Lukking av grindane i liane våre har vore ei sak som ofte er oppe. Det er viktig at dette vert gjort skikkeleg grunna beitedyr .
Me var på tur i Sunndal sist laurdag. Dette er innfallsporten til Folgefonna med traktorveg/ stiar inn til bondusbreen, fonnabu etc. Det er mykje folk som går denne vegen, som går gjennom beitemarker for kyr og sau og er og eit område særdeles rikt på hjort.
Eg lot meg imponera over grindene gjennom dette utmarksområdet. Dei var solide og forseggjorde. Dei var lette å åpna og lukka. Dei minste grindene var sjølvlukkande med ein enkel patent. I våre liar har me mange grindar for både traktor og anna ferdsle. Me må vel kunna seia at grindene ofte er vanskeleg å både åpna og lukka. Av og til lurar du på kva ende du skal begynna i. Mykje streng og tau.
Me har mange lag og organisasjonar i bygde. Kanskje kunne dette vera eit godt prosjekt for samarbeid mellom grunneigarar og bygdafolk ? Dette ville gagna ikkje minst grunneigarane.