Skribent: Johannes H. Sekse
Klart for trening og oppskyting på Kvalnes
Skodda dempa ikkje på stemninga på Sekse
Skodda ville ikkje sleppa taket, men det dempa ikkje noko på stemninga då Seksekrinsen samlast til nasjonaldagsfeiring i føremiddag.
Eit sterkt veteranprega musikkorps spela etter at 17. mai-toget hadde gått i føremiddag. Musikklaget slit utan tvil me rekrutteringa, men med god hjelp av tidlegare krefter, klarte dei «berga» dagen på Sekse, før dei sette kursen mot Kinsarvik og deretter Lofthus.
Me får verkjeleg håpa at ein lukkast med å byggja oppatt det mangeårige og godt meritterte korpset.
Hallvard Eriksen (biletet) leia festsamkoma inne i gymnastikksalen i det som no er barnehage på Sekse. Og som vanleg, spela Andreas Sekse til songane.
Hovudtalar i år, var Hildegunn Espe, som påstod at ho var like nervøs denne gongen, som då ho for sju år sidan sist hadde same oppgåva.
Ho trekte trådane frå den nasjonale storhendinga på Eidsvoll i 1814 til lokale utfordringar i 2017, som vart hovudfokus i talen.
Den kanskje største lokale storhendinga er bygging av ein ny storkommune, der ho sjølv også er aktiv medspelar.
Sidan sist har me mist skulen vår, som var ein svært viktig arena for oss. Ho valde derimot å fokusera på alt mangfaldet som er i krinsen framleis, og rekna opp eit utal med lag og organisasjonar.
I tillegg nemne ho all den lokale næringssatsing som har skjedd og skjer. Småbåthamn og bustdfelt er også i kjømda. Og kan henda me kan få att ein nærbutikk, ja så gar ein frisør i krinsen.
Utvikling lokalt er svært avhengig av samspelkulturen og at eldsjeler vert tekne vare på, vert oppdaga og får utfalda seg.
Talaren nemnde også Ragna Flotve frå Fylkesmannen sin bodskap under temaet «Levande bygder» – nemleg at flest mogeleg må engasjera seg. Folk må tenkja kreativt og konstruktivt og ha tru på eigne krefter og ressursar.
Det er viktig i eit bygdesamfunn at me har mangfald, også når det gjeld å ha meiningar. Det skapar ofte den beste utviklinga. Det gjeld både i prosessen kring ny kommunstruktur og på andre felt.
I slike prosessar der me fleire gonger vil støya på faktorar som me kjem til å vera usamde i, er det desto meir viktig at me møter kvarandre med likeverd og respekt, sa ho, før ho avrunda med det kjende diktet til Bjørnstjerne Bjørnson – «Jeg velger meg april», der det mellom anna heiter at «dog fred er ei det beste, men at man noget vil».
Natursti er ein sikker «vinnar» under nasjonaldagsfeiringa på Sekse.
Etter talen, og fortent applaus, skifta den allsidige eldsjela til rolla som leiar i Il. Føyk og delte ut premiar til vinnarane av Liatraven 2016. Resultatet av den kjem truleg som eiga sak seinare.
Siste del av markeringa var det høve til å kjøpa mat og kaffi og å vera med på ei rekkje tevlingar for små og store. Og litt etterkvart trekte også skoddo seg oppetter liane.
Til lukka med dagen!
Ver med på og feira nasjonaldagen på Sekse!
Det er meldt fint ver`!
Det er synd at ikkje musikklaget kunne vera med og gå i toget i år. Difor vert de ei ekstra utfordring til alle og einkvar om å vera med og skapa liv og røre.
Møt opp på «perrongen» klokko kvart på ti. Toget starta kl. 10.00.
Ein halv time seinare, spelar kropset utanfor barnehagen.
Klokka 11.00 held Hildegunn Espe tale for dagen. Etter det vert det mat og aktivitetar, og det heile vert avrunda med premieutdeling.
Dersom vermeldinga held det dei lovar, kan du la paraplyen liggja att heime.
Send inn bilete frå dagen!!!!
Send inn eitt eller fleire bilete frå nasjonaldagen her på Sekse, så skal me i redaksjonen leggja dei ut her på sida vår. Dersom det vert svært mange, må me kanskje plukka, men la ikkje det leggja nokon dempar på innsendinga.
SEND BILETA TIL: johannes.sekse@gmail.com
To millionar til vegljos på Sekse!
Eit samrøystes Utval for miljø og samferdsel i Hordaland har løyvt 2 millionar kroner til vegljos langs Seksevegen.
«Dette er det største som har skjedd sidan IAG vart skipa», seier styreleiar i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen. Vegljos over Sekse har vore etterlyst av både foreldre og turgåarar i fleire tiår.
– Vegljos var også ei av dei viktigaste av alle dei gode sakene som IAG skulle fronta, då laget vart skipa for nokre få år sidan. Og som me no faktisk har fått til, seier han.
Vedtaket inneber 2 millionar kroner i inneverande år – til 100 ljospunkt fordelt på den 2,5 kilometer lange fylkesvegen frå Hovland til Sandstå. Vedtaket er i tråd med tilråding frå Trafikksikringsutvalet i Hordaland.
Politisk starta prosessen med at Petter Sexe Ulriksen tok saka opp for tre-fire år sidan. Men så verka det som om saka ikkje kom vidare. IAG tok opp tråden i 2014, og har etter det arbeidd kontinuerleg for å få hol på byllen, som Andersen uttrykkjer det.
Varaordførar Kåre Grønsnes, fekk seinare samrøystes vedtak i Plan- og ressursutvalet, om at prosjektet skulle prioriterast på topp i heradet sin plan over trafikksikringstiltak på fylkesvegar.
Etter det arbeidde IAG med å påverka samferdselskomiteen i fylket. Fyrst via Einar Lutro som då sat i der. Seinare la dei press på ordførar Solfrid Borge. Ho på si side har hatt mange samtalar med komiteleiaren i fylket, Nils Bjørke.
Karl Arvid Andersen rosar både Borge og Grønsnes for innsatsen deira i prosessen. Den 31. mars i år sende heradet søknad om midlar til gateljos, og ein knapp månd etter det, vart det altså gjort positivt vedtak om å løyva pengar til det lenge etterlengta prosjektet.
– Dette må vel vera ei skikkeleg gladsak, seier styreleiar i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen. Det er utruleg mange som nyttar Seksevegen til å gå tur eller trimma. I tillegg er det skuleveg og veg til og frå aktivitetar i grenda.
Me legg og til at Seksevegen fekk nytt asfaltdekke i fjor haust.
Leirskifte og pengedryss i «Grannatun»
Jorunn Sekse sa frå seg attval medan Arvid Ystanes takka ja til å overta rorpinnen i styret i «Grannatun». Ein privatperson har gjeve godt over 600 000 kroner til huset!
Av Johannes H. Sekse
På grunn av prosjektet med kjøkenvøla, har styret hatt langt fleire møte (12) enn vanleg, i 2016. Men så er også kjøkenet ferdigstilt og alt teke i bruk. Det har vore ein svært god dugnadsinnsats, og styret takka både alle som har vore med og ytt noko, og spesielt Røynstrand Entreprenør AS, B. Mikkelsen og Geir Sekse.
I salen oppe er det kome to varmepumper og lydutstyr. Det har også vore gitt ei rekkje pengegåver både av private og verksemder. Mellom dei største er Sparebankstiftinga Hardanger (350 000 kr), Fylkeskommunen (250 000 kr) og Gjensidigestiftelsen (85 000 kr – i 2017).
Størst av alt var ei pengegåve på godt over 600 000 kroner frå ein privatperson. Eit imponerande bidrag.
Ein ekstra kjærkomen bonus var momskompensasjon frå lotteritilsynet på 103 000 kroner.
Kinsarvik nett har installert og spandert gratis breiband. Laget var ved årsskiftet god for 674.622 kroner. Årsmøtet fastsette nye utleigeprisar. «Grannatun» leiger også ut bord og plaststolar
Styret 2016 har vore:
Formann: Jorunn Sekse
Skrivar: Kari Herstad
Kasserar: Dagfinn Børve
Styremedlem: Marie Synnøve Børve og Gisle Røynstrand
Nytt styre i 2017/18:
Formann: Arvid Ystanes
Nestleiar: Marie Synnøve Børve
Skrivar: Kari Herstad
Kasserar: Thomas Lund Midtun
Styremedlem: Jon Sekse
Kjære turgåar!
På oppfordring frå grunneigarane i området vårt:
Me ser positivt på at de nyttar lia og utmarka til turgåing. Men det hender diverre og for ofte at grindar og lé vert ståande opne.
Det fører til mykje ekstra arbeid og problem, når me må leita etter dyra våre og få dei på plass att.
Alle grindar skal difor vera lukka heile året!!
- om sommaren for beitedyr og om vinteren for hjorten.
Dersom du ser sjuke dyr eller dyr som du trur er på ein stad dei ikkje skal vera, så gje melding til ein av oss.
(Kontakttelefon: 411 05 951).
Hugs og på bandtvangen!
Takk for eit godt samarbeid og GOD TUR!!!!
Grunneigarane
Skjemt og alvor i eldrelaget
Neste torsdag, den 6. april, kjem røldølen Oddbjørn Lynghammar til Sekse for å dela skjemt og alvor med dei frammøtte.
Lynghammar er månadsgjesten til Børve, Sekse og Espe eldrelag som har møte i «Grannatun». I tillegg til gjesten, vil det vanka både mat og kaffi og åresal. Laget er og invitert til eit møte i Kinsarvik eldrelag den 20. april. Det vert høve til påmelding under møtet neste torsdag. Møtet startr som vanleg klokka 16.00.
Kvass kniving i lokal kviss
Quiz- eller kviss’en etter årsmøtet i IAG, vart eit kappløp med små marginar.
Anve Tveit og Johannes H. Sekse hadde laga ein kviss som sette både lokalkunnskap og andre eigenskpar på prøve.
I alt seks lag kjempa om fyrsteplassen. Etter to omgangar viste det seg at «Benkabyggjarane» fekk 30 poeng, som var bortimot full pott.
Like bak kom «Frysekrokjen», som fekk varmen opp i andre omgang, og enda på 28,5. «NedstaSekse» kom på tredje med 27, «Vinnarlaget» fekk 25,5, «Borte bra men heima best», 23 og «Sekse Velforeining», 21,5. Sjokolade som premie gav truleg meirsmak.
Imponerande merittliste
Årsmeldinga til Indre Austsio Grannalag er ei imponerande liste over stor aktivitet.
Dei viktigaste sakene i 2016 har vore småbåthamn/aktivitetespark, bustadfelt, kommunereforma, avtale knytt til barnehagen og vegljos over Sekse. Her er lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats på alle plan.
Medlemstalet auka også med 29 til 312 medlemmer ved årsskiftet. Årspengane vert framleis 100 kroner for både enkeltmedlem og heile familiar.
Anve Tveit har laga 2 nye benkar. Den eine har stått på kaien på Børve, og ein skal plasserast i eit høveleg tun på Sekse
Økonomien er på rett veg. Laget hadde vel 112.000 kroner på konto ved årsskiftet. Men store prosjekt og tilsvarande utgifter gjer at det må søkjast støtte både her og der også i året som kjem.