Espe grannalag takkar alle som har støtta dei i samband med adventsbasaren. Pengane går til nytt koppeservice i Grendahuset. Trekning av lotteriet er vedlagt.
Espe grannalag takkar alle som har støtta dei i samband med adventsbasaren. Pengane går til nytt koppeservice i Grendahuset. Trekning av lotteriet er vedlagt.
God Jul til alle våre medlemmer !
IAG har ca 320 betalande medlemmer. Det syns me er kjempebra ! Me arbeider for at Indre Austsio skal ha ei framtid både for dei som bur her og dei som kan tenkja seg å flytta hertil.. Tidene endrar seg og byen fristar for mange. Me treng noko som fristar folk å flytta heim att. Det er ikkje lenger nok med fjell og sjø. I dag har me verken hus eller tomter å lokka med. Uten dette vil me tapa kampen om tilflyttarane.
Me tapte kampen om skulen vår. Kva vert det neste ? Barnehagen ?
Visst barnetalet minkar trur eg me er i trøbbel. Det er betre å innsjå det no og ikkje når det er for seint.
Me vonar at fylgjande prosjekt kan vera med på å auka interessa for å bu i vår krins.
Grannabryggjo :
Fredag 02.12 var me i møte med Statens Vegvesen i Odda angåande levering av massar frå Deildo.
Me fekk der skrive under på ein avtale som gjer at me kan sjå framtida til Grannabryggjo ljosare i møte.
Dei vil gjera ferdig vårt prosjekt før dei forlet oss. Fyllingen vil dekka totalt 6000m2 sjøbotn. Både molo og større landområde. Dei vil fylla til + 2m. (over havnivå)
Dette åpnar for at me kan realisera våre draumar om ei båthavn og ein aktivitetspark. Hugs at dette er eit prosjekt for alle i krinsen, ikkje berre båteigarane.
Byggefelt Markastå:
Heradet starta for fleire år sidan ein prosess for å tilretteleggja for tomter i Markastå. Dette vart midlertidig stoppa etter funn av fornminne. Heradet har no sett i gang att denne prosessen. Den nytilsette planleggar i heradet Randi Karin Tveit har lova å leggja fram reguleringsplanen til fyrste møte i plan- og ressurs komiteen etter nytt år. Det er gjort framlegg i budsjettet om at heradet løyver 2 mill i 2017.
Tanken er å dra i gang eit offentleg/privat utbyggingsprosjekt.
I framtida skal dei eldre i større grad enn tidlegare bu heima så lenge som mogeleg. Den tradisjonelle aldersheimen kjem gradvis til å forsvinna og verta erstatta med omsorgsbustader og sjukeheim. Me treng då bustader tilrettelagt for at eldre skal kunna fungera heime. Kanskje ein kombinasjon av einebustader/leiligheter og tilrettelagte eldrebustader er vegen å gå. Me treng både unge og gamle i bygdene.
Gateljos over Sekse :
Dette har vor ein laaang prosess. Me vart for ca 2-3 år sidan prioritert på 1. plass for trafikksikringstiltak på fylkesvegar i heradet sin langsiktige plan.
Me har etter det gått mange rundar med vekslande samferdslepolitikarar i fylket om løyving av midlar.
Det er no vossingen Nils Bjørke (SP) som leiar samferdslekomiteen i fylket. Ordførar Solfrid Borge har hatt samtalar med han om løyving av pengar. Me har nyleg møtt Solfrid i Kinsarvik og diskutert dette. Ho stadfesta at ho har snakka med Nils Bjørke, som hadde sagt at han skulle prøva å finna midlar til gateljos. Ho lova og at ho skulle ringa han opp att og purra . Men ho seier i klartekst at me skal få gateljos. Me har venta lenge nok !
Det er fleire som har kome til IAG og sagt at dette må me arbeida for. Det er så mange mørke parti på denne vegen at ungane ikkje torer å gå aleine. Vegen er og veldig mykje brukt som trim/tur løypa. Spesielt i den mørke årstida.
Det har vore sagt mykje negativt om heradet, men IAG har heile tida hatt ein konstruktiv dialog med heradet og fått støtte og hjelp til våre prosjekt. Men me må nok framover i endå større grad «trø» til sjølv og kjempa for det me vil ha til. Då er alt mogeleg.
Det vil alltid vera forskjellige meiningar om saker me arbeider med. I eit grannalag er det plass for alle. For eller i mot. Oppfordrar alle til å koma med innspel om saker me arbeider med og saker me bør arbeida med framover.
Oppmodar dei som sit på aktuelt stoff,historiar, bilete etc å ta kontakt med Johannes Sekse slik at han kan publisera det på heimesida – og facebook sida til Indre Austsio Grannalag.
Ynskjer alle ei god Jul og godt Nytt år
Karl Arvid Andersen
Leiar IAG
Tysdag fyrstkomande opnar Hardanger Handbryggeri direkte utsal frå bryggeriet på Børve.
Av Johannes H. Sekse
Dette melder bryggeriet sjølv på si eiga heimeside. Ølet deira har vorte sværtr godt motteke i butikkane, og no opnar dei i tillegg eigne dører for direktesal.
For å setje litt ekstra stas på opningsdagen, vil dei gjera eit par ekstra stunt:
Det vert ope fast kvar torsdag klokka 16.00-19.30 heretter.
Torsdagen i romjola vert det også bryggedag samstundes med sal. Då kan dei som ynskjer og har tid, koma og sjå mendan dei bryggar øltypane Spøkjetyst og Haarteigen.
Laurdag og sundag vart det tent jolegraner fleire stader i krinsen vår – Indre Austsio.
Her kjem ein liten biletkavalkade:
Bygdekvinnelaget samla også i år ein fin gjeng kreative damer som laga seg flotte dekorasjoner til adventstida.
«Mennene uteblei, men dei får nyta det fine som kjem heim etter ein slik kveld.»
«Kvalitetstid dette med gløgg, jolebakst og mykje god mingling», skriv Edel Karin E. Alpen.
Ein del eldsjeler har den siste tida planlagt og tilrettelagt for joletre med ljos utanfor Grannatun. Sundag ettermiddag, 1. sundag i advent, vert ljosa tende.
Etter langvarig kulde, kom mildveret i helga. Laila F. Sandstå fanga opp dette steinspranget som kom ned i riksveg 13 litt utom Espe.
Ei påminning om den årstida me er inne i.
I fylgje Yr.no vil temperaturen halda seg over nullen den nærmaste framtida. Fredag kan det verta litt sludd.
Fleire har kanskje sett grøfte som er gravd frå Grannatun og nordover. Me hadde lyst å lysa opp den mørke førjulstide med å setja opp eit jolatre ved Grannatun. Me har fått løyve av Grannatun til å ta straum derifrå. Jolatre får me hjå Sjur E. Børve eller Arne Sandstå. No er kabel lagt til enden av grøfte, men me skulle gjerne hatt ein liten kumme der for å beskytta straumkontakt etc.
Er det nokon som har ein kumme eller eit betongrøyr liggande som dei ikkje skal bruka ? Kan ha ein diameter på mellom 30 og 50 cm. Kanskje ca 30-40 cm høg (ev. betongrøyr som kan kappast til rett lengde)
Ta kontakt med Anve Tveit dersom de har noko liggjande ! Me satsar på å tenna ljoset på 1. sundag i Advent.
Me oppfordrar og medlemmer frå Espekrinsen å setja opp eit joletre ved Espe Grendahus dersom de ynskjer det !
Oppmålingsforretning i Markastå.
Statens Vegvesen Region Vest har varsla om at det skal haldast oppmålingsforretning på Gnr 80, Brn 5 i Markastå.
Det skal fastsetjast grenser for frådeling av areal til Grannabryggjo på Sekse. Alle med nabogrenser til eigedomen og Statens Vegvesen var innkalt.
Dei som møtte var : Magne Eivind Moe frå Ullensvang Herad og Karl Arvid Andersen frå Grannabryggjo.
Landmålar Bente Elin Hereid var oppmerkingsansvarleg for posisjonering av nye eigedomsgrenser.Bente Elin Hereid og Magne Eivind Moe med GPS posisjonering av grenser. Foto K.A.Andersen
Grannabryggjo har fått tilsendt detaljert avtale frå Statens vegvesen om levering av steinmassar frå Deildo. Denne er underteikna av Grannabryggjo og returnert Statens Vegvesen . Terje Nesse i Statens Vegvesen reknar med at levering av massar med lekter til Grannabryggjo ville foregå til ut November. Han har og forsikra oss om at dei ikkje reiser herfra før arbeidet med fylling er ferdig.
Lekteren har ikkje vore i drift denne veka. Me reknar med å verta informert om, når vidare transport kjem i gang att.
For Grannabryggjo
Karl Arvid Andersen
«4H står for veldig flotte og jordnære verdiar og byr på kvalitetsaktivitetar i eit samfunn med mykje fjas.»
Tekst og foto: Johannes H. Sekse
Meir treffande kunne ingen ha sagt det, enn klubbrådgjevar Mari Lid i Rossavarden 4H, då ho saman med Rannveig Børve og Torleiv Kvalnes delte ut heider og ære til dei flinke medlemmene i klubben sundag kveld.
IAG-nett sin utsende var også til stades på haustfesten i Grannatun. Dei aktive medlemmene i Rossavarden 4H er imponerande gode både på oppgåveløysing, lagsarbeid og som aktørar på scena.
Alle medlemmene fekk godkjent oppgåvene sine. Som vanleg på haustfestane i 4H, kunne foreldre og andre interesserte studera ustillingane ein times tid før sjølve festen starta.
Alle imponerte
Det ligg mykje arbeid bak kvar einaste oppgåve. Og alle imponerte. Her var alt frå styrearbeid og fotball til bruk av motorsag, friluftsliv, jakt, husdyr, baking og – fridykking.
Dei aktive ungdomane imponerte ikkje mindre då dei slo seg laus i eit knippe med friske revyprega småsketsjar frå scena.
Scenestunt
Me vil påstå at dei låg godt over snittet av det me har sett på slike festar før. Med inderleg innleving, kostymar og parykkar – og gode poeng som til dels var henta frå kvardagen i lokalmiljøet – fekk dei fram både smil og latter.
Mat og åresal
Kvelden slutta av med matøkt og åresal. Og etter at dei fleste av dei flotte gevinstane hamna på til dels få hender, kunne IAG-nett sin utsende triumferande retta opp åra då den bugnande hovudgevinsten vart trekt til slutt. Ei imponerande frukt- og sjokoladekorg.
Rekruttering og marknadsføring
Festen og ungdomane hadde fortent langt fleire frammøtte. Og etter det underteikna forstår, kjem dei til å prioritera både rekruttering av nye medlemmer neste sesong og meir marknadsføring av både aktivitetane i klubben gjennom året og i samband med haustfesten neste år.
Her kjem ei rekkje med bilete frå den flotte festen:
.