me er til sterkare står me. Me treng dykk alle. Medlemskontingenten er uforandra kr 100,- pr husstand for 2021. Skriv i merknadsfeltet namna på alle i husstanden når de betalar/vippsar e.l. Giro på under !
Sjå elles heimesida vår for oppdatering på prosjekt og aktivitet: http://indreaustsio.no/
Me tek imot tips og idear til saker me kan arbeide med. Hugs at me vil arbeida for heile krinsen vår. Me er då avhengig av innspel frå alle bygdene våre. Ta gjerne kontakt med oss i styret: Espen Bukve, Audun Kvalnes, Hallvard Eriksen, Åsmund Sekse ,Grethe L. Børve og Karl Arvid Andersen
Vennleg helsing IAG
Eller vipps til IAG sekse. # 519186.. IAG er og godkjent Grasrotmottakar i Norsk Tipping visst du vil støtta oss der !..