Gateljos og fartsgrenser over Sekse

Fartsgrenser : Vil fyrst retta opp det som før er skrive  om fartsgrenser på Fv 101. Det er to generelle fartsgrenser i Norge, 50 og 80 km/t. IAG har hatt kontakt med Statens vegvesen og køyrelærar i Odda for å klara opp i den forvirring som er gjeldande.

Sekse er ikkje rekna som tettbygde strøk og dermed er den gjeldande og generelle fartsgrensa 80 km/t. Dette sjølv om vegen er ca 3 m breid og 6 av gardsbruka vert delt av  vegen som går mellom våningshus og løa. I vårt tilfelle når 30 km/t opphevast er då fartsgrensa 80.

Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken
Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken

Forbi Hovland er fartsgrensa 60 km/t. Når du køyrer inn på Seksevegen vert fartsgrensa automatisk 80. Eg har visst gått glipp av barnelærdomen. Etter at me hadde kontakt med statens vegvesen tok dei opp dette på møte og sjølv om det ikkje er kome skriftleg seiest det at den nye fartsgrensa vert 50 km/t. HURRA ! (Det burde vore lågare) På Rv 13 gjennom Tyssedal er det 40 km/t og endåtil gang-og sykkelveg.

Gateljos : Legg ved skriv frå Ullensvang Herad om tildeling av arbeidet. Når Ullensvang Herad sende søknad om midlar til fylket fekk dei Hardanger Energi til å rekna på kostnadar med  oppsetting av gateljos. Dei kom til ein sum på 2 millionar. Dette var summen  fylket tok stilling til . Ikkje veit eg kva forutsetningar som då vart brukt, men i vedlagt skriv der arbeidet er tildelt Mesta er kostnaden kome opp i 5 millionar ??? Grunnen til det er ifølge heradet at det er 80 km/t over Sekse og det fordyrar prosjektet i forhold til type anlegg som skal byggjast. Men dette burde vel vore sjekka på forhånd ??

Link frå heradet:  Vegljos Sekse

Den nye båthamna på Sekse

Grannabryggjo (Sjå og link nederst på sida)

Foto KA Andersen
Foto KA Andersen

Styret har arbeidd med å få tak i tilstrekkeleg med steinmassar og plastringsstein for å koma vidare i prosessen.

Brødrene Kråkevik har køyrt plastringsstein til oss frå fjellhallane på Boliden. Massane får me gratis, men det er transporten som kostar.

Me er no i dialog med fleire for å få tak i meir massar og reknar med at me innen kort tid har ei løysing på det. Dessverre har me ikkje fått meir massar frå Deildo. Heradet har prioritet der og har no fått mykje massar til sentrumsområdet på Lofthus.

Ei stor gravemaskin kjem på plass på nyåret. Då startar Stig Hesjedal med plastring av piren . Deretter skal landområdet bearbeidast. Då skal det verta parkeringsplass, gang-og sykkelveg og friområde bort mot badestrand.

Bygget som er planlagt i båthamna vil verta eit frittståande prosjekt når området elles er klart. Sjølve tomte til bygget vil verta planert så langt det let seg gjera og så er me avhengige av endå meir stein til utfylling. Dette vil verta eit felles bygdeprosjekt som krev både midlar og dugnadsinnsats.

Fundamentet som er bygd på dugnad ytterst på piren vert inngangsporten til båtplassane. Grannabryggjo er no i dialog/forhandlingar med 3 leverandørar av utstyr til etablering av båtplassar. Dette er Marina Solution i Ørsta. Marinegruppen på Tysnes og Vik-Ørsta , også dei etablert i Ørsta. Me har i samarbeid med dei kome fram til ein annan modell enn den me fyrst såg for oss. Styret har og vore på befaring på fleire båtanlegg, bl.a i Strandebarm og Granvin. Me kan då byggja vidare på  erfaringar derifrå og har sett kva løysingar dei har gått for.

Det vert eit krevande prosjekt økonomisk og det er pr. i dag selt 35 båtplassar. Me har plass til 50 båtar totalt i annlegget. Til fleire me får seld til rimelegare vert kvar båtplass. Når alle plassane er seld vil nok verdien på desse berre auka framover.

Prisen pr plass avheng av kor stor båt du har tenkt å ha. Dei rimelegaste plassane vil disponera omlag 2 meter.  Deretter prisar me pr 10 cm ekstra fram til den breidden folk ynskjer.

  • Me oppmodar alle dei som går med draumar om eigen båt å ta kontakt med styreleiar Terje Mala eller Randi Selvåg Fresvik som kan gjera avtalar om båtplass.

Me treng og nye medlemmer i Grannabryggjo. Som medlem vil du vil kunna ta del i utviklingen av området og har same rettigheitane som båteigarane. Båtplassen kan eventuelt koma seinare.

Dette vert eit flott prosjekt og ikkje minst ei trygg hamn for båtane.  Bryggene vert tilrettelagt med straumsøyler og vannpostar. Det kjem til å verta eit nytt landemerke for bygdane våre. Det vert og ein samlingsplass der båteigarar og andre kan samlast over ein kaffikopp i maritimt miljø.

Grannabryggjo har og meld seg inn i : Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF)

Som er Norges største og einaste landsdekkende interesseorganisasjon for fritidsbåtbrukarar. Her vil me og få gode forsikringsordningar og medlemsfordeler for båteigarane.

Skisse frå Marina Solution

 

skisse frå Vik-Ørsta betongbrygger

Fartsgrense på Seksevegen

IAG har vorte oppmoda om å arbeida for lågare fartsgrense over FV 101. Har vore i kontakt med statens vegvesen. Å få nedsett fartsgrense er ein møysommeleg prosess. Det har vore ein forståing av at oppheving av 30  grense tyder automatisk overgang til 80 km/t.

Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken
Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken

Har googla litt eg og klypt ein reportasje i Trønderavisa.

" På veg sørover mot Melhus sentrum, etter lysreguleringa ved Meeggen står dette skiltet. Hvilken fart kan du kjøre i? 80? 50? 40? "
» På veg sørover mot Melhus sentrum, etter lysreguleringa ved Meeggen står dette skiltet. Hvilken fart kan du kjøre i? 80? 50? 40? «

Videre står det i teksten :

Forbudskiltet «Fartsgrense opphevet» er en luring i skiltjungelen. Her er fakta for ikke å bli lurt: Når 30- og 40-sone oppheves er den gjeldende fartsgrensa 50 kilometer i timen. Alltid. Når 50-, 60- eller 70-sone oppheves blir fartsgrensa 80. Reglene er krystallklare.

Karl Arvid Andersen

Gjenstridige grindar

Lukking av grindane i liane våre har vore ei sak som ofte er oppe. Det er viktig at dette vert gjort skikkeleg grunna beitedyr .

Me var på tur i Sunndal sist laurdag. Dette er innfallsporten til Folgefonna med traktorveg/ stiar inn til bondusbreen, fonnabu etc. Det er mykje folk som går denne vegen, som går gjennom beitemarker for kyr og sau og er og eit område særdeles rikt på hjort.

Sunndal
Sunndal

Eg lot meg imponera over grindene gjennom dette utmarksområdet. Dei var solide og forseggjorde. Dei var lette å åpna og lukka. Dei minste grindene var sjølvlukkande med ein enkel patent. I våre liar har me mange grindar for både traktor og anna ferdsle. Me må vel kunna seia at grindene ofte er vanskeleg å både åpna og lukka. Av og til lurar du på kva ende du skal begynna i. Mykje streng og tau.

Grindar inn mot Bondhusvatnet
Grindar inn mot Bondhusvatnet

Me har mange lag og organisasjonar i bygde. Kanskje kunne dette vera eit godt prosjekt for samarbeid mellom  grunneigarar og bygdafolk ? Dette ville gagna ikkje minst grunneigarane.

 

 

Grannabryggjo

Etter ein liten stillstand er Stig Hesjedal no i gang med plastring av pir. Me har fått ein gunstig avtale med Brødrene Kråkevik. Dei har sett ei stor maskin her som me betalar for dei timane me brukar.

Stig startar her plastring på pir.
Stig startar her plastring på pir.

Her er plastingssteinane såvidt synlege. Steinane er lagt ned på meir enn 2 meter under fjæra sjø. Stig har innretta arbeidstide si etter fjøra sjø. All honnør for det.

Her er plastringa kome opp i + 2 m
Her er plastringa kome opp i + 2 m

Hald fram med å lese «Grannabryggjo»

Grannabryggjo

Alle har sikkert fått med seg at det er kome mykje stein og massar ned til Grannabryggjo.

IMG_0277

IMG_0331

Karl Magnus Andersen på Midt Sekse donerte heile steinrøyse si til prosjektet. All steinen som no er kome ned kjem derfra. Me trefte midt i ein regnversperiode slik at veien hans vart heilt nedkjørt, men ved hjelp av Br. Kråkevik, Frode Sekse og ein god dugnadsgjeng vart alt i skjønnaste orden etterpå. Takk for flott innsats ! No ser me framover til neste økt.

Grannabryggjo sett nordover
Grannabryggjo sett nordover

Her er det laga ny veg ned i sjøkanten. Ytterst på den vesle trebryggja mot nord i biletet skal muren sørover mot piren starta. Steinen som ligg her skal nyttast til plastring/muring.

Piren og landfylling
Piren og landfylling

Her ser me piren som no er ferdig fylt. Det er midlertidig lagt stein på kantane.Ferdig pir vert forlenga med ca 7-8 m ved å leggja opp stein ytterst. Frå ytterkant av pir skal det monterast bølgebrytarar nordover. På innsida av bølgebrytarane vert det utliggjarar til båtar.

Det er påbegynt fylling i «kroken» innerst ved pirfoten. Dette skal vera fundamentet til bygningar som bl.a. skal romma kajakksenter.

 

Steinmassar plassert på begge sider av veg ned mot sjøen
Steinmassar plassert på begge sider av veg ned mot sjøen

Steinmassane langs vegen nordover skal nyttast til plastring i strandlinja frå liten trekai bort mot pir.

Langs denne plastringen i sjøkanten skal det byggjast trekai som gangvei langs sjø og den skal og ha utliggjarar til båtar.

Me satsar på å ha på plass gravemaskin til plastring i juni.

Me oppfordrar alle som har, eller veit om noken som har steinmassar og/eller plastringsstein å melda frå til leiaren i Grannabryggjo som er Terje Mala.

Kvile- og flørtebenk ved Jørunds

Jørundsbenken
Jørundsbenken

Etter anmodning frå ein turgåarar med slitne bein sette IAG i samarbeid med grunneigar Per Helge Sekse i «Jørunds» opp ein kvilebenk langs vegen.

Ja produsenten har til og med etablert ei ja og ei nei side. Ja ikkje veit eg om bakgrunnen for det , men her ligg det kanskje an til ein liten flørt og.

 

 

Årsmøte Grannabryggjo

Det vart avhelde årsmøte i grannabryggjo i grannatun 17. mars. Fire gjekk ut av styret og vart takka av med blomar.

Det nye styret består av :

  1. Leiar       :          Terje Mala.
  2. Nestleiar :          Audun Johanson
  3. Kasserar  :          Randi Fresvik
  4. Skrivar     :          Solrun Børve
  5. Styremedlem:     Helge Hauso
  6. Styremedlem :    Inge Børve
  7. varamedlem  :    Gunnar Fresvik
  8. varamedlem  :    Karl Arvid Andersen
Piren
Leiaren i Grannabryggjo studerer fyllingen av piren. Foto : karl Arvid Andersen

Contexo og SVV er no ferdig med å fylla og fullføra sin avtale vedrørande steinmassar til båthavne. Piren er kome til endes og det gjenstår plastring. Dette vil verta utført etter at massane har stabilisert seg. Neste prosjekt i båthavne vert den landbaserte «kaien» der utliggjarane til båtane skal festast. Så vil parkeringsplassen stå for tur.

Styret er no i gang med å skaffa til veges plastringsstein og fyllmassar til dette formålet. Er det nokon som har eller veit om nokon som har steinmassar tilgjengeleg så kan de ta kontakt med Terje Mala.

Det er no 35 som har tegna seg for båtplass. Kapasiteten er på 50 plassar, så her er det først til mølla som gjeld. Det vil verta trong for dugnadsarbeid framover. Me oppfordrar dei som har lyst å bidra til dette bygdeprosjektet å ta kontakt med havnesjefen, Helge Hauso.

Massetransport Grannabryggjo

Imorgo torsdag startar Contexo å transportera massar til Grannabryggjo med lastebil frå Deildo. Dei har fått dispensasjon frå SVV og vil nytta stengningsperioden til transportering med bil.

Markatå sett mot nord.  Lektaren Mikael 1, har nett tømt eit lass der det skal verta småbåthamn. Informasjonsmøtet om bustadfelt, skal haldast i Grannatun til høgre.
Lekteren vert no erstatta av lastebilar

I kveld kom gravemaskina på plass. Dei vil laga seg veg frå plassen som septiktanken ligg på og sørover mot piren. Så no håpar me snart på at byggverket vårt bryt vassflata.