I små bygder vert det ofte mange komitear og styrer å sitja i. litt vel mange seier enkelte.
Me har fått innspel på om det er mogeleg å registrera kven som sit i komitear, styre for lag og foreningar. Så må kvart enkelt komite`/styre ha eit arkiv på tidlegare komite- og styremedlemmer
Me nevner i fleng :
Jonsok, 17. Mai, FAU, Quiz, Marknad, Grannaveitla, idrettslag, Bygdekvinnelag, Grannalag, Eldrelag etc
Alt er er litt aldersbetinga. Du startar gjerne i Jonsokkomite` og sluttar i eldrelaget. Nokon tek større belastning enn andre. Alt er dugnad for bygdene. Skal me ha levande bygder må alle bidra på sin måte.
Felles for alle verv er at det må vera frivillig. Når det gjeld komiteàr som er årvisse bør det vel vera slik at avtroppande komite`stablar ein ny på beina.
På nettsida vår kan me laga ei fane med undergrupper visst det er interesse for det. Men då er det viktig at dette vert meldt inn til IAG. Enten til Johannes Sekse, Tale Hauso eller Karl Arvid Andersen