Vellukka bos-aksjon

Torsdag ettermiddag samlast bortimot førti personar seg til dyst for å gjera fjøro rein for plast. Men dei fann mykje meir enn berreplast, og tok det med i same slengen.

 Av Johannes H. Sekse

Det var IAG som tok initiativet til denne aksjonen. Dei kontakta Indre Hordaland Miljøverk (IHM), som registrert IAG på det elektroniske skjemaet for plastinnsamling.

Biletet av ryddedamene Ingunn Meland og Grethe L Børve er teke på Einarhaug. (Foto: Karl Arvid Andersen).

Dei sytte for rikeleg med «Hold Norge rent»- sekkar og hadde fått på plass kontainer.

I løpet av nokre ettermiddagstimar, vart fjøro – og deromking – frå Deildo til Skjeldås – finkjemma for bos. Det vil seia at det også vart fjerna uhumske frå mellom anna veggrøfta.

SFO hadde baka masse bollar og Ingrid Svoldal kom med kake. Alt i alt vart dette ein stor suksess. Ikkje minst når ein i tillegg tek med det sosiale aspektet.

IAG-leiar Karl Arvid Andersen er ikkje i tvil om at dette må verta ein årleg tradisjon. Han takkar alle som stilte opp.

SFO hadde baka fantastisk gode bollar, og lagt ved eit eige helsingskort. Ryddegeneralen er full av lovord.

Klar til dyst. Her vert ossamlarane fordelte på grupper. Foto: Karl Arvid Andersen.

Terje Mala var ein av dei mange som gav sitt for ei rein fjøre.

Det sosiale, godpraten og kaffiiskvetten etterpå, var og viktig. Innsamlingsbasen var ved Grannabryggjo, som utan tvil vil vert ein kjær og populær møtestad for folk i krinsen i framtida. 

Kontaineren vart sikra med nett. Men det var slett ikkje plass til alt.

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.