Barne- og ungdomstrening
Her finn du oversikta over barne-og ungdomstreninga: Barne-og-ungdomstrening-haust-2019
Hjartestartar
Me har i lengre tid prøvd å få hjelp til innkjøp av hjartestartar for krinsen vår.
Fekk no den hyggelege meldinga at me er tildelt hjartestartar frå «Almennnyttige midlar» i Sparebanken Vest for tildelingsåret 2019
Me takkar Sparebanken Vest for denne flotte gåva. Me vil no starta ein prosess med kor me skal plassera startaren. Me vil gjerne ha innspel til kor den bør monterast !!
Denne fyrste startaren me har i vår krins syns me det var naturleg å plassera i miljøet kring Barnehage, Grannatun og Båthamn/Badestrand. Me har allerede ein person som skal finna ut av korleis den bør monterast og beskyttast på beste måte.
Den skal vera lett tilgjengeleg og sentralt plassert. Me ser for oss å få ein kyndig person til å informera og rettleia oss om bruk . Då bør me ha representantar frå dei ymse lag og organisasjonar tilstades.
No kjem vegljosa
For 31 år sidan var det synfaring langs Seksevegen med tanke på å få vegljos frå Hovland til Markastå. No kjem det! Endeleg!
Fartsskilt. Det gjekk raskare å få på plass fartsskilt på Seksevegen, enn ljosmaster. Men no kjem dei og.
Nesten tretti år tok det før noko meir skjedde. Etter påtrykk frå Indre Austsio Grannalag (IAG), vart prosjektet proritert på topp av Ullensvang heeradsstyrre. Etter det, løyvde Hordaland fylkeskommune to millionar kroner. Men tida gjekk utan at det kom noko konkret ut av det. Etter kvart var mange redde for at dei løyvde pengane skulle verta trekte innatt.
Men så kom Marit
(Marit Ystanes, Tenesteleiar Teknisk drift og Samfunnsutvikling i Ullensvang herad.)
Rett nok har også ho møtt mange fartsdumpar, men ho har heile tida arbeidd med fokus på å få prosjektet på plass.
Som lesarane våre veit, gjekk ein vekk frå straumkablar og grøfter/luftspenn, og det vart arbeidd vidare med solcelledrive vegljos.
– Det er eit sterkt ynskje frå heradet å få til vegljos på heile strekninga, skriv Marit i ein epost til heimesida vår. Men dei to prøvemastene viste seg å vera mangefulle og fungerte ikkje.
Synfaring den 16. april: Frå venstre Marit Ystanes, Dag Magne Maberg, BTG AS, Svein Miljeteig frå Mesta AS og Trygve Raen, BTG AS. Dei slo fast at prøvemastene rett og slett ikkje fungerte.
Etter ein prøveperiode i vinter, tok everandøren og produsenten av Solcellemastene, firmaet BTG AS, ny kontakt med både Marit og leiaren i IAG, Karl Arvid Andersen, for å informera om at det vart oppdaga feil med koblingar i fleire av dei utsendte prøvemastene – noko som gjorde lading av batteria dårlegare. Dette var truleg også grunnen til at mastene vart utlada i vinter.
I tillegg var panela lause og blafra i vinden
No har dei utvikla ei ny mast «Ilume 2.0» med integrerte solcellepanel på masta – på alle fire sider. Batteria er plassert nedst på stolpen. Mastene vert levert med to batteri, men har plass til to ekstra.
Slik ser dei nye mastene ut. Foto: BTG.
Marit Ystanes ynskte då at produsenten skulle koma og sjå området for å få vita meir om værforhold og høge fjell – og til tider mykje regn. Dei kom den 16. april.
Dei fann fleire feil med prøvemastene, mellom anna dårlege koblingar. Etter synfaringa, uttalte Trygve Raaen, grûnder og dagleg leiar i BTG :
«Såvidt jeg kan bedømme virker Sekse å være en godt egnet sted for installasjon av soldrevet gatelys. Her er det åpent og luftig, og lite som kan kaste skygge på solpanelene. Vi har så stor tro på dette prosjektet at vi har lagt 3 års driftsavtale med i tilbudet vårt».
– Det betyr at dei vil fylgja opp drift og vedlikehald dei fyrste tre åra, seier Marit. Produsenten av mastene ser dette som eit svært spennande prosjekt – og er stolte over å få vera med på utvikling av eit framtidsretta og miljøvenleg løysing på vegljos.
Brukte ferien. Marit Ystanes brukte nokre dagr av ferien sin, for å førebu den vidare prosessen. Difor stiller ho her i «sivil».
Onsdag 3 juli vart det halde synfaring med Mesta AS, for å merke plassering av mastene. Det vert trong for rundt 83 master på heile strekninga. Og mastene vil verta montert i haust slik at det vert lys over Sekse til vinteren.
Arbeidet med å støypa/tilretteleggja fundament, er no kome i gang. I dag, 12. august, er det finmåling og justering for plassering av matene, etter at Marit faktisk brukte fleire dagar av ferien sin, for å grovmerka plasseringspunkt.
Siste finish. For å vera heilt sikker på at avstandar og plassering stemte med notatane, gjkk ho ein ekstra runde.
Marit Ystanes ynskjer så sterkt ho kan å beklaga at saka har teke lang tid. For også etter at ho kom inn i biletet, har det vore mykje fram og attende. Heradsstyret har fått høyra om Vegljos Sekse jamt og trutt sidan ho starta i august i fjor.
«Kanskje var det «hell i uhell» at dei «gamle» solcellemastene «Ilume 1» ikkje fungerte som dei skulle – og at det i mellomtida vart utvikla ei betre mast som også er «smekrare» i utsjånaden. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.», seier Marit Ystanes og håpar at alle som bur langs vegen vert nøgd med løysinga.
Bryggeplattingen snart ferdig
Dugnadsinnsatsen har vore stor. Så stor at det gjekk tomt for plank og skruer. Me får skylda på litt logistikk og leveringsproblemer.
På grunn av feilleveranse av Neumann i Odda stilte dei opp samme dagen med ny levering. Takk for god service !
No er det klart for ny innsats. Plank og skruer på plass. Alle som vil ta eit tak er velkomne fyrstkomande tysdag kl 1700. Snart er me ferdig med trinn 1 som er å gjera ferdig dekket.
Så vert det bygging av » skjørt » som går frå bryggekanten og ned i sjøen. Deretter vert det kun utsmykking som gjenstår.
Føyk og IAG har løyvd ytterlegare 15000,- kvar. Då håpar me å vera i mål med bygging av sjølve kaien. Då får me eit areal på ca 200 m2 å boltra oss på.
Jonsokfeiring
Arbeidsvillig ungdom
Dugnaden fortset på bryggjo i Markastå
Golvleggingen er no halvveges !
Ungdomen har gjort sitt inntog og det er svært gledeleg. Dei står på og stiller med verktøy og utstyr. Mange har stilt opp mange gonger. Det er viktig for å føla litt eigarskap at flest mogeleg stiller opp. Unge og eldre . Det er faste dugnader kvar Tysdag og Torsdag kl 1700
No er me nesten tomme for material og neste dugnad vert Tysdag 18. Juni. Kaien får eit totalareal på 200 m2, kledd med trykkimpregnert plank. Tusenvis av rustfrie skruer går med. No må me nok ut og prøva å få tak i meir pengar. Berre sjølve kaien nærmar seg no ein kostnad på 300 000 kroner. Så langt betalt av Føyk og IAG uten noko form for støtte utanifrå.
Me har all grunn til å vera stolte av alle dei som stiller opp på dugnad gong etter gong. Ta gjerne kontakt med Øyvind Andersen og Magne Kvalnes for spørsmål. Ellers er det berre å stilla opp med batteridrill, meterstokk og blyant ! Dei som ikkje kan delta med arbeid, still gjerne med kaffi og noko å bita i.
Helsing frå dugnadsgjengen
Fiskefestival på Espe!
Det vert arrangert fiskefestival på Espe søndag 16.juni.
Her er alle hjarteleg velkomne til å prøva fiskelukka og treffa gode grannar.
Det vert sal av grillmat, brus og litt attåt. Det vert fiskekonkurranse med premiar og annan moro.
Pris per deltakar er 50 kr og 150 kr for familie. Det vert fisking frå land og om du ynskjer kan du koma med eigen båt.
Arrangementet byrjar på kaia på Espe kl. 14.00.
Vel møtt!
Helsing komitéen
Dugnad på bryggjo vår
Dugnaden på bryggjo fortset framover kvar tysdag og torsdag kl 1700 (bortsett frå helgedagar)
Ikkje alle har verken anledning eller helsa til å møta. Men dugnadsgjengen tek gjerne imot ein kaffikopp og noko å bita i .
I såfall tek dei gjerne ein pause ca 1830 ï morgo ;