Kategori: Nyhende
Årsmelding Føyk 2023
Jolaquiz i Grannatun
Endeleg kunne det arrangerast jolaquiz i Grannatun igjen, etter to års koronapause. Om lag 90 personar møtte opp på jolaquiz 27 desember. Quizvertar for kvelden var Arvid Ystanes og Øyvind Andersen
Lagene holdt jenvt over eit høgt nivå og det måtte ekstraspørsmål til for å kåra eit vinnarlag då to lag låg på same poengsum.
Vinnarlaget med Helge Hauso, Bjørn H. Børve og Reidar Sekse.
Treningar for hausten 2022
Her er oversikt over treningar for hausten 2022:
Status Markastå
Før sommaren hadde me møte med Ullensvang kommune om Markastå og kva dei kan bidra med for å få realisert bustadfelt i Markastå.
Inntrykket etter møtet med kommunen er positivt. Dei ynskjer å bidra til at me får dette til og det fins midlar i budsjettet til dette formålet. Men hovedkonturane er at det ikkje vert noko utbygging i kommunal regi, det må private på banen for å utvikla Markastå.
Me har vore i kontakt med ein privat utbyggar som er interessert i å bygga ut i Markastå. Dei held i skrivande stund på med å rekna på kostnadar med utbygging av bustadar og infrastruktur som skal til i eit byggefelt.
Det er fleire ting som må avklarast som eigarforhold og kostnadar. Men me er positive! For bustad mangel er det i krinsen. Det er det ingen tvil om!
Nye møter med kommunen er planlagt på seinsommaren.
Indre Austsio Grannalag – Bustadgruppa
Føremiddagskaffi i Gapahuken
IAG har invitert godt vaksne mannfolk til vekentleg tysdagsamling på Grannbryggjo.
Fyrste treff er unnagjort. Vonar fleire har lyst å treffa bygdafolk og ta ein drøs i kvardagen.
I fyrste omgang kan me ta med litt kaffi på ein termos. ( kanskje kan da dukka opp noko å bita i og ei gong i blant)
Velkomne til nytt treff tysdag kl 1100 og kvar Tysdag framover
Referat, Årsmøte IAG
27.Februar vart det avholdt årsmøte i IAG – her er signert referat.
Årsmelding IAG
Hugs Årsmøtet i Espe Grendahus Sundag 27.03.2022, Kl 1900
ÅRSMØTE IAG
Det vert med dette kalla inn til årsmøte, Sundag 27. Mars 2022, KL.19.00 I ESPE GRENDAHUS.
Sakliste: 1. Val av ordstyrar, referent og underskrivarar.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Val
6. Kontingent 2022
7. Innkomne framlegg
Framlegg til årsmøtet må vera styret i hende 2 veker før årsmøtet
Det vert enkel servering.
Velkomen!
Skjedde alt dette i 2021?
Årsmeldinga for idrettslaget Føyk er klar!
Trass korona-restriksjonar skjedde det mykje spennande i Føyk i 2021 🙂