Folk trør til når me spør

Johan og Jan Sandven, Magne Kvalnes og Åsmund Sekse

Me er heldige, folk trør til når me spør. Det er som me har sagt mange gonger : Skal me få til noko på bygde, må me gjera det sjølv. Men jammen er det kjekt å sjå i dag ka me har fått til med eigne hender og innsamla midlar .

Oppfordrar alle som brukar dette flotte anlegget å støtta Føyk og IAG ved å melda seg inn i laga. Det er mange eldsjeler som brukar mykje av tide si for fellesskapet

Gapahuken tek form.

Imorgo fortset byggingen av Gapahuken. Derfor hadde dugnadsgjengen lyst å ha området for seg sjølv.

Ta ein dusj etter badingen !

Må berre berømma Bjørn Terje Svoldal. Han gjer ein stor innsats for å gjera bryggja vår endå meir eksklsiv. Siste tilskot er dusj for dei som ynskjer det etter bading. Han har og montert vannuttak med slangetrommel på Gapahuken.

Reglar for bruk av stupebrett. Les på skiltet.
Hjelp oss å halde det ryddig

Så til sist . Me har ikkje bosspann på bryggja. Oppfordrar alle foreldre , ungar, ungdomar og eldre. Ta med boset heim ! Ta det med sjølv om det ikkje er ditt. Ta og med visst det ligg noko på badestranda.

Det har og vore tent eingongsgrillar på bryggjegolvet. Desse har laga merke.

Ikkje set dei rett på golvet. Me skal etter kvart få ein eldstad i samband med gapahuken der me kan grilla.

KOS DEKO

😀