Bygdekvinnelaget inviterer til treningshelg i gymsalen på Sekse:
Program:
Fredag 12.januar:
Kl. 18.30-20.00 YogaFlow m/hovedvekt på sittende og liggende stillinger
Lørdag 13.januar:
Kl. 10-11.00 PowerStep (utholdenhet og styrke)
Kl. 11-12.30 Yoga Flow (AshtangaVinyasa Yoga)
Felles lunch etter treninga – bygdekv.laget handlar inn mat og drikke.
Søndag 14.januar:
Kl. 10-11.00 Styrke
Kl. 11-12.15 YogaFlow
Kjersti Minde Føllesdal frå Bergen kjem og har ansvaret for treninga. Ho er ei supersprek dame som er lærar i idrettsfag på vidaregåande skule på Sotra oginstruktør på Sats treningssenter i Åsane.
Det er høve til å vere med på dei øktene du har lyst til sjølve.
Ved påmelding må du gje beskjed om kva dagar/økter du vil vere med på, og om du vil ha lunch etter treninga om laurdagen.
Velkomen til ei inspirerande og sprek helg på Sekse!!
PÅMELDINGSFRIST: 7. JANUAR 2018
Påmelding til Signe Lise Børve på tlf. eller sms til 48213341 ellerpå e-postsignelb@hotmail.com
Fartsgrenser : Vil fyrst retta opp det som før er skrive om fartsgrenser på Fv 101. Det er to generelle fartsgrenser i Norge, 50 og 80 km/t. IAG har hatt kontakt med Statens vegvesen og køyrelærar i Odda for å klara opp i den forvirring som er gjeldande.
Sekse er ikkje rekna som tettbygde strøk og dermed er den gjeldande og generelle fartsgrensa 80 km/t. Dette sjølv om vegen er ca 3 m breid og 6 av gardsbruka vert delt av vegen som går mellom våningshus og løa. I vårt tilfelle når 30 km/t opphevast er då fartsgrensa 80.
Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken
Forbi Hovland er fartsgrensa 60 km/t. Når du køyrer inn på Seksevegen vert fartsgrensa automatisk 80. Eg har visst gått glipp av barnelærdomen. Etter at me hadde kontakt med statens vegvesen tok dei opp dette på møte og sjølv om det ikkje er kome skriftleg seiest det at den nye fartsgrensa vert 50 km/t. HURRA ! (Det burde vore lågare) På Rv 13 gjennom Tyssedal er det 40 km/t og endåtil gang-og sykkelveg.
Gateljos : Legg ved skriv frå Ullensvang Herad om tildeling av arbeidet. Når Ullensvang Herad sende søknad om midlar til fylket fekk dei Hardanger Energi til å rekna på kostnadar med oppsetting av gateljos. Dei kom til ein sum på 2 millionar. Dette var summen fylket tok stilling til . Ikkje veit eg kva forutsetningar som då vart brukt, men i vedlagt skriv der arbeidet er tildelt Mesta er kostnaden kome opp i 5 millionar ??? Grunnen til det er ifølge heradet at det er 80 km/t over Sekse og det fordyrar prosjektet i forhold til type anlegg som skal byggjast. Men dette burde vel vore sjekka på forhånd ??
Me ynskjer å levandegjera nettsida vår. Målet er at folk skal finna noko nytt nesten heile tida. Til det treng me også di hjelp!
Me i redaksjonen i «Grannanytt» og nettsida vår, kom saman for ei tid sidan. Me har alle vore travelt oppteke med mangt og mykje det siste halvåret. Men no satsar me på på ein «ny vår».
Me startar likså godt med namnet på nettsida. Sidan me kallar papiravisa vår for «Grannanytt» fann me ut at «Grannanett» var eit bra namn.
Her vil me leggja ut stoff etterkvart som me har noko å melda – antan det er noko nytt, eller noko kjekt og triveleg – eller begge deler.
Me ynskjer også å koma skikkeleg i gang med eit par galleri – eitt med gamle og historisk interessante bilete og eitt med dagsaktuelle glimt om ver, vind og andre motiv som folk er flinke til å gjera på Facebook.
Difor oppmodar me lesarane om å senda inn bilete. Så skal me leggja dei ut i galleriet.
Dei ulike laga og organisjonane er elles hjarteleg velkomne til å senda inn – eller sjølve leggja ut – stoff under sine eigne faner. Dei som ynskjer det, kan få opplæring, så dei kan gjera det sjølve. Elles hjelper me gjerne til med å leggja ut.
Styret har arbeidd med å få tak i tilstrekkeleg med steinmassar og plastringsstein for å koma vidare i prosessen.
Brødrene Kråkevik har køyrt plastringsstein til oss frå fjellhallane på Boliden. Massane får me gratis, men det er transporten som kostar.
Me er no i dialog med fleire for å få tak i meir massar og reknar med at me innen kort tid har ei løysing på det. Dessverre har me ikkje fått meir massar frå Deildo. Heradet har prioritet der og har no fått mykje massar til sentrumsområdet på Lofthus.
Ei stor gravemaskin kjem på plass på nyåret. Då startar Stig Hesjedal med plastring av piren . Deretter skal landområdet bearbeidast. Då skal det verta parkeringsplass, gang-og sykkelveg og friområde bort mot badestrand.
Bygget som er planlagt i båthamna vil verta eit frittståande prosjekt når området elles er klart. Sjølve tomte til bygget vil verta planert så langt det let seg gjera og så er me avhengige av endå meir stein til utfylling. Dette vil verta eit felles bygdeprosjekt som krev både midlar og dugnadsinnsats.
Fundamentet som er bygd på dugnad ytterst på piren vert inngangsporten til båtplassane. Grannabryggjo er no i dialog/forhandlingar med 3 leverandørar av utstyr til etablering av båtplassar. Dette er Marina Solution i Ørsta. Marinegruppen på Tysnes og Vik-Ørsta , også dei etablert i Ørsta. Me har i samarbeid med dei kome fram til ein annan modell enn den me fyrst såg for oss. Styret har og vore på befaring på fleire båtanlegg, bl.a i Strandebarm og Granvin. Me kan då byggja vidare på erfaringar derifrå og har sett kva løysingar dei har gått for.
Det vert eit krevande prosjekt økonomisk og det er pr. i dag selt 35 båtplassar. Me har plass til 50 båtar totalt i annlegget. Til fleire me får seld til rimelegare vert kvar båtplass. Når alle plassane er seld vil nok verdien på desse berre auka framover.
Prisen pr plass avheng av kor stor båt du har tenkt å ha. Dei rimelegaste plassane vil disponera omlag 2 meter. Deretter prisar me pr 10 cm ekstra fram til den breidden folk ynskjer.
Me oppmodar alle dei som går med draumar om eigen båt å ta kontakt med styreleiar Terje Mala eller Randi Selvåg Fresvik som kan gjera avtalar om båtplass.
Me treng og nye medlemmer i Grannabryggjo. Som medlem vil du vil kunna ta del i utviklingen av området og har same rettigheitane som båteigarane. Båtplassen kan eventuelt koma seinare.
Dette vert eit flott prosjekt og ikkje minst ei trygg hamn for båtane. Bryggene vert tilrettelagt med straumsøyler og vannpostar. Det kjem til å verta eit nytt landemerke for bygdane våre. Det vert og ein samlingsplass der båteigarar og andre kan samlast over ein kaffikopp i maritimt miljø.
Grannabryggjo har og meld seg inn i : Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF)
Som er Norges største og einaste landsdekkende interesseorganisasjon for fritidsbåtbrukarar. Her vil me og få gode forsikringsordningar og medlemsfordeler for båteigarane.
«Ynskjet mitt er at pengane skal brukast til kjøkenet og taket på ungdomshuset», seier Odd Sveingjerd i dette intervjuet.
I fjor gav han over 600.000 kroner til «Grannatun». Han ynskjer ikkje nokon stor blest om det, men går likevel med på ein prat.
Odd Sveinsgjerd har alltid hatt eit nært fohold til «Grannatun» – i dobbel forstand. Han har alltid hatt omsut for det, og så har han budd nærmast vegg-i-vegg med det, det aller meste av livet sitt.
Foto.: Tale Hauso
Tekst: Johannes H. Sekse
Odd Sveinsgjerd bur eit steinkast frå ungdomshuset «Grannatun». Her har han budd det meste av livet. Men det er fleire grunnar til at Odd alltid har vore knytt til ungdomshuset.
Riksveg 13 gjennom Deildo, vil vera open for fri ferdsle til natt til 2. januar – altså – heilt til neste år!
Byggjeleiar Terje Nesse og kontrollingeniør Jannicke Sebak i Statens vegvesen gjorde ein siste sjekk av istilhøva torsdag.
Frå torsdag klokka kvart på eitt, tok entreprenøren Contexo joleferie. i to veker.
«Det vil vera fri ferdsel gjennom anlegget frå torsdag 14.12 kl. 12:45 til måndag 1.1 kl. 23:30, då vegen vert nattestengt» står det å lesa på Ullensvang herad sine sider. – Men, det kan verta periodar med manuell dirigering dersom det er turvande med ekstra vegvedlikehald, står det vidare.
Då IAG sin utsende passerte anlegget i halv-tre-tida torsdag, heldt byggjeleiar Terje Nesse og kontrollingeniør Jannicke Sebak på med å sjekka istilhøva i fjellskjeringane. Dei kunne då stadfesta at entreprenøren sine folk hadde teke joleferie, og at vegen vil vera open for fri fredsle fram til klokka 23.30 – altså ein halv time før midnatt, natt til 2. januar.
Ved Kvednarauga stod ein stor dumper og ynskte «God jul» med store, orange bokstavar.
Ein stor dumper ynskjer god jul!
Inne ved sjølve anleggsleiren, vart det heist på plass eit eige joletre som ynskjer dei vegfarande det same.
Joletre med ljos kom på plass før Contexo tok to veker ferie frå torsdag.
Med dette ynskjer dei alle ei riktig god jol og godt nyttår!
Det er snart jol, og med det inviterer «Grannatun» til jolequiz og alt det som følgjer med.
Jolalaquiz og pub i desember i fjor, gav brutto innkome på 24 000 som gav nesten 10 000 til huset Her er vinnarlaget. Frå venstre: Anna Gjerde Tysseboten, Kristin Meland, Åsne Kvalnes, Brita Gjerde, Bjørg Børve Dvergsdal og Egil Dvergsdal.
Tredje joledag, eller 27. desember, inviterer styret i «Grannatun» til det som no har vorte ei årleg hending – nemleg jolequiz.
Og på nytt vonar ein på like god oppslutnad som dei to føregåande åra. Dørane opnar klokka 20.00. Då har publikum ein time på seg til å koma i rett stemning, skipa lag og la praten gå.
Det vert sal av ymse snacks som kan sveljast ned med alt frå sider, øl, vin, brus eller vatn. Det siste er gratis. Det andre ordnar du antan med kontantar – eller Vipps – nr. 139467.
Aldersgrensa er 18 år. Føremålet, i tillegg til det sosiale, er å støtta huset økonomisk.
Børve, Sekse, Hovland og Espe slår saman joletrefestane sine, slik at dei skiftar mellom «Grannatun» og Espe grendahus – annakvart år. Fyrst ut er Espe, og det skjer 29. desember.
Grannatun skal ha sin årlege marknad like over nyttår for å få inntekter til det dugnadsbaserte grendahuset vårt.
På marknaden skal vi ha åresal og loddsal. Dette er ein lang tradisjon og ei av dei viktigaste samkomene i bygda. Dette er viktig for å ha nok inntekter til drift og vedlikehald av grendahuset og uteområdet.
Vi i marknadskomiteen 2018 har planlagt marknad sundag 14. januar 2018, men er då avhengig av å få inn gevinstar og gåver til åresal/loddsal frå krinsen.
Me håpar du vil vere med å støtte oss med gevinst, gåvekort eller eventuelt pengegåve?
Om du ikkje veit kva du vil gje som gevinst, kan pengegåve vere ein god ide. Då kan du til dømes gje 100 kr, så kan komiteen samle inn og kjøpe ein større gevinst. Til dømes kan det bli nytta til å kjøpe eit gåvekort eller liknande.
Dykk kan til dømes overføre dette til Grannatun sin Vipps. Vipps-nummeret er: 139467 og hugs å markere med «Til gevinst til marknaden».
Me vil kome rundt og ha gevinstinnsamling: tysdag 9.januar 2018