Liatravaren

Liatravaren er eit årvist opplegg der idrettslaget Føyk legg ut bøker på turmål i området Espe-Børve.

I tillegg fekk vi i 2020 til Trimpoeng-appen, som gjer at ein kan registrere turane sine via appen.

TURANE – trimpoeng: 

Galden – 40 poeng

Stegastein – 80 poeng

Langaskarv – 40 poeng

Hovlandsstøl – 60 poeng

Seksehovden – 100 poeng

Våga – 80 poeng

Innskrivingar i desse bøkene blir registrert av Føyk som peikar ut vinnaren av Liatraven. VinnarenHovlandsstølen Stegastein er den som har vore på alle fem toppane og i tillegg har flest poeng i sin klasse. Det er ein vaksenklasse og ein klasse for born opp til og med sesongen mellom 7. og 8. klasse.

Sesongen for Liatraven registreringa varer frå 1. mai til 1. november, men det ligg bøker ute heile året. Dei som etter avtale med Føyk legg ut eller hentar inn sommarbøkene får godkjent turen sjølv om det er utanfor sesongen. Skriv då ei påminning om dette i boka.

Berre innskrivingar med fullt namn blir registrert. Skriv tydeleg, gjerne med blokkbokstavar.

Alle som har vore på samtlege fem turmål i løpet av sommarsesongen blir registrert i Føyk-statistikken. Desse vil første året med innskriving på alle fem turmåla bli premiert med turkopp, seinare år kan ein få gravert inn årstalet ved innlevering av koppen til styret.

Kart, turforklaringar, bilete med meir for turane er gitt i eige menypunkt «Føyk-Turar», linkane i tabellen ovanfor kan også nyttast.

Me minner om at Føyk også fører statistikk over fleire år. Planen er å gjera stas på trufaste travarar ved oppnådde runde tal.

Ein må vera medlem i idrettslaget for å delta i premieringa!

Nedanfor finn ein resultatfiler nokre år tilbake

Oppsummering Liatravaren 2019

Oppsummering Liatravaren 2018

Oppsummering Liatravaren 2017

Oppsummering Liatravaren 2016

Oppsummering Liatravaren 2015

Oppsummering Liatravaren 2014

Oppsummering Liatravaren 2013

Oppsummering Liatravaren 2012

Oppsummering Liatravaren 2011

Oppsummering Liatravaren 2010