Tekst og foto: Johannes H. Sekse
No har det kome endå eit skilt på Hovland, som viser avkøyrsla til Sekse når du kjem frå nord. Frå før står det to skilt med «Sekse» på, når du kjem frå Oddasida.
Det me har sakna, er eit Sekse-skilt ved ungdomshuset. Noko IAG har etterlyst tidlegare. Slik det er i dag, køyrer mange som ikkje er kjende, forbi ungdomshuset og inn til Hovland. Hadde det nye skiltet kome ved ungdomshuset, hadde ein fanga opp trafikantane som kjem frå Kinarviksida.
Det verkar litt feil at det står tre Sekse-skilt på Hovland og ikkje nokon i Sandstå. Eit forslag til vegvesenet: Ta det nye skiltet på Hovland og flytt det ut til Sandstå, så er problema løyste.