Grannabryggjo tek form

Luftfoto av Espen Bukve
Grannabryggjo. Luftfoto av Espen Bukve

På årsmøtet til Grannabryggjo i Grannatun 8. mars skal me ta stilling til framdrifta i anlegget. Styret har arbeidd med 3 leverandørar av bryggjer og har landa på Marinegruppen på Tysnes. I bassenget der bølgedempar skal liggja er det lagt ut ei kanne. Bølgedemparen på 112 meter skal gå frå piren og ut til denne kanna, derifrå vert det ein arm på 40 meter vinkelrett mot land.

Det er seld ca 35 plassar hittil. Anlegget er dimensjonert for 50 plassar. Her er det berre å melda seg på mens det er ledige plassar.

Midt på biletet er det pæla i sjøen. Dette er starten på eit flott bygdeprosjekt i regi av Føyk og Indre Austsio Grannalag. Desse to laga har løyvd kr 70 000 kvar. Ytterst  over sjøen der pælane står vert det ein trekai på ca 50 m2 og innanfor den vert det eit tilsvarande landområde. Her skal det murast og byggjast. Me vil binda saman dette området med badestranda. Me vil etterkvart samla bygde til dugnad slik at så mange som mogeleg kan føla eigarskap til denne nye samlingsplassen . Benkar , grill etc vil få sin naturlege plass.