I dag tidleg gjekk ein ny salve i «osten». Det vert arbeidd fleire stader langs anlegget. Me får tru at dei nyttar tida med stengd veg godt.
I ettermiddag køyrde tre trailerar – dvs ein av dei var ein betongbil – seg «fast» på Lofthussida av anleggsområdet, og måtte rygga. Det gjekk svært tregt.
Etter det me forstår skjer det stadig at det kjem bilar, der sjåførane tydelegvis ikkje har fått med seg at vegen er stengd. Mellom anna var ein av sjåførane utlending. Informasjonen er berre på norsk.
Det er ikkje noko problem når det gjeld småbilar, men trailersjåførar får meir problem når dei skal rygga fleire hundre meter før dei får snudd. Den eine av trailerane i dag, hadde svært store problem, etter det me får fortalt.
Pardoksalt nok er det ein fordel at vegen er stengd, samstundes som at det er det som er problemet.
Den 10.Oktober hadde grannabryggjo ekstraordinært årsmøte i Grannatun. Dette var og informasjon til medlemmene vedrørande økonomien i prosjektet. Som det står i referatet valde årsmøtet å bruka litt lengre tid for å få prosjektet i havn. Me vonar at meir tid til planlegging, større dugnadsinnsats, kan gjera at årsleiga på kvar båtplass kan reduserast. (sjå referat nederst på sida)
Styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter vil i samarbeid med styret setja ned ei gruppe som skal arbeida vidare med desse planane.
Styret i Grannnabryggjo her ved Inge Børve, Helge Hauso, Karl Arvid Andersen hadde synfaring i området i lag med Trond Helland i Marinegruppen. Her vart det diskutert den flytande delen av havne som skal bestå av bølgebrytarar og utliggjarar til båtane.
Me har fått melding om at det vil koma asfalt til Hovland i dag, fredag!
I dag kom kostebilen forbi her på Sekse. Me har ikkje fått tak i kontaktpersonen i selskapet som skal asfaltera, men sist me snakka med han, sa han at det «nærma seg».
No vel me å tru at «enden» er nær. Petter Sexe Ulriksen tok dette opp i formannskapet på måndag. Han etterlyste samstundes vegljos, som er prioritert på topp i Ullensvang.
Kan henda får me begge delar no. Asfalt fyrst!!!
SISTE
Me har fått melding om at det kjem asfalt til Hovland i dag, fredag!
Indre Austsio – eller gamle Sekse skulekrins – er no klar for innsamlingsakjonen sundag fyrstkomande.
Av Johannes H. Sekse
Kontaktperson Petter Sexe Ulriksen har fordelt bøsser og bærarar på dei ti rutene eller rodene, som det heiter.
Her lokalt er det for tida hjelpekorpset med alle redningsoppdraga til Trolltunga, som har sett Røde Kors – eller Raudekrossen – i fokus. Men organisasjonen er aktiv på utruleg mange felt – jorda rundt. Og i år er det den som er tildelt den årlege tv-innsamlingsaksjonen i NRK.
Slagordet i år er «Sammen får vi hjelpen helt frem». Eit bidrag tl innsamlinga er eit bidrag til å redda liv.
Sjølv om dei fleste kjenner kvarandre her i krinsen, skal alle bøssebærarane ha på seg ein klistrelapp med namnet sitt.
Målet med innsamlinga er å gje livsviktig hjelp til heile to millionar menneske – sivile ramma av krig og konflikt.
Om du ikkje er heime, kan du antan betala med mobilen: Vipps: valfri sum til 2133, på bankgiro nr. 8380 08 09005 eller senda sms TVA til 2133 (250 kroner).
TA VEL IMOT BØSSEBÆRARANE!!!! Dei kjem sundag mellom klokka 14.00 og 18.00.
Underteikna skal deretter syta for at bøssene med pengane vert frakta til oppteljing i Odda (på grunn av vegstenginga).
Les meir om aksjonen på: http://www.blimed.no/
TA GJERNE BILETE AV EIN BØSSEBÆRAR OG SEND INN TIL OSS
– epost: johannes.sekse@gmail.com – så me kan buka her på nettsida vår.
Inga Sandstå har 2 år på rad mista eine bringeklutsylja si (borenål). Me håpar difor nokon har funne den/dei, og teke vare på dei. Om me er så heldige er det berre å ta kontakt med Inga eller IAG.
Mikael 1 har alt hatt fleire turar frå Kvednarauga/Deildo til Markastå med jord- og steinmassar. I alt skal det fraktast 60 000 kubikkmeter. Aga har fått 6 000, medan heradet enno ikkje har klare planar for utfylling på Lofthus.
Planane for området omfattar alt frå småbåthamn, til klubbhus, padlesenter m.m. Det er elles knytt til rasteplassen til høgre i biletet.
Grannabryggjo minner elles om omframt møte i «Grannatun» den 10. oktober!!!
Riksveg 13 forbi Deildo vert heilt stengd i tre veker! Båtskyss skal knyta bussane saman. Same ruter som i dag! Avtalar med sjukehus og ambulanseteneste på begge sider er på plass! Men også sterk kritikk for manglande informasjon.
Tekst og foto: Johannes H. Sekse
Dette var essensen under informasjonsmøtet i gymnastikksalen på Sekse barnehage onsdag. Salen var fullsett av vegbrukarar både utom og innom anleggsområdet. I tillegg møtte ordførar, rådmann og deler av formannskapet, Statens vegvesen og entreprenøren «Contexo».
Mykje av tida gjekk med til utblåsing etter all frustrasjonen som oppstod i samband med det kraftige regnveret siste veke. Mellom anna vart vegen stengd slik at skulebussen frå Lofthus vart ståande i halvannan time utan at det vart gjeve informasjon til foreldre og pårørande.
«Kanskje ikkje så klokt»
Prosjektleiar Terje Dagestad understreka at det ikkje var rasfare som gjorde at vegen vart stengd, men rett og slett at dei ville venta til veret roa seg. «Det har aldri har vore så trygt å ferdast på denne strekkja som no», sa han.
«Stengjing rett før skulebussen, var kanskje ikkje så klokt» sa ordførar Solfrid Borge, med adresse vegvesen og entreprenør. Ho vedgjekk elles at dei hadde stor forståing for at foreldra var redde. «Informasjonen har vore altfor dårleg og at me kan berre verta betre», sa ho.
«Skyss» og heradet har ansvar for transporten, og for at ungane kjem seg trygt til og frå skulen. Det var heradet som betalte båten sist veke.
Etterlyste prosedyrar
«Det er lov å halda borna heime ein dag utan at det vert registrert som fråver», sa ho og understreka at dei tok alle meldingar, mellom anna eit brev frå 40 foreldre, på alvor. Av den grunn kalla ho inn formannskapet på måndag.
Bente Moe Svoldal og Knut Børve var særleg kritiske til at dei ikkje fekk informasjon, mellom anna då skulebussen måtte venta ein og ein halv time på veg heim.
«Eg fann ikkje informasjon korkje på heradet eller skulen sine heimesider», sa han, og etterlyste planar og prosedyrar.
Ordføraren sa at dei hadde slikt, men at situasjonen førre veke var spesiell. Uansett vedgjekk ho at heradet har vor altfor dårleg på info. Statens vegvesen skal og skjerpa seg, men det er til dømes strenge reglar for bruk av dei digitale tavlene, som til dømes den i Odda. «Det er også grenser for kor mange av dei gule skilta ein kan bruka, før det vert for mykje», sa Dagestad.
Livredde
Som varsla kjem vegen til å verta heilt stengd frå klokka 00.00 måndag 17. oktober. Klokka sju om morogonen kjem kjempesmellen, som skal fjerna ein tredjedel av den såkalla «Osten». Namnet har han fått på grunn av at heile fjellet er full av store holer. Mellom anna dei to som det såkalla Velurepakket budde i, i si tid.
«Me var livredde for «Osten». Difor sikra me han – både på grunn av at vegen kunne forsvinna heilt, og for tryggleiken for dei som arbeider der», sa byggjeleiar Terje Nesse, då han informerte om bakgrunnen for langstengjinga..
Entreprenøren sikra dei store blokkene på toppen med sensorar som varslar om dei rører på seg. Difor er det tryggare enn nokon sinne å plasser her nett no, stasfesta Knut Brusletto frå entreprenør Contexo.
«Etter tjue år i bransjen har eg aldri har opplevd liknande fjell og utfordringar», la han til.
«Me vurderte fyrst å ta han bit for bit, men fann det som for risikabelt og krevjande», forklarde Nesse.
Osten» i tre omgangar
Difor vil dei ta «Osten» i tre omgangar. Dei store blokkene og fjellet elles vert perforert med borehol, slik at det berre skal vert mindre blokker som dett ned. I tillegg skal vegen fyllast med massar for å stå seg betre mot det som kjem, når storsmellen vert avfyrt klokka sju om morgonen den 17. oktober.
den fyrste veka etter det, går med til uttak av masse. Dei to siste til sikring. Samstundes vil det verta arbeidd på spreng på fleire stader langs anleggsområdet. Vegen opnar att den 5. november klokka 16.00!!
Om ein må langstengja fleire gonger, kan ingen seia sikkert no. Håpet er at dei skal sleppa. Og etterkvart som arbeidet går fram, reknar ein med mindre stengjing enn det har vore til no.
Den «nye» vegen vil verta 7 meter brei, pluss skuldrer/grøfter.
Båt, buss og ambulanse
I stengjetida vil det verta sett opp ein stor båt med plass til minst hundre passasjerar., mellom Børve og Lofthus. Dagens bussruter skal gå som normalt. I tillegg kjem ein del fleire båtavganger. Endeleg rutetabell vil verta annonsert i lokalaviso og på nettet.
For å takla parekeringsbehovet, har ein fått frigitt heile Røyse på Lofthus, medan ein vil tillata parkeringa langs riksvegen på Børve.
Ein arbeider og med å få fleire avgangar på ferja mellom Kinsarvik og Utne, men det er ikkje liketil, i fylgje representantane frå vegvesenet.
Både Nesse og Dagestad understreka at dei lokale vegbrukarane har vist stor fortåing og vore flinke å tilpassa seg.
Rådmann Magnus Steigedal kunne elles fortelja at det er avtalt rutinar med både sjukehusa og ambulansetenesta på begge sider.