Espe grannalag takkar alle som har støtta dei i samband med adventsbasaren. Pengane går til nytt koppeservice i Grendahuset. Trekning av lotteriet er vedlagt.
Espe grannalag takkar alle som har støtta dei i samband med adventsbasaren. Pengane går til nytt koppeservice i Grendahuset. Trekning av lotteriet er vedlagt.
Tysdag fyrstkomande opnar Hardanger Handbryggeri direkte utsal frå bryggeriet på Børve.
Av Johannes H. Sekse
Dette melder bryggeriet sjølv på si eiga heimeside. Ølet deira har vorte sværtr godt motteke i butikkane, og no opnar dei i tillegg eigne dører for direktesal.
For å setje litt ekstra stas på opningsdagen, vil dei gjera eit par ekstra stunt:
Det vert ope fast kvar torsdag klokka 16.00-19.30 heretter.
Torsdagen i romjola vert det også bryggedag samstundes med sal. Då kan dei som ynskjer og har tid, koma og sjå mendan dei bryggar øltypane Spøkjetyst og Haarteigen.
Laurdag og sundag vart det tent jolegraner fleire stader i krinsen vår – Indre Austsio.
Her kjem ein liten biletkavalkade:
Bygdekvinnelaget samla også i år ein fin gjeng kreative damer som laga seg flotte dekorasjoner til adventstida.
«Mennene uteblei, men dei får nyta det fine som kjem heim etter ein slik kveld.»
«Kvalitetstid dette med gløgg, jolebakst og mykje god mingling», skriv Edel Karin E. Alpen.
Ein del eldsjeler har den siste tida planlagt og tilrettelagt for joletre med ljos utanfor Grannatun. Sundag ettermiddag, 1. sundag i advent, vert ljosa tende.
Etter langvarig kulde, kom mildveret i helga. Laila F. Sandstå fanga opp dette steinspranget som kom ned i riksveg 13 litt utom Espe.
Ei påminning om den årstida me er inne i.
I fylgje Yr.no vil temperaturen halda seg over nullen den nærmaste framtida. Fredag kan det verta litt sludd.
«4H står for veldig flotte og jordnære verdiar og byr på kvalitetsaktivitetar i eit samfunn med mykje fjas.»
Tekst og foto: Johannes H. Sekse
Meir treffande kunne ingen ha sagt det, enn klubbrådgjevar Mari Lid i Rossavarden 4H, då ho saman med Rannveig Børve og Torleiv Kvalnes delte ut heider og ære til dei flinke medlemmene i klubben sundag kveld.
IAG-nett sin utsende var også til stades på haustfesten i Grannatun. Dei aktive medlemmene i Rossavarden 4H er imponerande gode både på oppgåveløysing, lagsarbeid og som aktørar på scena.
Alle medlemmene fekk godkjent oppgåvene sine. Som vanleg på haustfestane i 4H, kunne foreldre og andre interesserte studera ustillingane ein times tid før sjølve festen starta.
Alle imponerte
Det ligg mykje arbeid bak kvar einaste oppgåve. Og alle imponerte. Her var alt frå styrearbeid og fotball til bruk av motorsag, friluftsliv, jakt, husdyr, baking og – fridykking.
Dei aktive ungdomane imponerte ikkje mindre då dei slo seg laus i eit knippe med friske revyprega småsketsjar frå scena.
Scenestunt
Me vil påstå at dei låg godt over snittet av det me har sett på slike festar før. Med inderleg innleving, kostymar og parykkar – og gode poeng som til dels var henta frå kvardagen i lokalmiljøet – fekk dei fram både smil og latter.
Mat og åresal
Kvelden slutta av med matøkt og åresal. Og etter at dei fleste av dei flotte gevinstane hamna på til dels få hender, kunne IAG-nett sin utsende triumferande retta opp åra då den bugnande hovudgevinsten vart trekt til slutt. Ei imponerande frukt- og sjokoladekorg.
Rekruttering og marknadsføring
Festen og ungdomane hadde fortent langt fleire frammøtte. Og etter det underteikna forstår, kjem dei til å prioritera både rekruttering av nye medlemmer neste sesong og meir marknadsføring av både aktivitetane i klubben gjennom året og i samband med haustfesten neste år.
Her kjem ei rekkje med bilete frå den flotte festen:
.
Laurdag spelar Føyk mot Odda i «finalen» i Terje Storhaug ligaen. Dersom Føyk vinn kampen, vinn dei også serien. Dei fortener ein kjempestor heigajeng. Kampen går klokka 11.00 på Odda stadion.
Laget har bestått av Karl Magnus Andersen, Øyvind Andersen, Jon Arne Sekse, Magnus Steigedal, Olav Eirik Børve, Eirk Børve, Jon Aslak Herstad, Bård Steven Vedvik, Runar Lutro og Eirik Lutro.
Draktene er raud-kvite, nett som eit anna kjent lag her i vest (red.anm.)
Ligaen har i år 10 lag og 194 spelarar.
Dagleg må trailerar rygga når dei kjem til stengd riksveg 13 ved Klokkargarden/Geithamren på Lofthus. Ein del av dei som kjem andre vegen, har derimot hamna på NedreBørve.
Av Johannes H. Sekse
No har Riksveg 13 vore stengd mellom Geithamren på Lofthus og vegdelet til ØvreBørve på sørsida, i vel ei veke. Nesten dagleg, og enkelte dagar fleire gonger for dagen, kjem det like fullt både store og små bilar køyrande.
Dei som kjem frå Lofthussida må rygga rundt ein kilometer før dei får snu. Ikkje alle er like gode til det, og ikkje alle er like skikka, skal me tru augne- og nasevitne. Ein utlending som balte lenge, lukta alkohol, vert det sagt.
På sørsida, kjem det og ein del trafikk, der sjåføren ikkje har fått med seg at vegen er stengd. Rett nok står det, noko misvisande, at han er stengd ved Hovland. Det rette er Børve – ved vegdelet opp til ØvreBørve. Altså 3-4 km lenger ute.
Eit par trailersjåførar har teke sjansen på at den komunale Børvevegen kan tena som omkøyring. På NedreBørve har det derimot vorte stopp. Dei som bur her oppe, kan fortelja om halsbrekkande snuoperasjonar med lange vogntog. Det skal til og med ha gått ut over murkantar og anna.
Ein utanlandsk sjåfør forklarde at han ikkje hadde råd til å ta ferja frå Utne til Kinsarvik.
Mange etterlyser no endå tydelegare skilting både i Odda og Kinsarvik.
I dag tidleg gjekk ein ny salve i «osten». Det vert arbeidd fleire stader langs anlegget. Me får tru at dei nyttar tida med stengd veg godt.
I ettermiddag køyrde tre trailerar – dvs ein av dei var ein betongbil – seg «fast» på Lofthussida av anleggsområdet, og måtte rygga. Det gjekk svært tregt.
Etter det me forstår skjer det stadig at det kjem bilar, der sjåførane tydelegvis ikkje har fått med seg at vegen er stengd. Mellom anna var ein av sjåførane utlending. Informasjonen er berre på norsk.
Det er ikkje noko problem når det gjeld småbilar, men trailersjåførar får meir problem når dei skal rygga fleire hundre meter før dei får snudd. Den eine av trailerane i dag, hadde svært store problem, etter det me får fortalt.
Pardoksalt nok er det ein fordel at vegen er stengd, samstundes som at det er det som er problemet.