Selde hytta – gav pengane til «Grannatun»  

 

«Ynskjet mitt er at pengane skal brukast til kjøkenet og taket på ungdomshuset», seier Odd Sveingjerd i dette intervjuet.

I fjor gav han over 600.000 kroner til «Grannatun». Han ynskjer ikkje nokon stor blest om det, men går likevel med på ein prat.

Odd Sveinsgjerd har alltid hatt eit nært fohold til "Grannatun" - i dobbel forstand- Foto.: Tale HausoOdd Sveinsgjerd har alltid hatt eit nært fohold til «Grannatun» – i dobbel forstand. Han har alltid hatt omsut for det, og så har han budd nærmast vegg-i-vegg med det, det aller meste av livet sitt.
Foto.: Tale Hauso

 Tekst: Johannes H. Sekse

 Odd Sveinsgjerd bur eit steinkast frå ungdomshuset «Grannatun». Her har han budd det meste av livet. Men det er fleire grunnar til at Odd alltid har vore knytt til ungdomshuset.

Han har mange gode minne herifrå. Ikkje minst gjennom ungdomslaget, som alltid hadde møta sine der. I tillegg til dei, minnest Odd mellom anna dei årlege kursa i folkevisleik og turdans i Grannatun – eller leikskeid – som det vart kalla på den tida.

Grannatun historisk
Landskapet rundt Grannatun har endra seg mykje på få år. Arkivfoto: Johannes H. Sekse.

Gammal tradisjon

Ungdomshuset har alltid vore brukt av ulike lag og organisasjonar – til alt frå styremøte, medlemsmøte til bygdafestar og offentleg dans. «Grannatun» sjølv har i alle år halde oppe den gamle tradisjonen med «Grannaveitle» fyrste helga i februar.

Odd var alltid god å ha som vakt på dansane. På dei tider var det ikkje langt mellom kvart slagsmål i løpet av ein laurdagskveld. Oftast var det berre nok at han viste seg i døra, så roa rebellane seg. Av og til måtte han ta i dei. Meir trongst det som regel ikkje.

Glad i fjellet

Som mange andre i grenda, var Odd glad i fjellet, antan det var i hytta på Svortetjørn eller lenger innover Vidda. I fleire år arbeidde han som fjelloppsyn. Med stor styrke og imponerande uthald, la han mange mil bak seg og utførde oppgåvene samvitsfullt og grundig – antan det var å kontrollera fiskekort, eller når ein sau stod fast i ei fjellhylle.

I fire-fem år hadde han jobb som vaktmeister, gartnar og altmogelegmann for Frank Mohn på den fråflytta fjellgarden Skår i Eidfjord.

Fjellgarden Skår med Eidfjord i bakgrunnen.
Fjellgarden Skår med Eidfjord i bakgrunnen. Her budde og arbeidde Odd i fleire år. Foto: Johannes H. Sekse.

Åra på Skår

Her budde han åleine, med ansvar for fem-seks sauer, hest og hund. Nede ved fjorden hadde han ein båt med ein liten påhengsmotor. Den brukte han når han skulle over fjorden til Eidfjord for å handla eller gjera andre ærend.

Ein gong fekk han den velse traktoren over foten. Det kunne ha gått skikkeleg gale. Det var lenge sidan den siste doktaren hadde vore på Skår, så han måtte på sjøen. Vêret var svært dårleg. Men til alt hell, gjekk det bra til slutt.

Han kom seg over fjorden og til doktar, som den gongen var Ulf Asting. Sjølv hadde han berre vore på Skår ein einaste gong tidleg i karrieren sin – i lakksko!

Før var det ungdomslaget, no er det eldrelaget. Odd til venstre.
Før var det ungdomslaget, no er det eldrelaget. Odd til venstre. Møta i eldrelaget er eit triveleg avbrekk i kvardagen. Foto: Johannes H. Sekse.

Går mykje

Både tida før og ein del år etter opphaldet på Skår, arbeidde Odd hjå byggmeister Johannes Røynstrand, seinare Røynstrand Entreprenør.

I dag er han pensjonist og syslar med ymse, både inne og ute. Han syter alltid for å ha rikeleg med ved, og det er alltid velstelt rundt huset hans.

Odd går mykje – og fort. For å halda seg i form, går han gjerne både ein og to spaserturar om dagen.  Av og til tek han ein avstikkar opp i lia, men stort sett held han seg etter Seksevegen og riksvegen. Det er ikkje mange som kan halda tritt med han, der ha stegar avgarde.

Sjølv ærend til Lofthus, gjer han gjerne til fots. Men etter at veganlegget ved Deildo starta opp, har han snudd ved bommen i Rosten.

 

Overskotet frå hytta

Som nemnt gav Odd ein større pengesum til «Grannatun» i fjor. I årsmeldinga for 2016, stod det at han hadde gitt «over 600.000 kroner». Den nøyaktige summen var 632.084 kroner, presiserer Odd.

Kvifor akkurat denne summen? spør me.

«Det var det eg fekk for hytta eg hadde på Vintertun», seier han, og legg til:

«Ho vart lite brukt så eg selde henne», forklarar han.

 

 0001

Bra oppmøte i eldrelaget.

Frå ungdoms- til eldrelag

Sjølv hadde nok til å klara seg i kvardagen, så han ville gjerne at pengane skulle koma nokon som trong det, til nytte. Valet fall på Grannatun. Han visste at dei var i ferd med ei kostbar og omfattande kjøkenvøle. I tillegg trong taket eit skikkeleg tak, for å seia det slik.

Odd er framleis innom Grannatun av og til. Men ikkje i ungdomslaget, for det er diverre lagt ned.

Fyrste torsdagen i kvar månad er det møte i eldrelaget. Det er godt å koma saman av og til, i god drøs, sosialt samver med god underhaldning og god mat. Ekstra godt vert det nok på torsdag den 7. desember, for då er det jolabord.

Me takkar for praten, og ynskjer god jol i vente.

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.