Dette intervjuet hadde me med Tale Hauso då ho byrja som medarbeidar i «Grannanytt». No håpar me endå fleire kan verta litt betre kjend med henne.
Ho brukar bilen til kontor. Det kjekkaste ho veit er å dansa og å koma seg til fjells med sauene.
Av Johannes H. Sekse
Det er ei smilande og sprudlande blid jente som svingar BMW-en opp i tunet her på Øvsta Sekse. Me har avtalt eit lite intervju. Og me byrjar like godt med:
Kem æ du?
– Eg er 24 år og av god fjorda-blanding. Far min kjem frå vestsida, mor frå Odda, der eg og vaks opp, og etter ein joladans på Espe for sju år sidan, hamna eg her på Austsio.
Ville heim att
Det var nemleg der og då ho møtte Jan (Sandven) som hadde kjøpt gard på NedreBørve.
Har du alltid hatt lysta å verta journalist?
– Vegen har vel gått seg til etter kvart og har gjerne vore styrt av ein del tilfeldigheiter. Men eg har alltid vilja heim att til Hardanger.
Etter tre år ved Odda vidaregåande skule, studerte Tale ved Universitetet i Bergen. Der tok ho Bachelor i statsvitskap – Samanliknande politikk. Etter det søkte ho og kom inn på NRK Nynorsk Mediesenter i Førde. Praksisen fekk ho i NRK Hordaland, som truleg vart døropnaren dit.
Fyrst fekk ho eit vikariat for Marte Rommetveit på Stord. Då Egil Torheim gav seg, dekka Tale både Sunnhordland og Hardanger ein periode. Då stillinga hans vart lyst ut, søkte ho og fekk jobben.
Glad i dataskjermar
Den nye medarbeidar- og redaktøren i Grannanytt, er over snittet glad i dataskjermar, slett ikkje noko hinder i NRK-jobben heller. Radio, nett og tv. I dag må du kunna alt. Hovudgesjeften er å laga ein god og aktuell lokalradio, men kvardagen skiftar fort.
Seinaste nokre dagar før dette intervjuet, måtte ho rykkja ut til husbrann i Odda og dekka saka for Dagsrevyen. Så var det nesten rett over på Klassequiz dagen etter – stor overgang frå noko djupt tragisk til noko langt meir triveleg og kjekt.
At Tale er glad i å prata med folk, likar seg saman med andre og alltid har vore glad i å skriva, er heller ikkje til meins i jobben hennar.
Ålreite dyr
Plan B var lærarutdanning. Men ho kunne like fullt ha hamna der ho er i dag for det. Det er nemleg svært vanleg at lærarar vert journalistar – som til dømes både underteikna og forgjengaren hennar, Egil Torheim.
Heime på garden, der dei driv med både sauer og frukt, hjelper Tale til med det meste. Det har vore svært mykje å gjera med bustadhuset og løo. Så då er det eit spørsmål om det vert tid til nokon hobbyar.
– Å joda! Ein del i alle fall.
Tale deltek på trim/trening både på Sekse og Lofthus. Ho er glad i dyr. Sauer er som sagt ålreite. Og så er ho ekstremt glad i å gå i fjellet.
Toppen er ei veke i Kinsekvelv
Toppen er difor å kunna gå til fjells med sauene. Eller å ta seg ei ferieveke i Kinsekvelv – for å sjå etter sauene og slappa skikkeleg av.
– Det er det eg gler meg mest til av alt, smiler ho og legg til at dansen kjem på ein god andreplass, med «Swing» på topp.
—–
Tale er ei jente med begge beina planta på jorda – sjølv om jo arbeider i eteren, for å seia det slik.
Reportasjen om kakefesten og opning av det fantastisk flotte poskassehuset i Flisabakken, gav eksplosiv auke i besøkstalet på IAG si heimeside.
Av Johannes H. Sekse
Som kjent har Indre Austsio arbeidd lenge med å få på plass ei ny heimeside. Ho har vore ferdig ei stund no, men på grunn av ferietid og sommar, har ein ikkje kome skikkeleg i gang. Fylgjeleg har det vore lite trafikk og tilsvarande lite interesse for sida vår.
Etter eit lite lynkurs på fredag, fekk me lagt ut ein reportasje om det flotte poskassehuset, og det førde til ein eksplosjon i visittalet, som auka frå 1 til 21 visningar – eller 2000 prosent oppgang. Og ein auke frå 3 til 87 aktive brukarar – som utgjer 2800 prosent!
21 visningar og 87 brukarar er derimot ikkje så imponerande, viss me ser litt reaistisk på dette. Men å hoppa frå bortimot dvale – til å røra litt på seg, er dette ein god start.
Det er langt att til målet vårt – om å få ei oppegåande side, der «alle» får lyst å vera innom minst ein gong om dagen.
Det er ambisiøse mål, men me er motiverte. Og så treng me innspel.
Dei ulike organisasjonane kan sjølve leggja ut stoff på sitt eige området, og nokon gjer det alt. Andre vil få opplæring. Det er berre å ta kontakt.
Alle andre kan senda tips, bilete og saker til denne epostadressa:
Det er for tida berre ei hending som er varsla for heile Indre Austsio for tida. Og det er Oksenturen til Il. Føyk.
Redaksjonen oppmodar difor alle – privatpersonar, lag og organisasjonar om å senda inn melding om tilskipingar eller hendingar som dei ynskjer å kunngjera.
For å gjera det litt enklare enn før, kan tekst, bilete m.m. sendast som epost til:
johannes.sekse@gmail.com
Ta gjerne kontakt på telefon 411 05 951 om du lurer på noko.
«Takk for fine fuglar», seier Ragna Kvalnes. Saman med dei andre som bur i «øvregato» i Flisabakken, har ho nett vore med på offisiell opning at eit fantatisk flott postkassestativ.
Av: Johannes H. Sekse
I langt tid har dei som bur i Flisabakken sett på at det gamle postkassestativet heldt på å forfalla. Eternittaket forvitra, stativet var veldig stygt og skeivt og avisene var våte.
Det var fyrst då Gunnbjørg Midtbø flytta hit, at det skjedde noko. Frå huset sitt såg ho rett ned på stativet.
-Ein dag kom ho og spurde om ikkje me skulle få gjort noko, seier Laila F. Sandstå, som har laga ei kjempegod molteblautkake til opningsfesten.
Laila tente på ideen, og kontakta nabo og fuglefotograf Anne Marie Korhonen med spørsmål om det kunne la seg gjera å få fuglemotiv på dei nye kassane, som sjølv hadde vore inne på tanken.
Dermed vart prosessen sett i gang med grundig planleggging, prosjektering, teikning, innkjøpa av det som trogst og mykje dugnadsarbeid. Den vesle vegstubben er sjølvhjelpen med dei alle fleste fagområda og nokon er som poteto – brukande til det meste.
Alle – bortsett frå ein – kjøpte nye, kvite postkassar, og Anne Marie fekk laga store klebebilete av ulike fuglar – alle fotograferte i Flisabakken. Kvar husstand har fått sin fugl.
Nybygget er truleg det finaste og mest spesielle i heile landet, meiner Laila. Det store taket, gjer at dei står godt skjerma for vind og regn når dei hentar posten sin. Også postdamo har kome med vellete. I tillegg til postkassane er det to radlebenkar der naboane kan løysa store verdsproblem som kommunestruktur og småbåthamn. Når kvelden trekkjer på, slår lyset seg på. På veggen er og ei oversikt med informasjon om dei ulike fuglane.
Når dei hadde lagt så mykje arbeid i verket, kunne dei ikkje ta det skikkeleg i bruk før det hadde fått ei skikkeleg offisiell opning. Dermed kalla Flisabakken Vel inn til postkassefest på torsdag (11. august).
«Ta med kopp og godt humør!» stod det på plakaten. Og det gjorde dei. Seremonien starta med at Liv Turid Hjeltnes, ikledd serveringsbunad, sende champagnekorken høgt i veret. Det var naturleg nok Anne Marie som fekk æra av å klippa den staselege snora, godt supplert av snorhaldarane Kjell Sandstå og Anve Tveit, medan Laila F. Sandstå kom med saksa – på ei flott pute.
Deretter samla alle seg rundt langbord til opningsfest. Anve Tveit hadde også laga ein eigen kviss med mange spørsmål som stort sett var knytte til nabolaget. Eit av spørsmåla var kor mange familiar som hadde budd i lærarbustaden. Og rett svar er sju.
2016.08.18 Viktig melding: På grunn av for få påmelde må fjordaturen utgå. Eg tek sikte på å ta turen til Oksen likevel og køyrer med bil. Ta kontakt dersom du ynskjer å bli med.
Føyk IL inviterer til fjordtur for alle og topptur for dei som vil!
Me reiser med MS Lindenes («Sinkskøyto») frå Børve til Oksenhalvøya. Føyk sel vafler, brus og kaffi ombord på fjordcruiset.
Planen er å leggja til ved kaiane på Tjoflot og Djønno. Frå Tjoflot kan dei som vil bli med på topptur til Oksen (1241 moh)), eller ta ein kortare tur oppover lia, for eksempel til Tjoflotstølane (600 moh). Dei sprekaste kan frå Oksen gå ned til Djønno og bli henta der. For meir info om turane kontakt Geir Guddal (907 94 640). Sjå også info frå «Visit Ullensvang» for Oksen
Det går også an å berre hyggja seg i båten eller på kaien. Dette er ein tur for alle: familiar, ungdom, vaksne og pensjonistar!
Grovplanen er:
09.00: Avreise frå kaien på Børve mot Tjoflot
10.40: Tjoflot kai
16.30: Avreise Tjoflot kai mot Djønno
18.00: avreise Djønno kai
20.00: Børve kai
Familiepris for Føykmedlemmer er kr 400. Enkeltmedlemmer Føyk kr 200. Andre kr 400 per stykk, familiepris kr 1200 (opp til 5 stk). Då turen er vêravhengig tek vi betalinga under turen eller i etterkant.
Sjå elles Facebooksida til Føyk for eventuell tilleggsinformasjon.
Påmelding innan 15.08.16 til Brit Ulriksen, (934 89 371), eller Bente Svoldal (918 59 388).
Andre norske navn ; Kvannjol, jol, kvanj, kvanne, kvannegras, erkeengelurt
Kvann var tidlegare ei vanleg plante på Hardangervidda, men var ein periode sjelden å sjå. I seinare år har arten teke seg opp att. Kvann er ei toårig plante som veks i dei nordlige delane av Norge, Sverige, Finland, Færøyene og Island. Det fyrste året veks det berre blad, men i løpet av det andre året får den ei stamme som kan verta opp til to meter høg.
Kvann var særs viktig i tidlegare tider til medisinsk bruk og var tillagt mange eigenskapar
URTENS EGENSKAPER OG VIRKNING
Kvann er en bittersøt og aromatisk urt. Den er angitt å ha følgende egenskaper: Appetittvekkende, magesaftstimulerende, magestyrkende, slimløsende, hostelindrende, krampeløsende, varmende, nervestyrkende, urindrivende, svettedrivende, febersenkende, blodrensende, desinfiserende, antibakteriell og sopphemmende.
URTEN KAN BRUKES VED FØLGENDE HELSEPLAGER / SYKDOMMER
Droger av kvann kan brukes ved liten appetitt og dårlig fordøyelse, anoreksi, innvollsorm, forkjølelse, luft i magen, kolikk, hoste, bronkitt, slim, betennelser, blærekatarr, skjørbuk, dårlig blodomløp, Buergers sykdom, pest, kolera, dysenteri, revmatisme, reisesyke og blodmangel.
Eit strålande eksempel på at det nyttar å kjempa. Det er flott å sjå at politikarane let seg påverka og kan snu i saker som har så stor betydning for eit levande bygdesamfunn.
Videreformidlar skriv til alle IAG sine medlemmer frå Cristine Taklo Schmidt i Tyssedal Tilflytterforening :
» Vi vant kampen om Tyssedal barneskole!! Det var en stund det virket umulig, men jammen klarte vi det til slutt.
Tusen, tusen takk for all hjelp og støtte vi har fått fra Grannarlaget. Vi har merket oss at fleire medlemmer har støttet oss, gjennom sosiale media, uttalelse, oppmøte på folkemøte og oppløftende ord underveis.
Kan dere være så snill og videreformidle takk for støtten? Den har vi satt umåtelig stor pris på. Det har vært en lang kamp, og det har vært kjempeviktig for oss å vite at vi hadde flere i ryggen.
Kontakt oss når dere trenger hjelp. Vi ser verdien av levende grender, og dette må vi kjempe for. Sammen er vi sterke!
Føyk har vunnet alle 4 kampane til no i år. Totalt skal det spelast 9 kampar. Kampane blir spelt på Aga (Skotamyr), Tyssedal, Lofthus (Hordatun) og Odda stadion. Laget sin toppscorer er Jon Aslak Herstad med 6 mål.
IAG var den 13.06 16 i møte med Ullensvang Herad angåande planlagt byggjefelt i Markastå på Sekse.
Planleggar Kent Håkull er inne i si siste arbeidsveke i Ullensvang og startar på ny jobb i Odda. Han har i samarbeid med Norconsult utarbeidd reguleringsplan for Markastå. IAG har vore så heldige og fått bistand frå Per Berge (Berge Sag) som konsulent i denne saka. Han har kome eins ærend frå Ølen tre turar for å hjelpa oss. På denne måten har me kunna vore med og påverka prosessen. Han er ein ekta «bygdamann» som brenn for bygdane . Me er han stor takk skuldig.
Ferdig reguleringsplan skal visst alt går greit leggjast fram for heradsstyret på møte 5. September. Etter det vert planen lagt ut til 1. gongs høyring.
I planen er det lagt til rette for ein blanding av hus i rekke, tomannsbustad og einebustader. Til saman ca 15 bueinheiter. IAG er part i planen og me vil halda medlemmene orientert om utviklingen.
Frå IAG møtte tre medlemmer og Per Berge. Frå heradet møtte Kent Håkull, John Ove Rørnes og Magnus Steigedal