Barne- og ungdomstreninga for våren 2018 er klar. Trykk på lenka under for å få stort bilde:
Skribent: Tale Hauso
Gevinstinnsamling til marknaden
Grannatun skal ha sin årlege marknad sundag 14. januar frå klokka 15.00.
På marknaden skal vi ha åresal og loddsal. Dette er ein lang tradisjon og ei av dei viktigaste samkomene i bygda. Det er og viktig for å ha nok inntekter til drift og vedlikehald av det dugnadsbaserte grendahuset vårt.
Men me er då avhengig av å få inn gevinstar og gåver til åresal/loddsal frå krinsen, og håpar du vil vere med å støtte oss med ein gevinst, gåvekort eller eventuelt pengegåve?
Me vil kome rundt og ha gevinstinnsamling:
PÅ ETTERMIDDAGEN TYSDAG 9.JANUAR 2018
Om du ikkje veit kva du vil gje som gevinst kan pengegåve vere ein god ide. Då kan du til dømes gje 100 kr, så kan komiteen samle inn og kjøpe ein større gevinst.
Dykk kan til dømes overføre dette til Grannatun sin Vipps. Vipps-nummeret er: 139467 og hugs å markere med «Til gevinst til marknaden».
Alle bidrag er av interesse!
På førehand hjarteleg takk,
beste helsing marknadskomiteen
Grannaveitla 2018
Velkomen til GRANNAVEITLA i Grannatun på Sekse
Laurdag 10.februar 2018
Dørene opnar 19:30
Underhaldning med brødrane Onarheim
Tradisjonell meny med røykjekjøt og ertesup
Kjetil Vestli spelar opp til dans
Høve til å kjøpe øl og vin m/meir
Pris kr. 400
Finn fram finstasen og treff gode grannar!
Grannaveitla i år som tidlegare vert med mat og drikke, me må av den grunn ha påmelding innan 1.februar til:
Arne Sandstå mob: 91766503 (SMS eller ring)
Tale Hauso, mob: 97041016 (facebook eller SMS)
Påmelding er bindande!
TA TUREN TIL GRANNATUN DENNE LAURDAGEN – VEL MØTT!
Helsing frå oss i Komiteen 🙂
Treningshelg på Sekse 12. til 14. januar
Bygdekvinnelaget inviterer til treningshelg i gymsalen på Sekse:
Program:
Fredag 12.januar:
Kl. 18.30-20.00 Yoga Flow m/hovedvekt på sittende og liggende stillinger
Lørdag 13.januar:
Kl. 10-11.00 PowerStep (utholdenhet og styrke)
Kl. 11-12.30 Yoga Flow (Ashtanga Vinyasa Yoga)
Felles lunch etter treninga – bygdekv.laget handlar inn mat og drikke.
Søndag 14.januar:
Kl. 10-11.00 Styrke
Kl. 11-12.15 YogaFlow
Kjersti Minde Føllesdal frå Bergen kjem og har ansvaret for treninga. Ho er ei supersprek dame som er lærar i idrettsfag på vidaregåande skule på Sotra og instruktør på Sats treningssenter i Åsane.
Det er høve til å vere med på dei øktene du har lyst til sjølve.
Ved påmelding må du gje beskjed om kva dagar/økter du vil vere med på, og om du vil ha lunch etter treninga om laurdagen.
Velkomen til ei inspirerande og sprek helg på Sekse!!
PÅMELDINGSFRIST: 7. JANUAR 2018
Påmelding til Signe Lise Børve på tlf. eller sms til 48213341 eller på e-post signelb@hotmail.com
Marknad til inntekt for Grannatun
Grannatun skal ha sin årlege marknad like over nyttår for å få inntekter til det dugnadsbaserte grendahuset vårt.
På marknaden skal vi ha åresal og loddsal. Dette er ein lang tradisjon og ei av dei viktigaste samkomene i bygda. Dette er viktig for å ha nok inntekter til drift og vedlikehald av grendahuset og uteområdet.
Vi i marknadskomiteen 2018 har planlagt marknad sundag 14. januar 2018, men er då avhengig av å få inn gevinstar og gåver til åresal/loddsal frå krinsen.
Me håpar du vil vere med å støtte oss med gevinst, gåvekort eller eventuelt pengegåve?
Om du ikkje veit kva du vil gje som gevinst, kan pengegåve vere ein god ide. Då kan du til dømes gje 100 kr, så kan komiteen samle inn og kjøpe ein større gevinst. Til dømes kan det bli nytta til å kjøpe eit gåvekort eller liknande.
Dykk kan til dømes overføre dette til Grannatun sin Vipps. Vipps-nummeret er: 139467 og hugs å markere med «Til gevinst til marknaden».
Me vil kome rundt og ha gevinstinnsamling: tysdag 9.januar 2018
Alle bidrag er av interesse! 🙂
På førehand hjarteleg takk,
Klubbkveld og bytekveld
Smalahovefest på Espe
Kransalaging i Grannatun
Onsdag 29.november klokka 18.00 samlast me i Grannatun og lagar oss fine dekorasjonar til advent.
Om du har noko fint vintergrønt i hagen, er det kjekt om du tar det med. Til dømes brakje, sypress, tuja, sibirkornell, mispel og eføy er supert å bruka.
Lurt å ta med: Greinsaks og hanskar!
Bjørg B. Dvergsdal tek med seg mykje fint frå butikken som, som me kan supplera med. Håpe mange vil koma og vera med oss.
Me kosar oss med jolebakst og gløgg/kaffi/te.
PS: Kvar enkelt betalar Bjørg for dei tinga dei brukar til sin dekorasjon.
Arr: Børve og Sekse Bygdekvinnelag