Espe er ei grend på austsida av Sørfjorden i Ullensvang herad i Hordaland.
Skriveforma for Espe har endra seg mykje. I 1340 var skrivemåten Æspin, i 1536 var skriveforma Espen, og Espen var vanleg skriveform til matrikkelen i 1880 slo fast skriveforma Espe. Namnet kjem frå tresorten Osp og «vin», som tyder grasmark, eng.
Hardingslepa, er ikkje ein del av Nordmannsslepa, slik det stod her tidlegare. Det er ei misforståing som oppstod i det såkalla «Prosjekt Nordmannsslepene» i fylgje informanten vår, Per Bremnes.
Me har tre Nordmannsleper som alle ligg nord for grenda vår. Normann var det folk austpå kalla folk frå vest – Hardanger, den gong ein dreiv med fedrifter og hestehandel. Hardingslepa ligg altså sør for dei tre andre.
Ho hadde utgangspunktet sitt frå Espe/Meland heilt til Haukelivegen vart opna og hestehandelen vart avslutta.
Espe er, som mange grender i Ullensvang, ei fruktgrend, men det vert idag og satsa meir på dyrehald med nybygde driftsbygningar. Det nedlagde fruktlageret, er no eigd av bygdefolk og husar fleire aktivitetar.
Melandsnausto
Her var tidlegare eit senter for krinsen med post, butikk. Espe fekk dampskipstoppestad og poståpneri. Grenda bygde kai. På Melandsnausto tok Lars Larsson Meland til med handel i 1877. han hadde tidlegare vore ferdakar og hadde eigne farty.
Espe Fruktlager ligg enno på staden, men sentralisering har gjort at fruktlageret er nedlagt, og frukta frå dette området vert no sendt til Ullensvang Fruktlager på Lofthus. Skulen på Espe vart nedlagt i 1969. Elevane vart då flytta til ny skule på Sekse. Ungane frå Espe går no på barneskule på Opedal skule, og reiser til Kinsarvik Skule for å gå på ungdomsskule. Barnehage er i det tidlegare skulebygget til Sekse Skule.
Kvalnes
Meland
Halldor Meland
Halldor Meland, hardingfelespelar og komponist, den første spelemannen frå Hardanger som heldt konsertar.
Halldor Meland var fødd 23. juni 1884 på garden Meland på austsida av Sørfjorden i Hardanger og døydde 25. desember 1976 i Øystese. Han hadde Meland som heimstad fram til han gifta seg i med biletvevaren Kirsti Tyssedal i 1929. Ekteparet busette seg då i Valland i Kvam. Her dreiv dei eit småbruk parallelt med at dei begge verka som kunstnarar.
Meland fekk si første fele som smågut og lærte i førstninga felespel av lokale spelemenn i Ullensvang. Avgjerande for den vidare utviklinga hans blei likevel dei to åra på Voss Folkehøgskule (1900–01 og 1904–05). Her kom han i kontakt med spelemennene Sjur Helgeland og framfor alt Ola Mosafinn, som blei den første læremeisteren hans.
I 1986 gav Hardanger folkemusikksamling ut ein kassett med opptak av Halldor Meland. Han blei heidersmedlem i Landslaget for spelemenn i 1953 og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1962. Ein viktig Meland-elev var Anders Kjerland.