500.000 kr til Grannabryggjo!

 

gjen2

Måpte. Terje Mala frå styret i Grannabryggjo vart rett og slett sett ut då Marie Opheim frå Gjensidigestiftelsen snudde sjekken på 500.000 kroner.

Nett i det dagsljoset demra måndag ettermiddag, kasta Marie Opheim frå Gjensidigestiftelsen nytt ljos over Seksegrenda – 500.000 kroner til Grannabryggjo og 85 000 kroner til Grannatun.

Av Johannes H. Sekse

Jorunn Sekse var kjempeglad for sjekken på 85.000 kroner til Grannatun.
Jorunn Sekse var kjempeglad for sjekken på 85.000 kroner til Grannatun.

Men, det var det slett ikkje. Tvert imot. Det vart, som det var sagt i invitasjonen, «noko kjekt». Ja, faktisk kjekkare.

Dei stod spente i matsalen i ungdomshuset, då Marie Opheim steig inn og presenterte seg. Då ho fortalde at ho hadde med litt pengar til dei to organisasjonane, kom smilet forsiktig fram.

Ho delte fyrst ut ein sjekk på 85.000 kroner til styreleiar Jorunn Sekse i Grannatun, som tok imot med stor glede.

Alt då Terje Mala frå styret i Grannabryggjo gjekk fram for å ta imot deira sjekk, antyda Opheim at den lydde på noko meir.

gjen3Men då ho snudde sjekken, og dei fem nullane bak femtalet dukka opp, vart Mala ståande vantru med open munn ei heil stund. Til slutt fekk han summa seg og tok imot sjekken med ein god klem – og jubelen kunne sleppast laus.

At prosjektet deira hadde fått ein halv million kroner, hadde ingen av dei trudd i sin villaste fantasi.

Til saman har Gjensidigestiftelsen delt ut i overkant av 10 millionar kroner i Hordaland dette året. Av dei fall altså 585.000 kroner til Seksegrenda.

Grannatun kan no fullføra og finansiera eit større rehabiliteringprosjekt før tida. Det største taket har vore eit heilt nytt og topp moderne kjøken. Med sjekken, som Marie Opheim overrekte, kan dei no også finansiera eit skikkeleg musikkanlegg og varmepumper i salen oppe. Pumpene er faktisk alt komne på plass.

NYTT KJØKEN er på plass. Med sjekken på 85.000 kroner kan Kari Herstad, Jorunn Sekse, Dagfinn Børve og dei andre i styret i Grannatun finansiera også musikkutstyr og varmepumper.
NYTT KJØKEN er på plass. Med sjekken på 85.000 kroner kan Kari Herstad, Jorunn Sekse, Dagfinn Børve og dei andre i styret i Grannatun finansiera også musikkutstyr og varmepumper.

Med ein halv million til Grannabryggjo vonar Gjensidigetiftelsen å bidra med dei omfattande planane med utbygging av bryggje, molo, småbåthamn, badeplass, grillbenkjer og mykje meir.

Med dette vonar gjevaren også at innbyggjarane skal få lettare tilgang til sjøen og på denne måten leggja til rette for meir aktivitet og friluftsliv.

Grunnen til at nett desse to prosjekta fekk støtte i år, skuldast mellom anna ynskje om å få ein samlingsplass, ynskje om auka aktivitet og at det har vore ein svært god dugnadsinnsats i prosjekta.

JUBEL. Grethe Børve, Terje Mala og Karl Arvid Andersen hadde ikkje problm med å visa kva dei følte med ein halv million kroner til prosjektet sitt.
JUBEL. Grethe Børve, Terje Mala og Karl Arvid Andersen hadde ikkje problem med å visa kva dei følte med ein halv million kroner til prosjektet sitt.

Ei av grunngjevingane var, i fylgje Opheim, at området ved Grannatun har vorte ein endå viktigare samlingsplass enn før, etter at skulen vart lagd ned.

I søknadane viste både Grannatun og Grannabryggjo konkrete planar over kva ei eventuell støtte kunne utløysa. Søknadane var grundige og gjennomarbeidde og hadde med alle element og opplysningar som trongst. Noko som ikkje alltid er tilfelle.

Begge prosjekta skal vera med og skapa meir aktivitet og vera samlande for innbyggjarane.

Jola kom tidleg og svært godt på Sekse i år.
Jola kom tidleg og svært godt på Sekse i år.

«Det er nettopp slike prosjekt me leitar etter, og eg håpar at dette kan vera til inspirasjon for andre», sa Marie Opheim.

Dei glade mottakarane understreka kor viktig det var, nettopp for å koma i mål, og eller vidare, med prosjekta deira.

 

 Gjensidigestiftelsen

Gjensidigestiftelsen jobbar for å skapa eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn gjennom å støtta eldsjeler og frivillige organisasjonar. Som største eigar i Gjensidige med 62 prosent av aksjane, er stiftinga med og fører vidare 200 års forsikringshistorie i Noreg.

Frå etableringa i 2007 og til i dag, har stiftinga delt ut rundt 2 milliardar kroner til rundt 6000 ulike prosjekt for å fremja tryggleik og helse.

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.