Det har vore stilt lenge om framdrifta i Grannabryggjo, men det har vorte jobba hardt og intensivt for å få planane klare.
Styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter har i lag med sitt styre lagt ned ein imponerande innsats for å få alle godkjenningar i havn tidsnok. Grannbryggjo har kjøpt tomte frå Statens Vegvesen for kr 50 000,-
Dette er eit dugnadsprosjekt som me har fått mykje ros for frå mange kantar, men det er no alvoret byrjar. Dei fleste har sikkert lagt merke til «Mikael 1» som i lengre tid har lagt fortøyd på Børve i påvente av frakting av stein frå Deildo. I går, Torsdag 22.09 kasta dei loss og var ute og prøvekøyrde. Mandag førstkomande startar fyrste tur til Deildo. Fyrste runde går til Aga. deretter står Sekse for tur i følge mannskapet. Lektaren kan lasta 700 tonn, men vil no frakta ca 600 tonn pr tur.
Me oppmodar flest mogeleg til å verta medlemmer i Grannabryggjo enten dei har båt eller ikkje.(kontakt Siv H. Haukelidsæter for medlemskap eller båtplass) Alle medlemmer har ei stemme enten dei er båteigar eller berre medlem. Dette skal verta ei staseleg havn / samlingsplass med aktivitetspark på land, badestand, friområde etc.
Det vert helde omframt årsmøte i Grannabryggjo mandag 10.10.2016. Kl 2000 i Grannatun på Sekse