Ein gong i månaden møtest dei. Medlemmene i Børve, Sekse og Espe eldrelag. I ettermiddag er det årsmøte.
Av Johannes H. Sekse
Føremålet til Børve, Sekse og Espe eldrelag er å skipa til trivelege samvær for dei som bur i og/eller er knytt til det som var Sekse skulekrins. På ymse måtar skal dei fremja medlemmene sine sosiale og kulturelle interesser. Hald fram med å lese «Godt humør i eldrelaget»
Måpte. Terje Mala frå styret i Grannabryggjo vart rett og slett sett ut då Marie Opheim frå Gjensidigestiftelsen snudde sjekken på 500.000 kroner.
Nett i det dagsljoset demra måndag ettermiddag, kasta Marie Opheim frå Gjensidigestiftelsen nytt ljos over Seksegrenda – 500.000 kroner til Grannabryggjo og 85 000 kroner til Grannatun.
Av Johannes H. Sekse
Men, det var det slett ikkje. Tvert imot. Det vart, som det var sagt i invitasjonen, «noko kjekt». Ja, faktisk kjekkare.
Dei stod spente i matsalen i ungdomshuset, då Marie Opheim steig inn og presenterte seg. Då ho fortalde at ho hadde med litt pengar til dei to organisasjonane, kom smilet forsiktig fram.
Ho delte fyrst ut ein sjekk på 85.000 kroner til styreleiar Jorunn Sekse i Grannatun, som tok imot med stor glede.
Alt då Terje Mala frå styret i Grannabryggjo gjekk fram for å ta imot deira sjekk, antyda Opheim at den lydde på noko meir.
Men då ho snudde sjekken, og dei fem nullane bak femtalet dukka opp, vart Mala ståande vantru med open munn ei heil stund. Til slutt fekk han summa seg og tok imot sjekken med ein god klem – og jubelen kunne sleppast laus.
At prosjektet deira hadde fått ein halv million kroner, hadde ingen av dei trudd i sin villaste fantasi.
Til saman har Gjensidigestiftelsen delt ut i overkant av 10 millionar kroner i Hordaland dette året. Av dei fall altså 585.000 kroner til Seksegrenda.
Grannatun kan no fullføra og finansiera eit større rehabiliteringprosjekt før tida. Det største taket har vore eit heilt nytt og topp moderne kjøken. Med sjekken, som Marie Opheim overrekte, kan dei no også finansiera eit skikkeleg musikkanlegg og varmepumper i salen oppe. Pumpene er faktisk alt komne på plass.
Med ein halv million til Grannabryggjo vonar Gjensidigetiftelsen å bidra med dei omfattande planane med utbygging av bryggje, molo, småbåthamn, badeplass, grillbenkjer og mykje meir.
Med dette vonar gjevaren også at innbyggjarane skal få lettare tilgang til sjøen og på denne måten leggja til rette for meir aktivitet og friluftsliv.
Grunnen til at nett desse to prosjekta fekk støtte i år, skuldast mellom anna ynskje om å få ein samlingsplass, ynskje om auka aktivitet og at det har vore ein svært god dugnadsinnsats i prosjekta.
Ei av grunngjevingane var, i fylgje Opheim, at området ved Grannatun har vorte ein endå viktigare samlingsplass enn før, etter at skulen vart lagd ned.
I søknadane viste både Grannatun og Grannabryggjo konkrete planar over kva ei eventuell støtte kunne utløysa. Søknadane var grundige og gjennomarbeidde og hadde med alle element og opplysningar som trongst. Noko som ikkje alltid er tilfelle.
Begge prosjekta skal vera med og skapa meir aktivitet og vera samlande for innbyggjarane.
«Det er nettopp slike prosjekt me leitar etter, og eg håpar at dette kan vera til inspirasjon for andre», sa Marie Opheim.
Dei glade mottakarane understreka kor viktig det var, nettopp for å koma i mål, og eller vidare, med prosjekta deira.
Gjensidigestiftelsen
Gjensidigestiftelsen jobbar for å skapa eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn gjennom å støtta eldsjeler og frivillige organisasjonar. Som største eigar i Gjensidige med 62 prosent av aksjane, er stiftinga med og fører vidare 200 års forsikringshistorie i Noreg.
Frå etableringa i 2007 og til i dag, har stiftinga delt ut rundt 2 milliardar kroner til rundt 6000 ulike prosjekt for å fremja tryggleik og helse.
I Grannatun 3. joledag kl. 16.30 – 18.30. 50 kr for vaksne, 25 kr for born. Magny Kristiansen fortel historiar, Vidar Børve spelar jolesongar. Servering av kaffi og kaker.
Jolequizkomiteen for Grannatun er klar og oppmodar alle om å setja av tysdag kveld, den 27. desember, til quiz og pubkveld.
Dørene opnar klokka 20.00. Det vert sal av øl, sider, vin og brus, i tillegg til snacks og kaker. Førebels er det basert på kontant betaling, men komiteen vurderer å ta i bruk meir moderne betalingsmåtar.
På kvart lag kan det vera maksimalt seks personar, og deltkinga kostar 200 kr for laget. Fine premiar til dei som vinn.
Aldersgrensa er sett til 18 år, då dette fell utanom dei såkalla tradisjonsfestane. Dersom ein er i tvil om alder, vert det kravt legitimasjon.
Komiteen gler seg til å sjå kvar einaste ein i Grannatun denne romjolkvelden.
Ein del eldsjeler har den siste tida planlagt og tilrettelagt for joletre med ljos utanfor Grannatun. Sundag ettermiddag, 1. sundag i advent, vert ljosa tende.
Av Johannes H. Sekse
«Dette har vore eit dugnadsprosjekt», seier Karl Arvid Andersen til IAG-nett. Han, Kjell Sandstå, Sjur E. Børve, Sveinar Børve og Anve Tveit, har no lagt grunnlaget for noko som kan verta ein fin tradisjon i åra som kjem.
Dei har grave grøft til, og lagt straumkabel ut frå Grannatun og sett ned kumme med røyr til å festa joletreet i.
Treet vart felt av Sjur E. Børve i byrjinga av veka. Det er donert av sonen Eirik Børve. Kummen har Dagfinn Børve gitt.
Tysdag kom grana på plass og ljosa prøvetende.
Dermed skulle alt vera klart for tenning sundag fyrstkomande – klokka 17.00.
——-
– Tanken var å få til ei sosial råme kring tenninga, med både litt underhaldning, song og gløgg m.m. Men tida strekte rett og slett ikkje til, så det må vera eit mål å få til ei tilstelling i samband med tenninga til neste år, seier Andersen.
Han håpar likevel at folk som har høve til det, møter opp. Om ikkje anna, kan ein slå av ein prat med naboar og/eller kombinera det med ein ettermiddagstur.
«4H står for veldig flotte og jordnære verdiar og byr på kvalitetsaktivitetar i eit samfunn med mykje fjas.»
Tekst og foto: Johannes H. Sekse
Meir treffande kunne ingen ha sagt det, enn klubbrådgjevar Mari Lid i Rossavarden 4H, då ho saman med Rannveig Børve og Torleiv Kvalnes delte ut heider og ære til dei flinke medlemmene i klubben sundag kveld.
IAG-nett sin utsende var også til stades på haustfesten i Grannatun. Dei aktive medlemmene i Rossavarden 4H er imponerande gode både på oppgåveløysing, lagsarbeid og som aktørar på scena.
Alle medlemmene fekk godkjent oppgåvene sine. Som vanleg på haustfestane i 4H, kunne foreldre og andre interesserte studera ustillingane ein times tid før sjølve festen starta.
Alle imponerte
Det ligg mykje arbeid bak kvar einaste oppgåve. Og alle imponerte. Her var alt frå styrearbeid og fotball til bruk av motorsag, friluftsliv, jakt, husdyr, baking og – fridykking.
Dei aktive ungdomane imponerte ikkje mindre då dei slo seg laus i eit knippe med friske revyprega småsketsjar frå scena.
Scenestunt
Me vil påstå at dei låg godt over snittet av det me har sett på slike festar før. Med inderleg innleving, kostymar og parykkar – og gode poeng som til dels var henta frå kvardagen i lokalmiljøet – fekk dei fram både smil og latter.
Mat og åresal
Kvelden slutta av med matøkt og åresal. Og etter at dei fleste av dei flotte gevinstane hamna på til dels få hender, kunne IAG-nett sin utsende triumferande retta opp åra då den bugnande hovudgevinsten vart trekt til slutt. Ei imponerande frukt- og sjokoladekorg.
Rekruttering og marknadsføring
Festen og ungdomane hadde fortent langt fleire frammøtte. Og etter det underteikna forstår, kjem dei til å prioritera både rekruttering av nye medlemmer neste sesong og meir marknadsføring av både aktivitetane i klubben gjennom året og i samband med haustfesten neste år.
Her kjem ei rekkje med bilete frå den flotte festen: