Logo-toppliten22

Velkomen til Indre Austsio

Kjell Kjellen Bigset, alias Magne Eimind Kvalnes - slo til under Haustfesten i Rossavarden 4H sundag ettermiddag.

Kjell Kjellen Bigset, alias Magne Eimind Kvalnes – slo til under Haustfesten i Rossavarden 4H sundag ettermiddag.

Les meir på «Nyhende» eller «4H»!

Indre austsio er dei inste bygdene på austsio av sørfjorden i Ullensvang herad, frå Deildo i nordtil Skjelvik i sør. Her bur det omlag 450 menneske.  Indre austsio grannalag (IAG) vart skipa i 2013. Etter ein langvarig kamp for å behalda Sekse skule, som vart nedlagd, såg me trongen for å skipa eit lag som kunne fremja interessene for alle bygdene innom Sekse skulekrins. IAG er ei partipolitisk uavhengig forening som skal:- Fremja tiltakslyst i bygdene slik at det er ein triveleg stad å bu – Vera eit talerøyr og høyringsinstans i saker som rører ved lokalsamfunnet sine interesser. – Arbeide for auka  busetjing i bygdene.- Arbeide for å fremja næringsutvikling i bygdene.- Vera eit samla forum for lag og foreiningar.- Koordinere og gje oversikt over aktiviteter i bygde. Nettstaden vår skal bidra til å profilera bygdene på ein måte som gjer dei interessant å bu i, arbeida i, og besøkja. For at me skal klara å ha ei oppegåande heimeside,  ynskjer redaksjonen tips , bilete , arrangement oversikt og ellers informasjon om det som skjer i krinsen vår.