Stø opp om gannahuset vårt!
Me minner om at det er årsmøte i «Grannatun» i morgon kveld klokka 19.00.
Stø opp om gannahuset vårt!
Me minner om at det er årsmøte i «Grannatun» i morgon kveld klokka 19.00.
På årsmøtet til Grannabryggjo i Grannatun 8. mars skal me ta stilling til framdrifta i anlegget. Styret har arbeidd med 3 leverandørar av bryggjer og har landa på Marinegruppen på Tysnes. I bassenget der bølgedempar skal liggja er det lagt ut ei kanne. Bølgedemparen på 112 meter skal gå frå piren og ut til denne kanna, derifrå vert det ein arm på 40 meter vinkelrett mot land.
Det er seld ca 35 plassar hittil. Anlegget er dimensjonert for 50 plassar. Her er det berre å melda seg på mens det er ledige plassar.
Midt på biletet er det pæla i sjøen. Dette er starten på eit flott bygdeprosjekt i regi av Føyk og Indre Austsio Grannalag. Desse to laga har løyvd kr 70 000 kvar. Ytterst over sjøen der pælane står vert det ein trekai på ca 50 m2 og innanfor den vert det eit tilsvarande landområde. Her skal det murast og byggjast. Me vil binda saman dette området med badestranda. Me vil etterkvart samla bygde til dugnad slik at så mange som mogeleg kan føla eigarskap til denne nye samlingsplassen . Benkar , grill etc vil få sin naturlege plass.
Du vert med dette kalla inn til årsmøte i Grannabryggjo i Grannatun, torsdag 8.mars 2018 kl. 1900 i kjellaretasjen. (sjå vedlegg)
Viktig at flest mogeleg kjem på møtet ! Det er viktige saker som står på agendaen .
Me har fått ei lita korrigering av resultatet frå marknaden. Sidan pengane vart nytta til veksling under Grannaveitla, vart dei ikkje talt av maskin før seinare. Det rette overskotet er 47318, melder komiteen.
Velkomen til årsmøte i Føyk IL, onsdag 14.02.18 kl 19.00 på møterommet i barnehagen på Sekse.
Vedlegg: Årsmelding for idrettslaget Føyk 2017
Den heilt spesielle og eineståande drosjen vart reklamefilma då han broomma seg over Sekse i fjor haust. Filmen vart lansert sist veke, og er minst like god reklame for Hardanger som for Ford.
Tekst: Johannes H. Sekse. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.
«Bånn gass! Bånn gass! Bånn gass!» seier treåringen som sit fastspent i baksetet på veg til barnehagen. Det er ikkje alle som har ein far som eig ein så spesiell drosje.
Etter at Ford of Europe oppdaga bilen på Facebook, tok dei kontakt og sende deretter eit filmteam for å laga reklamefilm. Mykje av filmen er teken i nærområdet vårt – mellom Hovland og Sandstå.
I ein reportasje i Hardanger Folkeblad (som hjul-fylgde fototeamet ein dag i fjor haust) fortel eigaren av «Det blå’a lynet» – Evald Jåstad (37) – at han alltid har vore interessert i rallysport. Då han fann ut at dei også laga denne bilen med fem dørar og god plass, slo han til.
Bilen: Ein Ford Focus RS med 2,3 liters motor, akselerasjon frå 0 til 100 på 4,7 sek og 350 hk – slo han til. Dermed var han og eigar av den aller fyrste RS-drosjen i verda. I dag finst det to til – ein i Grimstad og ein i Rotterdam.
Evald har mange nøgde kundar, frå hans eigen treåring via utanlandske ungdomar på ferie, til ei Oddadame på 95. Ho spør alltid etter RS-taxien når ho har handla.
Artikkelen i HF kan du lesa her: file:///C:/Users/Asus/Desktop/2018-01-29_Hardanger_Folkeblad_-_29-01-2018_print.pdf
Det vet sett inn båt mellom Børve og Lofthus når Riksveg 13 vert stengd fredag fyrstkomande klokka 17.30.
Legg her ved annonse og artikkel frå Hardanger Folkeblad:
Vegen vil vera stengd til måndag klokka 05.00!
Nesten 50.000 kroner kom det inn på marknaden i Grannatun sundag den 14. januar.
Det er Jorunn Børve som opplyser dette.
Etter at alt var talt opp – alt som var vippsa eller betalt direkte under loddsal og på bok og i form av gevinstar var overskotet på 49.096 kroner.
Kjempekjekt var det og god stemning med mykje folk.
Me legg ved ein del glimt til.
Marknadskomitéen takkar alle som bidrog.
Riksveg 13 vert heilt stengd frå fredag 2. februar klokka 17.30 til og med måndag 5. februar klokka 05.00, melder Hardanger Folkeblad.
Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Men då Frøynesbekken for ei tid sidan medførde at riksveg 13 måtte stengjast, viste det seg at tverrslaget under vegen er for lite. Difor må det leggjast større røyr, som kan svelgja alt vatnet i ein flaumstor bekk.
Men i dette krevjande terrenget er ikkje det berre-berre å få til. Difor har Statens vegvesen bestemt seg for å stenjga vegen heilt, medan arbeidet vert gjort.
Les meir her på nettsida til HF:
https://www.hardanger-folkeblad.no/deildo/statens-vegvesen/riksveg-13/riksveg-13-vert-stengd-ei-heil-helg/s/5-22-111358
Onsdag 14. februar 2018 kl. 19.00 i Sekse Barnehage
Sakliste:
1. Godkjenning av stemmerettige 2. Godkjenning av innkallinga og saklista 3. Val av møteleiar og referent 4. Gjennomgang og godkjenning av årsmeldinga 5. Gjennomgang og godkjenning av rekneskapen 6. Gjennomgang av innkomne saker 7. Fastsetja medlemskontingent 2018 8. Budsjett for 2018 9. Val 10. Eventuelt
Saker til årsmøte skal vera innsendt til styret to veker før årsmøte. Årsmelding vert lagt ut på Føyk si Facebook side og på www.indreaustsio.no
Enkel servering