Velkomen til Indre Austsio

Indre 2015-08-03 17.22.40austsio er dei inste bygdene på austsio av sørfjorden i Ullensvang herad, frå Deildo i nord til Skjelvik i sør. Her bur det omlag 450 menneske.  Indre austsio grannalag (IAG) vart skipa i 2013. Etter ein langvarig kamp for å behalda Sekse skule, som vart nedlagd, såg me trongen for å skipa eit lag som kunne fremja interessene for alle bygdene innom Sekse skulekrins. IAG er ei partipolitisk uavhengig forening som skal:- Fremja tiltakslyst i bygde slik at det er ein triveleg stad å bu – Vera eit talerøyr og høyringsinstans i saker som rører ved lokalsamfunnet sine interesser. – Arbeide for auka  busetjing i bygde.- Arbeide for å fremja næringsutvikling i bygde.- Vera eit samla forum for lag og foreiningar.- Koordinere og gje oversikt over aktiviteter i bygde. Nettstaden vår skal bidra til å profilera bygdene på ein måte som gjer dei interessant å bu i, arbeida i, og besøkja. For at me skal klara å ha ei oppegåande heimeside,  ynskjer redaksjonen tips , bilete , arrangement oversikt og ellers informasjon om det som skjer i krinsen vår. Gjerne eit bidrag til vår «godt sagt» artikkel