Bryggeprosjektet til Føyk og IAG nærmar seg ferdig.
I dag har me laga føringskant rundt bryggja, montert 2 bryggestigar og hengt opp 2 nye redningsbøyar. Anve, Bjørn Terje og Karl Arvid har arbeidd med dette i dag. Grannabryggjo har ført fram ljos og straum til bryggja. Kjempebra !!! Må takka for den flotte dugnadsinnsatsen som mange har vore med på. Det som no står att for å fullføra bryggeanlegget er gjerde på muren i bakkant av bryggja.
Det har og vore diskutert ein Gapahuk under muren. Føyk har og i samband med denne lyst til å finna lagring av nokre kajakkar for barn og voksne. Dette vert i så fall eit eige prosjekt som Føyk og IAG kan samarbeida om. Her trengs det pengar før det kan realiserast.
Dette har vore eit flott prosjekt å arbeida med. Me har vist at me får til prosjekter uten å hjelp frå kommunen. Skal me ute på landsbygdene få til noko så må me arbeida for det sjølv. Me hadde besøk av ei dame frå Trondheim på gjennomreise gjennom Hardanger i dag. Ho «måtte» berre stoppa og skryta av denne flotte plassen og området me bur i !!
Me håpar at kommuneadministrasjonen ser at det i denne langstrakte kommunen fins mange perler som er vel verdt å ta vare på og innlemma i det gode selskap.