Dugnaden fortset på bryggjo i Markastå
Golvleggingen er no halvveges !
Ungdomen har gjort sitt inntog og det er svært gledeleg. Dei står på og stiller med verktøy og utstyr. Mange har stilt opp mange gonger. Det er viktig for å føla litt eigarskap at flest mogeleg stiller opp. Unge og eldre . Det er faste dugnader kvar Tysdag og Torsdag kl 1700
No er me nesten tomme for material og neste dugnad vert Tysdag 18. Juni. Kaien får eit totalareal på 200 m2, kledd med trykkimpregnert plank. Tusenvis av rustfrie skruer går med. No må me nok ut og prøva å få tak i meir pengar. Berre sjølve kaien nærmar seg no ein kostnad på 300 000 kroner. Så langt betalt av Føyk og IAG uten noko form for støtte utanifrå.
Me har all grunn til å vera stolte av alle dei som stiller opp på dugnad gong etter gong. Ta gjerne kontakt med Øyvind Andersen og Magne Kvalnes for spørsmål. Ellers er det berre å stilla opp med batteridrill, meterstokk og blyant ! Dei som ikkje kan delta med arbeid, still gjerne med kaffi og noko å bita i.
Helsing frå dugnadsgjengen