Indre Austsio klar for TV-aksjonen

Ta vel imot bøsseberarane på sundag!!!
Ta vel imot bøsseberarane på sundag!!!

Indre Austsio – eller gamle Sekse skulekrins – er no klar for innsamlingsakjonen sundag fyrstkomande.

Av Johannes H. Sekse

Kontaktperson Petter Sexe Ulriksen har fordelt bøsser og bærarar på dei ti rutene eller rodene, som det heiter.

Her lokalt er det for tida hjelpekorpset med alle redningsoppdraga til Trolltunga, som har sett Røde Kors – eller Raudekrossen – i fokus. Men organisasjonen er aktiv på utruleg mange felt – jorda rundt. Og i år er det den som er tildelt den årlege tv-innsamlingsaksjonen i NRK.

Slagordet i år er «Sammen får vi hjelpen helt frem». Eit bidrag tl innsamlinga er eit bidrag til å redda liv.

Sjølv om dei fleste kjenner kvarandre her i krinsen, skal alle bøssebærarane ha på seg ein klistrelapp med namnet sitt.

Målet med innsamlinga er å gje livsviktig hjelp til heile to millionar menneske – sivile ramma av krig og konflikt.

Om du ikkje er heime, kan du antan betala med mobilen: Vipps: valfri sum til 2133, på bankgiro nr. 8380 08 09005 eller senda sms TVA til 2133 (250 kroner).

TA VEL IMOT BØSSEBÆRARANE!!!! Dei kjem sundag mellom klokka 14.00 og 18.00.

Underteikna skal deretter syta for at bøssene med pengane vert frakta til oppteljing i Odda (på grunn av  vegstenginga).

Les meir om aksjonen på: http://www.blimed.no/

TA GJERNE BILETE AV EIN BØSSEBÆRAR OG SEND INN TIL OSS

– epost: johannes.sekse@gmail.com – så me kan buka her på nettsida vår.

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.