Skribent: karl-arvid
Det lyser i stille grender
To ljosmaster med solcelleteknologi har vorte testa ut i vinter. Dei lyser eit begrensa antal timar og aukar ljosstyrken i same periode ved rørsle. Me har meldt tilbake til Marit Ystanes i Heradet. Ho har i samarbeid med Mesta elektro fått justert ljos på bakgrunn av våre tilbakemeldingar.
Diverre vart kapasiteten for liten og stod ikkje til våre forventningar. Dei var og mørklagde i ein lenger periode. No har Mesta bytt frå blybatterier til Lithium batterier. Dette vil verta testa ut ein avgrensa periode. Den eine masta skal vera på eit antal timar morgon og kveld og den andre skal tenna på rørsle.
IAG bestemte i Styremøte den 14. januar at me ville gå for ein anna løysing. Me ville gå for grøft og stålmaster med led ljos frå Flisabakken til Gunn Marit Olsen. Deretter foreslo me master med luftspenn til Jon Aslak Herstad (ubebudd område). Herifrå til Hovland grøft med stålmaster.
Me har fått 2 millionar til gateljos frå Hordaland Fylke. Den løysinga me skisserar vil anslagsvis kosta det doble. Me må på friarferd til heradet for å få til eit slikt fullfinasiert prosjekt
IAG var kalla inn til møte i heradet den 15. Januar om evaluering av prøveperioden med solcellemaster .
På møtet deltok Marit Ystanes, Solfrid Borge, Magnus Steigedal, Petter Ulriksen og Karl Arvid Andersen. Me hadde eit godt og fruktbart møte med mykje fram og tilbake. Avslutningsvis kom Solfrid Borge med ei gledeleg melding. Ho ville ta dette opp i heradsstyret og innstilla på at heradet yter dei pengane me treng for å få fullfinansiert det prosjektet som me anbefalte.
Underteikna gjekk frå møtet med ei god kjensle. Me har aldri vore så nær. Me har heller ikkje mykje tid på oss. For å få behalda dei 2 millionane frå fylket må me vera i mål innan dette året.
Mvh
Karl Arvid Andersen
Leiar IAG
Endeleg er ho på plass !
Grannabryggjo klar til bruk
El lenge varsla brygge er no på plass. Utriggarar til fortøying av båtane er montert. 35 båtplassar er selde og slik brygga står i dag kan ho romma 41 båtar.
På yttersida vert det pullertar til fortøying av gjestebåtar. Oppå bølgebrytaren som er på tilsaman 154 meter, vert det montert fleire søyler med led ljos på toppen og kvar søyle inneheld 4 straumtilkoblingar med målar. Dette vert til arbeid i båtane/varme ombord etc.
På land har me og lyst på opplyst parkering og uteplass. Me vil og bitta saman uteplass og badestrand.
Det skal og førast vatn ut. Slik at båtane kan vaskast og vanntankar fyllast. Det vert ofte snakka om «3-fot sykja». Båtane vert større og større.
Me har i lengra tid vore i kontakt med , og sendt innspel til heradet om dei kan hjelpa oss med tilførsel av straum og vatn. Men interessa har vore laber. Me har rett og slett ikkje høyrt noko frå dei.
Men me skal klara oss sjølv og. Me pleier jo det !
Indre austsio har kosta dette flotte anlegget vårt sjølv. Den nye uteplassen vår vert bygd med midlar frå IAG og Føyk. Me har no gått til innkjøp av meir material og håpar på oppstart av meir dugnad og bygging ca Mars. Då kan det verta snorklypping før sommaren. (av ein lokal representant)
Gateljos på Sekse
Prøvemastene er sett opp.
Mesta har sett opp 2 prøvemaster nederst på Jon Arne Sekse sin eigedom mot Flisabakken.
Desse skal stå i ein periode slik at folk kan danna seg ein meining om korleis dei fungerer.
Ljoset er drive av sollcellepanel. Det er viktig at folk gir tilbakemelding om funksjon.
Ljoset er programmert til å slå seg på og av og har og rørslesensor. Det me har oppdaga er at ljoset slår seg av ca kl 0630 om morgonen. Me har gitt tilbakemelding om dette. Den viktigaste tida med ljos er jo når ungane går til skulen.
Dette er upløgd mark også for statens vegvesen. Dei har ingen erfaring med denne typen belysning. Derfor er dette ein prøveordning for vegvesenet og. Det er jo dei som skal drifta det og. For dei er det viktig at dei gjev godt nok ljos utan å kreva for mykje vedlikehald.
Gje gjerne ein tilbakemelding til underteikna. IAG vil videreformidla til tenesteleiar i Ullensvang Herad , Marit Ystanes, som er heradet sin kontaktperson. Ho har verkeleg stått på for gje Seksevegen gateljos. Men som alltid er det pengar som begrensar. Fylket har gjeve oss 2 millonar til gateljos.
Det ideelle hadde vore stålmaster med kabel i grøft. Dette er standard i henhold til Statens vegvesenet sine kriteriar for gateljos. Men dette ville hatt ei kostnadsramme på ca 5 millonar, Derfor har heradet no sett på andre og rimelegare løysingar.
Visst ikkje me vert einige og får til ei akseptabel løysing i løpet av 2019 vil pengane gå tilbake til Fylkeskommunen.
Karl Arvid Andersen
IAG
Den nye båthavne i Markaståvikje
Eit nytt landemerke er på veg til Sekse
Sekse vert no ein ny attraksjon rikare. Grannabryggjo skal no endeleg få på plass si lenge etterlengta båthamn. Etter mange utsetjingar vert det no full fart framover. Bølgebrytaren me ser på biletet er 112 m lang og skal gå ifrå piren og nordover. Etter kvart kjem den siste på 40 m, som skal vinkla inn mot Grannatun.
No skal det monterast utliggjarar til båtane. Dette skal gjerast på dugnad av båteigarane. Det er hittil selt 35 plassar og det er i fyrste omgang plass til 40 plassar. Men dette kan aukast ved behov.
Gunnar Fresvik som er havnesjef i Grannabryggjo ser til at alt går rett for seg. Gunnar har gjort ein formidabel jobb og hatt kontakten med leverandøren og klargjort alt for mottak.
Grannabryggjo
Sommaren er no over og me har lyst å starta opp att dugnadsarbeidet med bryggjo vår. Jon Arne Sekse og Erling Børve har skrudd saman stokkane. Me har no litt meir skruarbeid før me startar med meir avstiving av kaien. Til slutt skal me leggja golvbjelkar og tredekke av impregnert plank på heile bryggja. Det skal verta ein flott samlingsplass for både unge og gamle.
Bryggja vert på ca 100 m2. Det hadde vore flott visst ein eller to snikkararar kunne ha ført vidare arbeidet med hjelp av oss » vanlige » folk. Håpet vårt er å få ferdig dette arbeidet før vinteren. Ta kontakt med Øyvind Andersen eller Bjørn Terje Svoldal når det gjeld dugnad.
Om 2 til 3 veker vonar me og å sjå det fyrste slepet av bølgebrytarar som kjem sjøvegen frå Tysnes. Det vert krona på verket av det som skal verta den flotte båthavna vår. Bølgebrytarane vert ferdig montert av leverandør. Men sjølve utliggjarane skal setjast saman og monterast til bølgebrytarane på dugnad.
Me har no selt 34 plassar og har endå plass til 6 båtar. Fyrste utbyggingstrinn er planlagt til å kunna ta 40 plassar. Totalt har me løyve til inntil 50 plassar, og me kan utvida til det visst interessa er stor nok.
Gateljos på Seksevegen
Gateljos og fiber ?
Ullensvang Herad har sendt ut informasjon om gateljos langs Seksevegen til berørte grunneigarar. Det skulle bestå av tremaster og luftspenn. Dette med luftspenn er ein nedtur midt oppi gleda over at skulevegen og turvegen vår etter lang tids kamp skulle få ljos. Mesta Elektro er entreprenøren som skal stå for arbeidet. Dette er ein gammal veg og ikkje så enkel når det gjeld oppføring av ljosmaster. Fylkesvegen eig alt frå ca 2 m og ned til 0,5 meter utanfor vegbanen.
Fredag 24. August var det synfaring angåande gateljos langs Seksevegen. Blant dei som deltok var; Mesta, Statens Vegvesen,Hardanger Energi,Ullensvang Herad og Kinsarvik Breidband.
Ein vurderer no innspel frå grunneigarane og eit modifisert utspel er no på banen. Ein del av strekningen vert no vurdert lagt i grøft. Kinsarvik Breidband og Hardanger Energi kan vera villig til å bidra med det i tillegg til dei 2 millionane som er gitt av Hordaland Fylke.
At det no og kan verta lagt fiber i same traseen er veldig positivt for innbyggjarane langs Seksevegen !
Mesta skal i løpet av komande veke gje inn ny pris for å få ned prisen i forhold til deira opprinnenlege tilbod.
Ullensvang Herad bør og bidra med det som eventuelt manglar av midlar for å få til ei betre løysing.
Leiar IAG
Medlem i IAG ?
Me vonar flest mogeleg i krinsen vår, og utenbygds med tilknyting til Indre Austsio, har lyst å støtta arbeidet vårt.
Det som no skjer i vår nye båthamn/bygdepark i Grannabryggjo er eit resultat av det IAG har fått i stand ved ein stor dugnadsinnsats, medlemspengar, grasrotmidlar etc. Reguleringsplanen for båthavna er i sin heilheit utført og betalt av IAG. Det har me all grunn til å vera stolte av. Ein reguleringsplan av dette format, utført med eksterne krefter, ville hatt ei kostnadsramme på mellom 400 000 og 500 000 kroner.
Nettsida vår, som er vorte ein felles kanal for fleire lag og organisasjonar, er og betalt, utvikla og drifta av IAG.
Den nye samlingsplassen som no er under bygging, er eit samarbeidsprosjekt mellom vårt lokale idrettslag Føyk og IAG. Kvar av desse laga har gitt kr 70 000 for å få prosjektet i gang. No sit me att med ein heller slunken kasse og me treng meir pengar for å få dette ambisiøse prosjektet i havn. Men det viktigaste av alt er den dugnadsånda som er vist av folk i bygdene våre. Dette viser sterkt samhold og vilje til å utvikla vår eige framtid. Og dette har me klart uten kommunale midlar !! Ikkje alle som får det til
Visst du vil støtta oss er medlemsprisen i IAG kr 100 pr. familie. All støtte er kjærkome og kan betalast inn på konto nr. 3530.27.67864. Eller vipps til IAG sekse.# 519186. Pengane går i sin heilheit til bygdeutvikling. IAG er og godkjent Grasrotmottakar i Norsk Tipping. Så visst du ikkje har knytt tippekortet ditt til eit anna lag så er me glade for alle bidrag. 5 % av tippeinnsatsen din går til IAG.
På førehand takk
Helsing IAG
Grannabryggjo
Gladmelding til alle i Indre Austsio. No kan dei som har kjøpt båtplass i Grannabryggjo starta båtpussen eller gå til innkjøp av båt ! Og dei som ikkje har kjøpt plass kan ringja Terje Mala (sjå bilete) for meir info. Det er fortsatt ledige plassar.
Komplett brygge er no bestilt frå Marinegruppen på Tysnes. Det er ei beregna leveringstid på 2-3 månader. Det vert nok juli/august før alt er klart.Sjølve bølgebrytaren kjem sjøvegen frå Tysnes. Seljaren vil stå for montering og forankring . Bølgebrytaren er støpt i betong 3,30 m brei. Lengden vert 112 m . I tillegg kjem ein arm på 40 m som er vinkla 90 grader mot land. Dette vert eit nytt landemerke. Ei mektig og vindbeskytta havn . Samstundes er det under bygging ein ny bygdepark. Ein må berre beundra alle dei som har funne vegen hit og delteke i ein storstilt dugnad.
Øvingsskyting
ESPE SKYTTARLAG
ØVING/OPPSKYTING 2018:
Onsdag 23. Mai kl. 1800 – 2000
Onsdag 30. Mai kl. 1800 – 2000
Fredag 1. juni kl. 1800 – 2000
Onsdag 13. juni kl. 1800 – 2000
Onsdag 20. juni kl. 1800 – 2000
Onsdag 4. Juli kl. 1800 – 2000
Fredag 6. Juli kl. 1800 – 2000
Hugs jegeravgiftskort og skjema for øvingsskyting.
Ein kan ikkje pårekna fleire skytingar.
Ps Følg med på aktivitskalender på sida vår !!!
Ammunisjon vert å få kjøpt på banen.
Kontant betaling!!
Terje Mala.
link til oppskyting :