Kategori: Føyk
Barne- og ungdomstreningar hausten 2018
Føyk dekkar kostnader med symjing, skytetrening og klatring.
Påmelding:
Grannabryggjo
Sommaren er no over og me har lyst å starta opp att dugnadsarbeidet med bryggjo vår. Jon Arne Sekse og Erling Børve har skrudd saman stokkane. Me har no litt meir skruarbeid før me startar med meir avstiving av kaien. Til slutt skal me leggja golvbjelkar og tredekke av impregnert plank på heile bryggja. Det skal verta ein flott samlingsplass for både unge og gamle.
Bryggja vert på ca 100 m2. Det hadde vore flott visst ein eller to snikkararar kunne ha ført vidare arbeidet med hjelp av oss » vanlige » folk. Håpet vårt er å få ferdig dette arbeidet før vinteren. Ta kontakt med Øyvind Andersen eller Bjørn Terje Svoldal når det gjeld dugnad.
Om 2 til 3 veker vonar me og å sjå det fyrste slepet av bølgebrytarar som kjem sjøvegen frå Tysnes. Det vert krona på verket av det som skal verta den flotte båthavna vår. Bølgebrytarane vert ferdig montert av leverandør. Men sjølve utliggjarane skal setjast saman og monterast til bølgebrytarane på dugnad.
Me har no selt 34 plassar og har endå plass til 6 båtar. Fyrste utbyggingstrinn er planlagt til å kunna ta 40 plassar. Totalt har me løyve til inntil 50 plassar, og me kan utvida til det visst interessa er stor nok.
Ta idrettsmerket – bli med :)
Bli med og ta idrettsmerket måndag 11. juni klokka 20.00.
- Møtestad: Ved ungdomshuset på Sekse, Grannatun.
- Klokka: 20.00
For alle som er over 16 år.
Nokre har allereie klart kravet på både hopp og kast. No står 60 meter og 3000 meter for tur. Det er mogleg å sykle eller gå som alternativ.
Dei som ikkje har tatt krava på hopp og kast kan få ta dette samtidig.
Bli med! 🙂
Spørsmål? Kontakt Oda Gjerde Tyssebotn, 468 89 713
Bli med på Trimkarusellen
Bygdeparken
Dugnadsarbeidet held fram i Grannabryggjo. Dette er eit eineståande prosjekt som me vonar dei fleste har lyst å ta del i. Mange har sikkert sett denne dugnadsgjengen, som har forskala, og i dag støypt det som skal verta grunnlaget for den nye » Bygdeparken » Dette prosjektet er i regi av Føyk og Indre Austsio Grannalag som har løyvt pengar i felleskap.
Jon Sekse har vore fagmann og sett i gang forskalingsarbeidet og stilt med aggregat og verktøy .
Så snart økonomien er der , startar snikkararbeidet . I fyrste omgang vert det sjølve fundamentet. Me vil då bitta saman pælane i sjøen med fundamentet i land. Arne Johanson har laga prosjektskisse og arbeidstegningar.
Me treng no meir folk. Gjerne ein eller to snikkarkyndige . Dei som har lyst å delta kan henvenda seg til Øyvind Andersen (Føyk) Tlf 41242518 og Bjørn Terje Svoldal (IAG) Tlf 48271405
Grannabryggjo har og hatt dugnad og støypt rampe til sjøsetting av båtar. Denne rampen kan nyttast gratis av dei som er medlemmer i Grannabryggjo. Det kostar 250 kroner i året å vera medlem og då støttar de og eit flott anlegg som vert til stor verdi for bygdene våre. Påmelding og innbetaling kan de gjera hjå Randi Selvåg Fresvik på tlf . 90163594
Me treng dugnadshjelp!
Føyk og IAG samarbeider om å legge til rette grillområde, samleplass, trekai, gangpromenade og badestrand i forbindelse med båtanlegget som er under opparbeiding på Sekse.
Me treng i den forbindelse ein del dugnadsinnsats framover.
Gje tilbakemelding om de er interessert i å bidra!
- Øyvind Andersen tlf 412 42 518
- Bjørn Terje Svoldal tlf 482 71 405
Årsmelding til Føyk IL
Velkomen til årsmøte i Føyk IL, onsdag 14.02.18 kl 19.00 på møterommet i barnehagen på Sekse.
Vedlegg: Årsmelding for idrettslaget Føyk 2017
Innkalling til årsmøte IL Føyk
Onsdag 14. februar 2018 kl. 19.00 i Sekse Barnehage
Sakliste:
1. Godkjenning av stemmerettige 2. Godkjenning av innkallinga og saklista 3. Val av møteleiar og referent 4. Gjennomgang og godkjenning av årsmeldinga 5. Gjennomgang og godkjenning av rekneskapen 6. Gjennomgang av innkomne saker 7. Fastsetja medlemskontingent 2018 8. Budsjett for 2018 9. Val 10. Eventuelt
Saker til årsmøte skal vera innsendt til styret to veker før årsmøte. Årsmelding vert lagt ut på Føyk si Facebook side og på www.indreaustsio.no
Enkel servering
Barne og ungdomstreningar vår 2018
Barne- og ungdomstreninga for våren 2018 er klar. Trykk på lenka under for å få stort bilde: