Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. .
Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.
Etter krav frå foreldre, er det no kome opp eit sikringsgjerde langs kaikanten på Børve. Måndag morgon starta båtruta oppatt mellom Børve og Lofthus. Riksveg 13 vert som kjent heilt stengd i 5 veker – det vil seia heile mars. Foto: Johannes H. Sekse.
Både båtruta og dei utvida ferjerutene vert som sist, når Riksveg 13 på nytt vert HEILT STENGD mellom Børve og Lofthus frå natt til måndag 27. februar.
Båtruta og dei utvida ferjerutene vert akkurat dei same som sist vegen var stengd, melder Hardanger Folkeblad i dag, onsdag 22. februar.
Statens vegvesen valde å gje ny tillit til Rødne Fjord Cruise i konkurranse med to andre tilbydarar.
Stengjinga er varsla for fem veker. Det vil seia ut mars månad. Og denne gongen klarar dei truleg halda den fristen.
Statens vegvesen har eit system som gjer det vanskeleg å få med Børve på ljosskiltet deira i Odda. Der står det difor Hovland – Lofthus.
Dette er sterkt misvisane for dei som ikkje er kjende, og visstnok umogeleg å retta opp.
Som lokal-«avis» vil me difor presisera at den fysiske vegstengjinga gjeld frå Rosten, der vegen tek av til Øvre Børve, og til Geithamrane eit par km sør for Lofthus sentrum. Så får me håpa at store utanlandske køyretøy slepp å rygga langt utatt om dei ikkje har fått med seg at vegen er stengd, og at dei som bur på NedreBørve, slepp vera trafikkdirigentar for semitrailerar som mildt sagt er på vidvanke.
På Børve – eller Nausto – vert det parkering som sist, men det er oppmoda om å IKKJE parkera der bussane skal snu og stå.
På informasjons
møtet som vart halde for nokre veker sidan, vart vegvesenet oppmoda om å sikra kaien mot sjøen der både skuleborn og andre må passera når dei skal med og av båten.
Planen som no er lagd ut til offentleg ettersyn, opnar for at over ti familiar kan busetja seg på Sekse. Her er tenkt plassert både einebustader, rekkjehus og enkelthusvære.
Det vert informasjonsmøte i Grannatun tysdag 28. februar kl. 18.00.
Av Johannes H. Sekse
Ingen likar at dyrka mark vert teken til bustadføremål, men det aktuelle arealet vart regulert til føremålet for fleire år sidan. Etter ulike alternativ var vurderte, stod ein att med Markastå, som det einaste som var mogeleg å få realisert no.
No er det korleis plassera og kor mange hus det er plass til i det som skal verta nytt bustadfelt i Seksekrinsen.
Styret i Indre Austsio Grannlag (IAG) vonar at så mange som mogeleg nyttar seg av høvet til å få meir informasjon og engasjera seg i denne viktige saka for krinsen. Og ikkje minst bør dei som kan tenkja seg å busetja seg i Markastå, koma på banen. Hald fram med å lese «Markastå kan husa over ti familiar»
Espe Bygdekvinnelag inviterer til damekveld i grendahuset den 4. mars.
Sidan mars månad er midt mellom vinter og vår, inviterer bygdekvinnelaget på Espe til damekveld med overraskingar.
Dette skjer den 4. mars og kostar 300 kroner og at du er over 18 år.
Det vert servert varm mat og noko godt i glaset når du kjem. Det er ikkje sal av alkohol, så du må ta med drikke sjølv.
Du kan derimot kjøpa loddar i «kveldens bok» og det vankar mange store, flotte premiar. «Henne Mote» og «Eurosko» kjem og held moteshow der dei viser fram det som er nytt av våren.
Kva du har på deg, er ikkje så viktig som at du stiller med godt humør.
Du må elles melda deg bindande på til Liv Jorunn Liknes seinast 26. februar.
No er reguleringsplanen for det som kan verta bustadfelt i Markastå lagd ut for offentleg ettersyn og høyring. Frist for innspel er 24. mars.
Dette biletet viser både det regulerte området og eksisterande bustadfelt i Flisabakken på oppsida av Seksevegen. Biletet er teke rett før ein starta arbeidet med kraftverket i Sandstå. Dei to bustadhusa heilt i sør er innlemma i reguleringsplanen. No gjeld det at alle som har noko å bidra med, gjer det.
Det vert og eit informasjonsmøte om planen. Det er ikkje tidfesta enno.
«Reguleringsplanen søkjer å legga til rette for etablering av eit nytt bustadområde, med tilhøyrande leike- og uteopphaldsareal, trafikkareal og parkering.»
«Planområdet har to bustadhus (gnr. 81/12 og 81/10,29), med tilhøyrande garasjeuthus. Uthus nedanfor bustadhuset på gnr. 81, bnr 12 er føresett reve før utbygging. Det er planlagt 10 nye bustadtomter, derav 9 tomter til nye einebustadar og 1 tomt til 3 rekkehus eller einebustadar i rekke. (For sistnemnde tomt vil naudsynt inndeling av tomter skje som del av byggesakshandsaminga.)»
Ikkje før kom kuldegradene, så var dei der. Føykingane. I fleire timar har dei i ettermiddag og kveld, stått på skift og sprøytt vatn på skuleplassen.
Då me var der, var det Jon Sekse som tok ei økt. Etter han skulle det koma ein ny. Så skal det få klaka skikkeleg godt i natt, før dei tek nokon tørnar på morgonkvisten.
Og med ei skikkeleg kveldsøkt i morgon, og ei ny kald natt, vil det svært truleg vera klart for å snøra på seg skeissene torsdag.
Dersom vermeldinga held stikk, skal det i alle fall vera blå grader til og med sundag.
Laurdag er det både Grannaveitla og innviing av flunkande nytt kjøken i Grannatun. Eit kjempearbeid er på nytt lagt ned.
Av Johannes H. Sekse
Redaktøren startar denne artikkelen med å seia seg lei for at han heller ikkje i år kan møta på Grannaveitlo.
Sidan den i år også skal kombinera festen med innviing av det nye kjøkenet, vil eg med dette bidra med noko. Nemleg nokre historiske glimt gjennom soga til det vel 83 år gamle, staselege huset vårt. Hald fram med å lese «Grannaveitla og nytt kjøken»
Ein gong i månaden møtest dei. Medlemmene i Børve, Sekse og Espe eldrelag. I ettermiddag er det årsmøte.
Av Johannes H. Sekse
Føremålet til Børve, Sekse og Espe eldrelag er å skipa til trivelege samvær for dei som bur i og/eller er knytt til det som var Sekse skulekrins. På ymse måtar skal dei fremja medlemmene sine sosiale og kulturelle interesser. Hald fram med å lese «Godt humør i eldrelaget»
Steinblokker så store som hus – 20-30 meter rett over vegbana – som på si side har svært dårleg fundament. Det er hovudgrunnen til at riksveg 13 vert stengd i fem nye veker frå 27. februar.
Av Johannes H. Sekse
Truleg er det ein del resignasjon som gjorde at det var ein del færre som møtte for å få informasjon om rassikringsprosjektet Deildo på Sekse tysdag, enn sist. Men temperaturen var langt høgare.
Dagleg leiar i entreprenørfirmaet Contexo, Knut Brusletto, var ein av dei som forklarte bakgrunnen for at ein ikkje kjem forbi ei ny lang stengjing. For å ta ned det 35 meter høge partiet ute mot Geithamrane, må ein dela det opp i tre omganar. Og ein har ikkje garanti for at vegen vert ståande, eller om han ryk med.
For å vera sikre på at ein har køyrande veg etter nedsprengjinga, treng ein fem veker.
Tryggleiken kjem framfor alt anna – både for dei som arbeider der, og trafikkantane, understreka mellom andre Inge Haustveit, som er regionalrådgjevar for HMS og Bergsprenging for heile Vestlandet.
Sølv om fjellgrunnen har litt ulik samansetjing i sør og i nord i det tre km lange anleggsområdet, har det ein ting til felles. Det er uvanleg utfordrande. Bak den berykta Osten, viste det seg at fjellet var endå verre. Til vanleg kjem ein til betre fjell til lenger inn ein kjem. Her er det omvendt.
Kor langt ein må inn før det vert betre fjell, visste knapt «Gudane», sa geolog Harald Hauso, som kalla Osten for sukkerbitfjell med mykje slepper. Her er sprekker både med fall innover, og som lagar overheng og ut mot fjorden, og slepper som hallar innover med fare for utgliding.
«Me visste det var dårleg, men. Ja! Eg er overraska, sa han på direkte spørsmål
«Når realiteten er slik han er, hadde me ikkje noko anna val enn det som er gjort. Lang tunnel ville nok vorte veldig lang», sa han og avviste det som noko alternativ.
Prosjektleiar Terje Dagestad karakteriserte det heile som det mest kompliserte veganlegget på heile Vestlandet.
Litt utom elva Deildo er det eit parti med fjell som er så laust at du kan «garva det ut for hand», sa Hauso. Her har entreprenøren bora inn totalt 15 km med stag på ei strekkje på berre 500 meter!
Både Hauso, Haustveit, Brusletto, byggjeleiar Terje Nesse og sjølvaste seksjonssjef for Voss og Hardanger, Lars Øyre, bad om forståing for at dette tek tid og at dei er nøydde til å ha ei ny totalstengjing.
Det skjer frå måndag 27. februar til ut mars månad. Opplegget vil verta som sist – med gratis båtrute og ekstra ferjeavgangar. Men nokon komppensasjon for ekstrautgifter ville ingen gje – bortsett frå at båten er gratis.
Å erstatta øydelagde bilar på grunn av holete veg eller betonglsam, vart heller ikkje imøtekome. Men ein tok kritikk på at vegen har vore til dels svært holete.
-Det skal han ikkje vera, sa både Dagestad og Øyre, som bedyra at dei skulle skjerpa inn krava om det.
Det vart elles oppmoda om at trafikkdirigentane burde vera flinkare til å stua og plassera bilane i køen, slik at det går kortare tid når ein opnar. No har det gått opp i eit kvarter berre å få forbi køen frå den eine sida, vart det hevda.
Det vil ikkje minst vera viktig til sommaren att, då det er mykje større trafikk.
Det kom og eit par «haglbyer» om tilhøve med manglande toalett, for dårleg og misvisande informasjon og skilting. Slik det var sist opplevde ein at mellom anna utanlandske trailersjåførar måtte rygga fleire kilometer for å snu.
Det vart etterlyst blinkande ljos og informasjon på engelsk på ein del strategiske stader. Noko er gjort, men det er ikkje alltid så godt når blinkljosa vert stolne, sa Terje Dagestad. Til og med ei lykt som var sveist fast, hadde nokon skrudd innmaten ut av.
Gisle Røynstrand peika på manglande sikring langs kaien på Børve, og at det måtte koma på plass. Han hadde etterlyst det før, utan at det hadde hjelpt. Og han måtte ta litt ekstra i denne gongen og, før det vart bekrefta at det skulle skje.
Grunnen til at ein ikkje stengjer vegen alt no, er at det må gjerast ein del førearbeid før dei kan gå i gang med å sprengja det høge partiet i nord. Det skal mellom anna lagast såkalla pilotvegar for å koma opp med maskiner og utstyr. Og så skal det sikrast ein god del.
Som i fjor vert det og heilt ope i tre veker til sommaren. Og sommaren etter, skal det stå fram ein vel 3 km ny, breiare og ikkje minst sikrare veg.