Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. .
Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.
I ruskeveret torsdag morgon, kunne elevane frå Seksekrinsen gå ombord i «Seacruise» på fruktlagerkaien på Børve. Dei vart frakta til Lofthus.
Bussane køyrde riksveg 13 som var open. På Lofthus kunne ungdomskuleelevane ta buss vidare. Ein del andre passasjerar nytta også sjansen med å bruka skyssen som Ullensvang herad har sett opp.
Bak spakane i den flotte skyssbåten, sat eigar og skipper Nils Agasøster, medan Amund Agasøster sytte for at passasjerane kom trygt ombord.
Nisl Agasøster har drive med skyssbåt og skuleskyss i Fitjarøyane i minst to mannsaldrar, så han er vane med litt kvitt på bølgjetoppane, for å seia det slik.
Heradet skal ha ei ny vurdering av situasjonen i dag klokka 12.00.
Her er ein del bilete frå den fyrste skuleskyssen med båt frå Børve:
Grunna auka flaum og rasfare har Kriseleiinga i Ullensvang herad vedteke å setja inn båt frå Børve til Lofthus på torsdag.
Skuleelevar som
skal til Odda VGS og Kinsarvik og Opedal skular har førerett, heiter det i ei melding frå heradet. Tider:
Frå Lofthus 7.20 (buss frå Kinsarvik, buss vidare til Odda)
Frå Børve 7.50 (skulebuss som vanleg til Børve – buss frå Lofthus til Kinsarvik)
Frå Lofthus 14.40 (skulebuss frå Kinsarvik 14.30 som vanleg – buss vidare frå Børve)
Frå Børve 15.45 (skulebuss frå Odda 15.15 – buss frå Lofthus til Kinsarvik)
NB! Nye avgangar i tillegg til dei ovanfor:
Frå Lofthus kl. 06.20 retur Børve kl. 06.50 NB Ikkje buss her må me avtala kameratkøyring.
Frå Lofthus kl. 12.45, (buss frå Voss) retur Børve 13.00(buss frå Odda)
Frå Lofthus 17.10(når buss frå Voss kjem),retur frå Børve 17.20(buss frå Odda)
Situasjonen vil verta vurdert på nytt torsdag kl. 12.00.
Tysdag føremiddag dumpa lekteren «Mikael 1» det fyrste lasset med steinmassar frå Deildo i sjøen på Sekse.
Av Johannes H. Sekse
Anleggsarbeidet ved Deildo har alt vore i gang lenge, men det er fyrst no dei startar med utskiping av massar. Utskipingskaien er klar, og mellomlageret med massar var fullt, opplyste Knut Brusletto i entreprenørselskapet Contexo til Hardanger Folkeblad måndag.
«Dette er ein
stor dag», seier styreleiar Karl Arvid Andersen IAG. Han fekk gladmeldinga på telefon like etter at oppstarten var eit faktum
Eitt minutt
«Grannabryggjo» har fått løyve på 60 000 kubikkmeter til utfylling for småbåthamn på Sekse, og klokka 11.30 tysdag vart det aller fyrste lasset sleppt i djupet. Den 45 meter lange lekteren tek 600 tonn om gongen.
Det meste av tid går med til opplasting og transport. Sjølve tøminga tek berre eitt minutt.Det skjer ved at han rett og slett opnar seg, så massane dett rett ned.
Planar i boks
«Mikael 1» er eigd av firmaet Kragerø Sjøtjenester og har i fleire veker lege ved kai på Børve. I tillegg til Sekse, skal 6000 kubikkmeter fraktast til Aga. Resten av massane er tenkt til utfylling av Røyse i Lofthus sentrum, men Ullensvang herad har ikkje planane i boks, så det må fylgjeleg venta.
Både på Aga og Sekse hadde dei alt på stell, i fylgje byggjeleiar i Statens Vegvesen, Terje Nesse.
40 båtplassar
Med fyllinga på Sekse, kan «Grannabryggjo» få realisert planane om ei småbåthamn, og 38 av dei i alt 40 plassane er alt tildelt.
Karl Arvid Andersen seier at mange har gjort ein stor innsats for at ein er komne så langt. Ein av dei er styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter i «Grannabryggjo» – som har gjort ein kjempejobb.
Servicebygg
oktober vert det omframt årsmøte for å planleggja arbeidet vidare. Økonomien vert ei stor utfordring, og det er aktuelt med låneopptak.
Andersen ser og fram til at ein får realisert det planlagde servicebygget i tilknyting til småbåthamna. Mellom anna vonar han det let seg gjera å få i gang ein gardsbutikk, der grunneigarane og andre i området får høve til å selja produkta sine.
Innhaustinga er i full gang. Utsikt innover fjorden forbi Hovland og Kvalnes. Ein kan ikkje ha betre arbeidsplass enn dette no.
Redaksjonen vår skulle gjerne også hatt meir å hausta av. Me ber difor folk om innspel og tips, bilete og stoff – nytt som gamalt. Epostdaresse: johannes.sekse@gmail.com.
Dette intervjuet hadde me med Tale Hauso då ho byrja som medarbeidar i «Grannanytt». No håpar me endå fleire kan verta litt betre kjend med henne.
Ho brukar bilen til kontor. Det kjekkaste ho veit er å dansa og å koma seg til fjells med sauene.
Av Johannes H. Sekse
Det er ei smilande og sprudlande blid jente som svingar BMW-en opp i tunet her på Øvsta Sekse. Me har avtalt eit lite intervju. Og me byrjar like godt med:
Kem æ du?
– Eg er 24 år og av god fjorda-blanding. Far min kjem frå vestsida, mor frå Odda, der eg og vaks opp, og etter ein joladans på Espe for sju år sidan, hamna eg her på Austsio.
Ville heim att
Det var nemleg der og då ho møtte Jan (Sandven) som hadde kjøpt gard på NedreBørve.
Har du alltid hatt lysta å verta journalist?
– Vegen har vel gått seg til etter kvart og har gjerne vore styrt av ein del tilfeldigheiter. Men eg har alltid vilja heim att til Hardanger.
Etter tre år ved Odda vidaregåande skule, studerte Tale ved Universitetet i Bergen. Der tok ho Bachelor i statsvitskap – Samanliknande politikk. Etter det søkte ho og kom inn på NRK Nynorsk Mediesenter i Førde. Praksisen fekk ho i NRK Hordaland, som truleg vart døropnaren dit.
Fyrst fekk ho eit vikariat for Marte Rommetveit på Stord. Då Egil Torheim gav seg, dekka Tale både Sunnhordland og Hardanger ein periode. Då stillinga hans vart lyst ut, søkte ho og fekk jobben.
Glad i dataskjermar
Den nye medarbeidar- og redaktøren i Grannanytt, er over snittet glad i dataskjermar, slett ikkje noko hinder i NRK-jobben heller. Radio, nett og tv. I dag må du kunna alt. Hovudgesjeften er å laga ein god og aktuell lokalradio, men kvardagen skiftar fort.
Seinaste nokre dagar før dette intervjuet, måtte ho rykkja ut til husbrann i Odda og dekka saka for Dagsrevyen. Så var det nesten rett over på Klassequiz dagen etter – stor overgang frå noko djupt tragisk til noko langt meir triveleg og kjekt.
At Tale er glad i å prata med folk, likar seg saman med andre og alltid har vore glad i å skriva, er heller ikkje til meins i jobben hennar.
Ålreite dyr
Plan B var lærarutdanning. Men ho kunne like fullt ha hamna der ho er i dag for det. Det er nemleg svært vanleg at lærarar vert journalistar – som til dømes både underteikna og forgjengaren hennar, Egil Torheim.
Heime på garden, der dei driv med både sauer og frukt, hjelper Tale til med det meste. Det har vore svært mykje å gjera med bustadhuset og løo. Så då er det eit spørsmål om det vert tid til nokon hobbyar.
– Å joda! Ein del i alle fall.
Tale deltek på trim/trening både på Sekse og Lofthus. Ho er glad i dyr. Sauer er som sagt ålreite. Og så er ho ekstremt glad i å gå i fjellet.
Toppen er ei veke i Kinsekvelv
Toppen er difor å kunna gå til fjells med sauene. Eller å ta seg ei ferieveke i Kinsekvelv – for å sjå etter sauene og slappa skikkeleg av.
– Det er det eg gler meg mest til av alt, smiler ho og legg til at dansen kjem på ein god andreplass, med «Swing» på topp.
—–
Tale er ei jente med begge beina planta på jorda – sjølv om jo arbeider i eteren, for å seia det slik.
Reportasjen om kakefesten og opning av det fantastisk flotte poskassehuset i Flisabakken, gav eksplosiv auke i besøkstalet på IAG si heimeside.
Av Johannes H. Sekse
Som kjent har Indre Austsio arbeidd lenge med å få på plass ei ny heimeside. Ho har vore ferdig ei stund no, men på grunn av ferietid og sommar, har ein ikkje kome skikkeleg i gang. Fylgjeleg har det vore lite trafikk og tilsvarande lite interesse for sida vår.
Etter eit lite lynkurs på fredag, fekk me lagt ut ein reportasje om det flotte poskassehuset, og det førde til ein eksplosjon i visittalet, som auka frå 1 til 21 visningar – eller 2000 prosent oppgang. Og ein auke frå 3 til 87 aktive brukarar – som utgjer 2800 prosent!
21 visningar og 87 brukarar er derimot ikkje så imponerande, viss me ser litt reaistisk på dette. Men å hoppa frå bortimot dvale – til å røra litt på seg, er dette ein god start.
Det er langt att til målet vårt – om å få ei oppegåande side, der «alle» får lyst å vera innom minst ein gong om dagen.
Det er ambisiøse mål, men me er motiverte. Og så treng me innspel.
Dei ulike organisasjonane kan sjølve leggja ut stoff på sitt eige området, og nokon gjer det alt. Andre vil få opplæring. Det er berre å ta kontakt.
Alle andre kan senda tips, bilete og saker til denne epostadressa:
Det er for tida berre ei hending som er varsla for heile Indre Austsio for tida. Og det er Oksenturen til Il. Føyk.
Redaksjonen oppmodar difor alle – privatpersonar, lag og organisasjonar om å senda inn melding om tilskipingar eller hendingar som dei ynskjer å kunngjera.
For å gjera det litt enklare enn før, kan tekst, bilete m.m. sendast som epost til:
johannes.sekse@gmail.com
Ta gjerne kontakt på telefon 411 05 951 om du lurer på noko.
«Takk for fine fuglar», seier Ragna Kvalnes. Saman med dei andre som bur i «øvregato» i Flisabakken, har ho nett vore med på offisiell opning at eit fantatisk flott postkassestativ.
Av: Johannes H. Sekse
I langt tid har dei som bur i Flisabakken sett på at det gamle postkassestativet heldt på å forfalla. Eternittaket forvitra, stativet var veldig stygt og skeivt og avisene var våte.
Det var fyrst då Gunnbjørg Midtbø flytta hit, at det skjedde noko. Frå huset sitt såg ho rett ned på stativet.
-Ein dag kom ho og spurde om ikkje me skulle få gjort noko, seier Laila F. Sandstå, som har laga ei kjempegod molteblautkake til opningsfesten.
Laila tente på ideen, og kontakta nabo og fuglefotograf Anne Marie Korhonen med spørsmål om det kunne la seg gjera å få fuglemotiv på dei nye kassane, som sjølv hadde vore inne på tanken.
Dermed vart prosessen sett i gang med grundig planleggging, prosjektering, teikning, innkjøpa av det som trogst og mykje dugnadsarbeid. Den vesle vegstubben er sjølvhjelpen med dei alle fleste fagområda og nokon er som poteto – brukande til det meste.
Alle – bortsett frå ein – kjøpte nye, kvite postkassar, og Anne Marie fekk laga store klebebilete av ulike fuglar – alle fotograferte i Flisabakken. Kvar husstand har fått sin fugl.
Nybygget er truleg det finaste og mest spesielle i heile landet, meiner Laila. Det store taket, gjer at dei står godt skjerma for vind og regn når dei hentar posten sin. Også postdamo har kome med vellete. I tillegg til postkassane er det to radlebenkar der naboane kan løysa store verdsproblem som kommunestruktur og småbåthamn. Når kvelden trekkjer på, slår lyset seg på. På veggen er og ei oversikt med informasjon om dei ulike fuglane.
Når dei hadde lagt så mykje arbeid i verket, kunne dei ikkje ta det skikkeleg i bruk før det hadde fått ei skikkeleg offisiell opning. Dermed kalla Flisabakken Vel inn til postkassefest på torsdag (11. august).
«Ta med kopp og godt humør!» stod det på plakaten. Og det gjorde dei. Seremonien starta med at Liv Turid Hjeltnes, ikledd serveringsbunad, sende champagnekorken høgt i veret. Det var naturleg nok Anne Marie som fekk æra av å klippa den staselege snora, godt supplert av snorhaldarane Kjell Sandstå og Anve Tveit, medan Laila F. Sandstå kom med saksa – på ei flott pute.
Deretter samla alle seg rundt langbord til opningsfest. Anve Tveit hadde også laga ein eigen kviss med mange spørsmål som stort sett var knytte til nabolaget. Eit av spørsmåla var kor mange familiar som hadde budd i lærarbustaden. Og rett svar er sju.